Gå til innhold
Arkivverket

SF (ja, eg nektar å skrive VESTLAND) Gloppen - har nokon ein god kandidat til Brite Ingebrigtsdtr, f.ca 1788, på Hauge i 1801 og kanskje på Solheim i 1815?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Ja, dermed fekk eg på plass nesten alt eg ville ha med - i overskrifta.

 

Eg finn Brite på Hauge i Gloppen her i 1801 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058409001448
 

Eg har tenkt at ho muligens kan vere dotter til den 48 år gamle Marte Arnedtr, men i så fall ikkje fødd i Gloppen. Ho er ikkje konfirmert her heller, men akkurat i dei aktuelle åra for konfirmasjonen er kyrkjebøkene litt slurvete ført. Marte Arnedtr trur vi at vi har identifisert som fødd på Rye; om ho er mor, er det i så fall hennar andre barn; ho har dottera Johanne Pederdtr i Gloppen i 1784 (henne har vi alle opplysningar om).

 

Så TRUR eg at eg finn Brite som tenar på Solheim i Gloppen i 1815. I denne tellinga har ho fått hengt på gardsnamnet Myklebust. 1815-tellinga har mange slike gardsnamn på folk som bur andre stader enn "heime", og i dei fleste tilfella har eg funne at det er snakk om fødestaden til personen, men det kan og vere bustaden dei nyleg kom frå, eller for yngre folk: Bustaden til foreldra, eller helst far.

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01072227001293

 

Her er ikkje finnarløn, men ein virtuell blomsterbukett til den som greier å finne ein god kandidat.

 

 

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dama du lenka til, Brite Ingebrigtsdtr Myklebust på Eid, har eg sett på som ei aktuell bestemor, men ikkje greidd å koble. Ho skal vere fødd ca 1747; så om ho skal ha barnebarn ca 40 år etterpå må både ho og sonen ha vore kjappe. 

 

Eg legg ut skiftet etter dama på Eid. SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0022a: Skifteprotokollar, 1813-1817, s. 250b-251a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201680253

 

Her er også 1801-tellinga, og døtrene her er omtrent på alder med den jenta eg leitar etter.

 

https://www.digitalarkivet.no/sk20081201680253https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058408000904

 

Eg slit litt med å finne sonen Ingebrigt fødd og tald, men han gifta seg i alle fall i 1802. Konklusjonen min så langt er at han er for ung til å ha barn i 1788/9.  https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000100895

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart døypt ei Brithe Ingebrigtsdtr. på Kjøllesdal i Davik 6.2.1788, med foreldre Ingebrigt Baltzersen og Synneve Larsdtr. (enke etter Ole Olsen Kjøllesdal): https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640050

Det var skifte etter Ingebrigt Baltzersen i 1795: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201650620

 

Ved FT1801 er Brithe ikkje ilag med mor og dei andre syskena (nr. 54-60): https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01058407000464

 

Brithe er nemnt i skiftet etter halvbroren Ole Olsen i 1827: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201690375

 

Det var skifte etter Synneve Larsdtr. i 1838: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201700407

 

Dette er berre eit skot i lufta frå mi side, men som du veit har Kjøllesdal-gardane og vorte kalla Myklebust.

 

Endret av Inge Nygård
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur eg kan sende den virtuelle buketten til deg, Inge - dette ser ut til å kunne gje meining. At Synnøve Larsdtr som enkje ikkje kan ha alle borna sine heime i 1801 er forståeleg, og då er det naturleg å sjå seg rundt i slekta for å finne stader å plassere eit av dei. 

 

Når vi då veit at mor til Synnøve Larsdtr, Brite Jondtr Endal, var frå Holvik i Gloppen, blir det ein logisk tanke at Brite på Hauge kan vere rette jenta. 

To av syskena til mor Brite var nemleg gifte til Hauge - og ved nærare ettersyn viser det seg at husfaren Nils Pålson Hauge i 1801 er syskenbarn til Synnøve Larsdtr.

 

Eg trur vi kan setje to strekar under svaret - takk igjen, Inge!

 

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit pittelite ápropos til deg gode Aase som nok eigentleg er eit mal ápropos her:

 

Eg ser at du og fleire andre gjerne brukar ei to-bokstavsforkorting for namnet på fylket (SF, Ho, Ro, FM, HM). Men, andre nyttar òg like ofte ei tre-bokstavsavstutting (SFj, Hrd, Rog, Fmk, Hmk).

Spørsmålet er jo då: Finst det ein mál for desse forkortingane? Har språkrådet sagt eller skrive noko om dette? Eller er det no 'fritt fram' her??

 

I takksemd, Terje

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er Sogn og Fjordane dessverre historie, så det er vel ikkje så nøye. Eg har alltid brukt SF, men om det er rett, anar eg ikkje 🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.