Gå til innhold
Arkivverket

Formyndarprotokoll Nordfjord


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg registrerer med glede at det er lagt ut mange slike protokollar; dei kan vere svært nyttige i mange tilfelle. 

Men kva er dei sortert under, i Finn kilde?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg låner tråden litt, og slenger på eit spørsmål til: Er det planar om å skanne desse også for Sunnfjord?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg registrerer med glede at det er lagt ut mange slike protokollar; dei kan vere svært nyttige i mange tilfelle. 

Men kva er dei sortert under, i Finn kilde?

 

Hvis du tenker kildekategori/kildetype, så er de lagt under Diverse kilder / Annen kilde.

 

Systemet med kildekategori/kildetype er ikke velfungerende, og vi ønsker å avvikle det, men det gjennomsyrer så mye av gammel programkode, at det ikke er gjort over natta.

 

Emneknaggene har vist seg mer anvendelige, og der finner du protokollene under emneknaggen "Formynderi": https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&format=all&t[]=59&archive_key=

 

5 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg låner tråden litt, og slenger på eit spørsmål til: Er det planar om å skanne desse også for Sunnfjord?

 

Nei. Det som nå skjer, er at vi publiserer en del skanninger som Statsarkivet i Bergen opp gjennom åra har gjort utenom utenom prioriteringene, noen ganger for andre formål enn Digitalarkivet. Det er derfor et lite lager av ymse skanna arkivmateriale som vi slipper ut i Digitalarkivet, men uten at vi kan forespeile mer av samme type arkivmateriale.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar. Eg får prøve å lære meg kva Emneknagg er og korleis det blir brukt 😄

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Takk for svar. Eg får prøve å lære meg kva Emneknagg er og korleis det blir brukt 😄

 

Emneknaggene har vært med oss noen år nå. Jeg tror det var sommeren 2017 at vi hadde en større metadatagjennomgang, som gjorde emneknaggene til et anvendelig søkeverktøy.

 

I Finn kilde kan emneknaggene framstå som litt bortgjemt, men i spesialinngangen for skanna arkiver har emneknaggene en mer fremtredende plassering.

 

Med emneknaggene kan man søke på tvers av arkiver og kildetyper etter arkivmateriale som har emnemessig likt innhold.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Kva meiner du med "spesialinngangen for skanna arkiver"?

 

Jeg har gitt eksempler på søk med emneknagger i "spesialinngangen" for skanna arkiver. "Spesialinngangen" er vel ikke noe offisielt navn, men jeg bruker betegnelsen om søkeinngangene som er tilpasset til og laget spesielt for skanna arkivmateriale: https://media.digitalarkivet.no/

 

Finn kilde er på sin side ikke særskilt tilpasset skanna arkivmateriale. Med det mener jeg først og fremst at trefflista i Finn kilde viser færre metadata enn "spesialinngangene", og at trefflista i Finn kilde sorterer treffene etter relevanskriterier som ofte ikke er intuitivt forståelige. Finn kilde har derimot den fordelen at den som søkeinngang omfatter både transkribert/søkbart og skanna arkivmateriale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

53 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg beklagar om eg er uvitande - men kvar på Digitalarkivets framside finn du denne inngangen?

 

Du er ikke uvitende, for den finnes (uheldigvis) ikke på framsida. Du må gå via menyen (de vannrette strekene øverst til høyre), hvor du kan velge "Skanna arkiver".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tipset; dette er ein inngang eg ikkje har visst om og aldri brukt. 

 

Men eg forstår framleis ikkje kvar emneknaggen kjem inn; på denne sida ser eg eit søkjefelt for bilde-id, ikkje noko anna. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Takk for tipset; dette er ein inngang eg ikkje har visst om og aldri brukt. 

 

Men eg forstår framleis ikkje kvar emneknaggen kjem inn; på denne sida ser eg eit søkjefelt for bilde-id, ikkje noko anna. 

 

Når en av våre mest erfarne brukere ikke kjenner denne inngangen, er det en tankevekker for oss. Da har du heller ikke brukt kirkebok-søket i denne inngangen, hvor du kan søke på f.eks. prestegjeld og sokn? Dette er inngangen som erstattet den gamle søkeinngangen (fra 2005) for skanna kirkebøker. Se https://media.digitalarkivet.no/kb/browse

 

Emneknaggene kommer inn i bildet når du fra https://media.digitalarkivet.no/ velger én av de tilgjengelige søkeinngangene. Se igjen mitt innlegg i går kl. 11.36 for eksempler.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er ærleg og innrømmer villeg at alt dette er nytt for meg, endå eg gjerne brukar DA minst 2 timar for dag. Skal eg bla i kyrkjebøker, går eg via Finn kilde og sorterer ut det prestegjeldet eg vil leite i; elles leitar eg etter folk i Avansert personsøk. 

