Gå til innhold
Arkivverket

Kven var Maren Fur, eigar av jordegods i Fresvik i 1647?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

For året 1647 finn vi for mykje av landet eit skatteoversyn der gardar med  brukarnamn og eigarar med landskyld er med. Desse oppgåvene vart tolka og trykte av Norsk lokalhistorisk institutt. I alt er det 17 bind. Fresvik finn i bind 14 (Sogn og Fjordane), side 94–95 og 99.

For gardane som gjekk under samlenamnet Fresvik er Kongen førstebygslar, deretter kjem Maren Fur og Fresvik kyrkje.

Kven var denne Maren Fur?

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt frå Gards. og ættesoge for Luster kommune, Band II- Dale 1 Sokn (av Lars E. Øyane):

Maren Trudesdotter var kanskje opphaveleg frå Danmark. Ho må ha vore fødd kring 1575 og d. på Lavoll kring 1653. Gifte seg kring 1593 med Anders Larsson Fuhr, han var truleg fødd kring 1565, kan henda i Sønder- Jylland i Danmark, og d. på Fuhr kring 1630. Anders Larsson ser ut til å vera komen til Luster som fut kring 1600 og busette seg på Fuhr på same tid. Han vart kring 1612 eigar av ein del av garden, og i åri som følgde, kom han til å kjøpa opp store mengder jordegods både i Luster og i andre bygder i Sogn, så han til sist vart ein av dei største jordeigarane som nokon gong har butt i Sogn. Maren heldt fram med drifti nokre år, men flytte kring 1634 til nabogarden Lavoll, der ho budde siste leveåri sine. Maren og Anders m. familie, er på eit epitafium, som heng i Dalekyrkja (fekk ti born; tre søner og sju døtrer). 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.