Gå til innhold
Arkivverket

Orkdal/ Melhus (?)/ Stjørdal: Fotografi av Inga Marie Nørdtømme Richer (født 1877) i Orkdal og kanskje John (1846-1914), Elen (1858-1944) og Martin Wold (1903-1986) i Melhus. Nokon som vil ha bileta?


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Eg har kjøpt to gamle rammer i Oslo med gamle fotografi inni.

 

Det fyrste er eit barnebilete som det bak på ramma var skrivi «Marie Richter født Nordtømme». Det må vere Inga Marie Nordtømme, gift Richter, jf. Stamtavle over slægten Richter, side 39:

https://www.nb.no/items/6673568348bc55bf1c142bcde314864a?page=43&searchText=Inga

 

På det andre bilete er det tre personar og det notert namn på baksida, men pga. at biletet er tilklipt for å få plass i ramma, står det igjen berre «Elen Wold» og «Martin». Atelieret er E. B. Hagen som eg så vidt eg kan sjå, hadde atelier i Stjørdal kring 1910.

 

Eg finn på Myheritage at det er registrert ein familie i Melhus med John Torgersen Wold (1846-1914) og kone Elen Olsdotter født Skauge (1858-1944). Av deira 10 born, heiter den yngste Martin (1903-1986). Eg veit ikkje om dette er rett familiem, men den kan passe aldersmessig.

 

Eg vil gjerne gi bort bileta til nokon som har interesse av dei. 

 

4FD38103-E7B4-4C27-9919-E66E6BA49F1A.jpeg

CE13DBD2-0E0F-45C3-9C4D-87AD41AD27AF.jpeg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.