Gå til innhold
Arkivverket

Grue/Hedmark–Madison/Chicago: Når dør Gunnerius Ulriksen (Hammer) f.1800, Grue, i Madison 1870, når dør svigerdtr Anne Skytre f.1831, Grue, truleg d.e.1891 (Chicago), kva var lagnaden til dottera Karen f.1835, Vang – utvandra 1873?


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Gunnerius Ulriksen var fødd på Kongshov i Grue og døypt 11. juni 1800 i Grue:

Brukslenke for sidevisning (døypte nr. 58, Grue 1800):

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603250129

Permanent bildelenke:

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603250129.jpg

 

Han vart gift 27. juni 1822, Grue med Malene Gjerdrum Lützow og fekk 9 born med henne. Dei budde på Bjørke i Grue, Arnkvern i Furnes og så på Hammer i Grue før ho døydde i 1864 og han utvandra til USA same året.

 

I 1870 bur han saman med sonen Elliot (nemnt som Ed) Hammer og familien hans i Madison:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN94-57R

 

I 1880 bur Elliot i Chicago og Gunnerius bur da ikkje saman med familien så han er kanskje helst død da:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MXJM-DVP

 

Gunnerius hadde rett nok også to døtre og ein annan son som utvandra til USA. Den eine dottera er død før 1880, og han bur ikkje saman enkemannen til dottera eller den andre dottera i 1880. Den andre sonen kom til Hawaii kring 1878 og der var det ikkje gjort noko folketeljing i 1880. Det er kanskje uansett ikkje så sannsynleg at Gunnerius har teke vegen heilt dit.

 

Sonen Elliot Hammer var fødd som Ole Elliot Ulriksen i Grue 9. mai 1829 og vart gift der 29. mars 1853 med Anne (i USA kjent som Anna) Olsdotter Skyttre fødd 19. mai 1831, Grue 

Brukslenke for sidevisning (døypte 1831, nr. 178):):

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603260350

Permanent bildelenke:

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603260350.jpg

 

Elliot og Anne utvandra til USA i 1862 og Elliot er nemnd som «married» da han døydde i Chicago 3. april 1891 og eg går derfor ut at Anne (Anna) levde da? 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7WY-Y4D

Grava hans er registrert på findagrave:

https://www.findagrave.com/memorial/123354402

 

På findagrave er han kobla som ektemann til Hannah Sophie Hammer som døydde i 1901, men så vidt eg kan forstå er det berre pga. etternamnet. Gravene har heilt ulike referansenummer og eg koblinga er feil. Ved dødsfallet til Hannah Sophie er ho også nemnt som «married»:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7DP-L2K

 

Eg har ikkje funne dødsfallet til Anne/ Anna og har ikkje funne henne i 1900. Det ei Anna Hammer i rett alder som bur i Black River Falls i 1900, men Emlie Wald kan ikkje vere dotter til Elliot og Anna.

 

Endeleg hadde Gunnerius også ei dotter Karen som var fødd 10. jul. 1835 på Arnkvern i Furnes og døypt i Vang 9. aug. same året:

Brukslenke for sidevisning (døypte nr. 58, Grue 1800):

https://www.digitalarkivet.no/kb20051003010095

Permanent bildelenke:

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051003010095.jpg

 

Ho er nemnd i ei oversikt over prostituerte i Christiania i 1860-åra (nemnd som Karen Gunneriusdatter (Ulriksen) side 201) og fekk ei straff på 3 år og 3 månadar i 1863. Ho bur i 1865 på Tukthuset i Christiania:

https://www.digitalarkivet.no/pf01038027007662

 

Eg har funne ho som fadder for ei brordotter i Christiania i 1867, men ikkje i folketeljinga i 1875. Det er vel truleg henne som utvandra til USA med reisemål Chicago i 1873, sjølv om alderen (36 år, dvs. fødd ca. 1837) ikkje er heilt korrekt:

https://www.digitalarkivet.no/pe00000000927420

Eg har ikkje klart å finne henne i Chicago/ USA i folketeljinga i 1880.

 

Er det nokon som klarer å finne ut når Gunnerius og svigerdottera Anna døydde og er det mogleg å finne igjen Karen i USA (dersom det var henne som utvandra i 1873)?

 

 

 

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

11 hours ago, Per S. Nestande said:

Eg har funne ho som fadder for ei brordotter i Christiania i 1867, men ikkje i folketeljinga i 1875. Det er vel truleg henne som utvandra til USA med reisemål Chicago i 1873, sjølv om alderen (36 år, dvs. fødd ca. 1837) ikkje er heilt korrekt:

https://www.digitalarkivet.no/pe00000000927420

Eg har ikkje klart å finne henne i Chicago/ USA i folketeljinga i 1880.

 

Er dette Karen? Fra Bergen?

 

Karen Ulriksen

 in the New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957

Name:Karen Ulriksen

Arrival Date:3 Oct 1873

Birth Date:abt 1837

Age:36

Gender:Female

Ethnicity/ Nationality:Norwegian

Place of Origin:Norway

Port of Departure:Bergen, Norway

Destination:United States of America

Port of Arrival:New York, New York

Ship Name:Hakone Maru

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk! Ja, dette kan nok vere henne og ut frå namn og alder vere identisk med Karen fødd i Vang jamvel om det vel ikkje kan seiast å vere hundre prosent sikkert. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette familien i  US Census 1870 - da familien bodde i Madison, Wisconsin? - legger for ordens skyld inn lenke: 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN94-57V

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-D8W?cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN94-57V

 

Name: Ed Hammer
Event Type: Census
Event Date: 1870
Event Place: Madison, Dane, Wisconsin, United States
Event Place (Original): Madison, ward 3, Dane, Wisconsin, United States
Gender: Male
Age: 30
Race: White
Birth Year (Estimated): 1840
Birthplace: Norway
Page Number: 41
Record Number: 26355

Household Role Sex Age Birthplace
Ed Hammer   M 30 Norway
Anna Hammer   F 30 Norway
Gunder Hammer   M 16 Norway
Ella Hammer   F 14 Norway
John Hammer   M 8 Wisconsin
Ole Hammer   M 6 Wisconsin
Oliver Hammer   M 4 Wisconsin
G Hammer   M 70 Norway

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.