Marit Wadsten Skrevet Februar 27, 2020 Del Skrevet Februar 27, 2020 Hei! I samband med at det er 50 år sidan Mardøla-aksjonen i år, er eg i gang med å skrive ei bok om denne viktige hendinga i norsk historie. Eg veit at det vart levert ei underskriftsliste frå Eresfjord (dåverande Nesset kommune i Romsdal) for vern av Mardalsfossen. Eg veit ikkje sikkert korleis eller om denne underskriftslista vart levert til departementet eller til den dåverande Industrikomiteen, men eg har grunn til å tru at den vart overlevert i samband med eit av møta delegasjonane frå Eresfjord/Eikesdal hadde med aktuelle politikarar og statsrådar våren 1970. Kan det vere at denne underskriftslista finst i arkivet? Eg har spurt Stortingsarkivet, og den finst ikkje der, så dei henviste meg vidare til Riksarkivet. Eg er elles interessert i alt som har med og som dokumenterer Mardøla/Grytten-utbygginga og Mardøla-aksjonen å gjere. Håpar de kan hjelpe meg med å finne fram til dette, dersom det finst. Helsing Marit Wadsten Eikesdal Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arkivverket - Anita Riise Skrevet Februar 28, 2020 Del Skrevet Februar 28, 2020 For oppslag i arkiva må du legge forespørselen inn i skjema i lenka under: https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning/andre-henvendelser#!/form/0 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå