Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Sigrid Kjødnes Dalsøren, f. Luster 1873 - tente hjå Dedichen, Bjørnson og Ibsen i Christiania - flytte til Siusi (Seis) i Nord-Italia - detaljar om livet hennar og lagnaden hennar? - kva med broren Thomas i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utfordringane om dei to søskeni Sigrid og Thomas frå garden Kjøtnes i Luster har eg hatt liggjande sidan tidleg på 1980-talet og som eg den gongen ikkje greidde gjera noko meir med.  Kanskje det er enklare i dag?

 

Her er kva eg den gongen fekk tak i av opplysningar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Problemet er løyst, og eit oppdatert manuskript følgjer i innlegg #7!

 

Her er Sigrid Dalsøren i FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045010558

 

Her er Sigrid Dalsøren i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392077156

 

Seinare kjelder finn eg ikkje...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse søskeni!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Ann-Mary for skikkeleg spennande og nyttige innlegg!

 

Då har me fått greie på dødsfallet til Sigrid Dalsøren, og det ser ut til at det meste av opplysningane eg hadde frå før, stemmer bra med realiteten, unnateke at det tydeleg var hjå amansensis Georg Dedichen ho tente før ho kom til teatersjef Bjørnson...?

 

Avisartiklane greier eg ikkje å lesa; dei er for små, men inneheld dei noko særskilt?  Spesielt ville det vore spennande å lesa om «odyséen» hennar frå Oslo til Siusi frå 1932 der ho trefte «heimbygdingar» overalt...  Står det namni på dei?

 

No er eg sjølvsagt svært spent på om bror hennar vil dukka opp i Amerika...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja desse søskeni!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDMX-JLK

 

Name: Thomas Klingbenberg
Event Type: Death
Event Date: 28 Oct 1903
Event Place: Lodi Township, Mower, Minnesota, United States
Event Place (Original): Lodi, Mower, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 24
Birth Year (Estimated): 1879
Father's Name: Christopher N. Thomason
Mother's Name: Sig... A. Rolstad
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Spesielt ville det vore spennande å lesa om «odyséen» hennar frå Oslo til Siusi frå 1932 der ho trefte «heimbygdingar» overalt...  Står det namni på dei?

 

Det står stort sett ikke noe mer om Sigrid i artikkelen i Dagbladet enn det du kan lese i innleggene fra Ann-Mary.

Ingen navn er nevnt.

Endret av Sven Hjortland
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for kjempefine innlegg!

 

Kven skulle tru at Thomas kalla seg Klingenberg i Amerika?  Men bustaden høver godt, for i det nabolaget i Mower Co., MN hadde han skyldfolk!

 

Etter at eg i kveld fann litt biografi om Sigurd og Bergliot Ibsen, f. Bjørnson, har eg no fått samla tilstrekkelege opplysningar om denne huslyden, og her følgjer eit oppdatert manuskript, til erstatning for mauskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 2. Siri Christophersdotter Kjødnes, f. 21.9.1873,

Sigrid Dalsøren flytte i ung alder til farbroren Hans i Arendal, men fór før 1900 til Christiania (Oslo) der ho i mange år tente som kokke hjå amanuensis Georg Dedichen og sidan hjå teatersjef Bjørn Bjørn­son.  So vart ho kokke hjå forfattar Sigurd Ibsen og kona Bergliot f. Bjørnson, og med dei flytte ho i 1914 frå Noreg.  Dei budde fleire stadar i Tyskland, Italia og Sveits, men busette seg 1923 i Siusi i Sør-Tirol, Italia der Sigrid d. ugift 27.1.1935.

 3. Thomas Klingenberg Christopherson Kjødnes, f. 24.9.1876,­

Thomas Klingenberg utvandra til Amerika i 1900 og busette seg i Lodi township, Mower Co., Minn. der han alt 28.10.1903 sette livet til i ei jaktulukke.  Han var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.