 

Det kan godt hende at det seier mest om min evne til å holde meg orientert når det kjem endringar, men uansett: eg er tilhengar av det openberre og sjølvinstruerande, og ut frå den innstillinga ville eg forvente at det meste du treng er tydeleg til stades på framsida, utan at ein treng å gå inn i skjulte menyar. 

 

Men bevares, Digitalarkivet er uansett ei gullgruve for slike som meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg er ærleg og innrømmer villeg at alt dette er nytt for meg, endå eg gjerne brukar DA minst 2 timar for dag. Skal eg bla i kyrkjebøker, går eg via Finn kilde og sorterer ut det prestegjeldet eg vil leite i; elles leitar eg etter folk i Avansert personsøk. 

 

Det kan godt hende at det seier mest om min evne til å holde meg orientert når det kjem endringar, men uansett: eg er tilhengar av det openberre og sjølvinstruerande, og ut frå den innstillinga ville eg forvente at det meste du treng er tydeleg til stades på framsida, utan at ein treng å gå inn i skjulte menyar. 

 

Men bevares, Digitalarkivet er uansett ei gullgruve for slike som meg.

 

Takk for en meget nyttig tilbakemelding, som dokumenterer at disse søkeinngangene ikke er så kjente som de burde være. "Usynlighet" på Digitalarkivets framside er åpenbart en viktig grunn til det. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då nyttar eg høvet til å mimre og kommentere litt. Her er eit tilbakeblikk frå framsida til Digitalarkivet frå april 2016, kort tid før overgangen frå dei gamle visningsprogramma for skanna kjelder til nytt visningsprogram. Ein kan her sjå ein masse lenker der lenkene til gammal og ny versjon står side om side:

http://web.archive.org/web/20160415020625/http://www.arkivverket.no/Digitalarkivet/

 

Alle inngangane til nytt visningsprogram tek utgangspunkt i http://media.digitalarkivet.no, og eg brukar som regel denne inngangen framfor Finn kilde når eg er på jakt etter skanna materiale. Sjølv om ein brukar Finn kilde til å finne skanna kjelder vil ein når ein byrjar å bla sjå at adressa i adressefeltet i nettlesaren byrjar på http://media.digitalarkivet.no.

 

Finn kilde lar ein avgrense fylkes- og kommunevis. Den skanna inngangen for kyrkjebøker har ikkje mogelegheit for avgrensing på kommune, men derimot på prestegjeld og sokn. (Dei andre inngangane for skanna materiale tek utgangspunkt i 1947-kommunar). Dersom ein søkjer på eit gitt sokn skal ein få opp kyrkjebøkene uavhengig av kva prestegjeld dei tilhøyrde på kjeldetidspunktet. Eit søk på Hyllestad sokn vil f.eks. gje treff på kyrkjebøker frå Askvoll fram til Hyllestad prestegjeld vart oppretta.

 

I den gamle løysinga måtte ein derimot kjenne soknehistorikken for å vite at Hyllestad sokn hadde høyrt til Askvoll. Eg var tidlegare vant med å søkje på f.eks. Sogn og Fjordane og å få opp ei komplett tettpakka alfabetisk og kronologisk sortert liste over kyrkjebøkene for fylket. Skulle ein gjere tilsvarande i ny løysing ville ein måtte bla sidevis i det uendelege, og lista ville heller ikkje vere sortert. Ein annan skilnad var at ein tidlegare hadde nedtrekksmenyar, medan ein no må byrje å skrive i ein tom boks. Eg var kritisk då den gamle løysinga vart stengd, men etter å ha blitt vant med ny løysing tykkjer eg at denne er vel så enkel å bruke som finn kilde. Den lange lista frå gammal løysing har eg sjeldan hatt bruk for, og når ein klikkar i den tomme boksen kan ein faktisk sjå lista over tilgjengelege prestegjeld og sokn.

 

Når det gjeld framsida til Digitalarkivet, så finn ein ein stor tom boks for enkelt personsøk, samt lenker til avansert personsøk, finn kilde, søk i folketeljingane og listespesifikke søk for kyrkjebøkene. Elles er det meste vekkgøymt, og andre typar listespesifikke søk (f.eks. emigrantar) finn ein ikkje i det heile teke, desse er gøymt vekk på ei eiga side som aldri har vore annonsert, nemleg http://www.digitalarkivet.no/searches. Sidan dei gamle samledatabasane frå "gamle" Digitalarkivet blir stykka opp etter kvar enkelt kjelde er tilgang til slike listespesifikke søk kanskje viktigare no enn nokon gong før. Eg meiner at framsida frå 2016 var mykje meir intuitiv når ein skulle finne fram.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.