Ole Christian Risdal Skrevet Januar 27, 2020 Del Skrevet Januar 27, 2020 https://media.digitalarkivet.no/view/10117/276 Sak nr. 3041- Dahlen. Står det noko om slektskapet mellom Ole og Peder Pedersen her? Eg trur dei er brør, men er ikkje sikker. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aud Sandbu Skrevet Januar 28, 2020 Del Skrevet Januar 28, 2020 Det er ikkje nemnt noko om slektskap mellom Peder Pedersen og Ole Pedersen, berre at Peder eig 5 skind og Ole 7 skinn i garden. Dette utgjer altså ei hud. Dei skal selja halve garden til Ole Olsen Kampesæter, altså 6 skinn, som løysast ved at Peder sel sine 5 skinn, medan Ole sel eitt skinn. Dei resterande 6 skinn som er andre halvparten av garden, skal Ole ha sjølv. Kjøpesummen er 210 rd for 5 skinn og 110 rd for eitt skinn, tilsaman 320 rd. Ole O. Kampesæter har dessutan vedteke å svare føderåd (etter tidlegare oppretta kontrakt) som heftar på gardparten han nå har kjøpt, men noko namn er ikkje nemnt der heller. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ole Christian Risdal Skrevet Januar 28, 2020 Forfatter Del Skrevet Januar 28, 2020 Ok. Tusen takk for det! Grunnen til at eg lurer på dette er at eg har ein liten mistanke om at denne Peder Pedersen kjøpte garden Bakkerud i 1758. Han var visst gift med ei Anne Pålsdotter. Her er den overdraginga, sak 561. Kan det vere den same Peder Pedersen? https://media.digitalarkivet.no/view/10118/79 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aud Sandbu Skrevet Januar 29, 2020 Del Skrevet Januar 29, 2020 Denne teksta seier dessverre ikkje noko om opphavet til Peder Pedersen. Berre dette: .... selger og overdrager fra mig og mine arvinger til Peder Pedersen Bacherud og hans arvinger en mig hidindtil eiende og av ham beboede gaarde plads Bacherud Skyld 3 skind med Bøxel ..... Men finst det ikkje skifte etter foreldra hans, som kan seie noko om dette? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ole Christian Risdal Skrevet Januar 29, 2020 Forfatter Del Skrevet Januar 29, 2020 Ok og takk igjen! Skal sjå om eg kan finne skiftet, men det er litt vanskeleg i og med at ein ikkje veit når foreldra døydde. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå