Gå til innhold
Arkivverket

SF Sogndal - kven er husmannen Jens Endreson Fimreite i 1801?

Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I samband med dette emnet ynskjer eg å finne ut om Jens Endreson Fimreite eller kona hans kan ha noko samband til Gloppen. Eg har leita forgjeves etter ei bygdebok å sjå, og kyrkjebøkene i Sogndal ut til å vere tungvinne å leite i. Er det nokon som kan opplyse meg her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjære Aase glopping (heiter det so på lokalmål?)

Her har du i alle fall vigsli til Jens Endreson og Martha Clemetsdotter, som i 1801 var plassfolk under Fimreite i Sogndal. 17.10.1781:

https://media.digitalarkivet.no/view/11656/66

Dei heitte då båe Klubben, som eg meiner er eit plassnamn under Nornes ...

Her er skiftet etter ein morbror hennar Martha Clemetsdotter (Klubben):

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001005696

Diverre er den solide databasen for Sogndal fjerna frå Digitalarkivet, so no er det verkeleg tungvint å leita etter folk i Sogndal!

Med venleg helsing frå Lars lustring som er heilt samd i at det ikkje kan tillatast å øydeleggja noregskartet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Diverre er den solide databasen for Sogndal fjerna frå Digitalarkivet, so no er det verkeleg tungvint å leita etter folk i Sogndal!

Meiner du databasane som Fylkesarkivet hadde for Sogn og Fjordane, eller er det fleire databasar som ikkje er søkbare i "nye" Digitalarkivet?

Dei gamle Sogn og Fjordane-databasane ligg her:

https://www.digitalarkivet.no/content/557/transkripsjonar-som-ikkje-er-publiserte-i-digitalarkivet

Vel vel, dei var kanskje ikkje feilfrie, men er likevel eit nyttig (og etter mi meining eit heilt nødvendig) verktøy for å finne fram i kyrkjebøkene. Det er mogeleg å søkje i excel-filene på eiga datamaskin, om du ikkje har prøvd dette er dette noko som du bør lære deg. (Datamaskina mi slit litt med dei store filene, men eg har prøvd å klippe ut/sortere det som gjeld dei områda som er mest interessante for meg og har lagra desse som eigne filer).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Jeg trodde att desse databasene for S.&Fj. som jeg brukte mye för var borte vekk, så takk for den Torbjörn. 👍

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Svehn Ruskelöv skrev:

En jordfestelse under "Norum" den 6 mars 1803, "Christi Jensdtr. Qvammen" 8,5 år gammel : https://www.digitalarkivet.no/kb20070515670123

Hjerteleg takk for den, Sven. Det tyder på at eg kan gløyme denne kandidaten og må leite vidare i Nordfjord.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn

Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.