Gå til innhold
Arkivverket

Mattis Andersson Lunde og Mattis Andersson Ytre Lunde


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

I BB til Aaland 2.3.1 er det ein person som synest å bu på og drive to gardar.

Det gjeld Mattis Andersson Lunde. Under Bergside-Lunde er ein Mattis Andersson brukar i 1690 av halve garden. Han er sagt å ha døydd 80 år gammal i 1745. Han åtte 21 merker smør løyst frå Tonningætta. Kona hans heiter Kari Jetmundsdatter. Dei har ein son Anders f. 1703 og død 1768,  https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461792 ,  som tek over garden. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640513  Kona hans er Berte Rasmusdatter, d. 1763.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640510 Eg har ikkje funne skifte etter Anders eller Berte.

 

Den andre er Mattis Andersson Lunde, på Stryne-Lunde, Endrebruket, Ytre Lunde 2, også han død 1745, bygsla i 1700 bruket av Kristoffer Rustøynar og medervingar, skøyte 1709 på 9 merker smør med Absalon Finde. Broren Rasmus budde på Sunnmøre. Kona han var Kari Jetmundson (Rand). Han hadde sonen Anders, f. 1702 og død 1764,  https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461584 ,  gift med Malene Jakobsdatter. Skifte 30. september 1764  https://media.digitalarkivet.no/view/24231/418

 

No er spørsmålet om Mattis Andersson Lunde og Mattis Andersson Ytre Lunde er same mannen. Det ser vitterleg slik ut. Dei døyr same året og begge er gifte med ei Kari Jetmundsdatter, og dei har begge ei son, Anders, som tek over kvar sin gard. Og hadde denne Mattis to søner med namnet Anders, fødde med eitt års mellomrom, den eldste brukar på Berge-Lunde og den andre på Endrebruket, Ytre Lunde 2.

Kan nokon hjelpe meg å finne ut av dette?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1701 er der en Matties Andersen 36 aar paa Lunde Opsitter og en  Matties Andersen 26 aar paa Yttr Lunde opsitter,ingen sønner er nemndt, hvis det er BB og Aaland du har disse opplysningene om koner og dødsaar, så har han nok blandet disse 2 ihop, mange tilfeller i Nordfjord der han blander sammen personer og koner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der er skifte efter Jetmund Olsen i 1710, det viser at datteren Karen var gift med Mattias Andersen Lunde. Se i Skifte i 1744 Mattis Andersen Lunde side 65.

Endret av Rune Bergesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så vidt eg greier å tyde skiftet frå 1744 står det ikkje der kven Mattis Andersen var gift med, og heller ikkje kven sonen Anders var gift med, eller er det eg som les dårleg? 

Kvar finn eg skiftet etter Jetmund Olsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er heller ikke så flink til å lese skifter men jeg prøver.

Skifte til Mathis Andersen Ytre Lunde er dater 1 oktober 1845.

 

Navnene jeg leser er.

Hustru Kari Jetmundsdatter

søn Anders Matisen

søn Hans Matisen 42 år

søn Jacob Matisen 33 år

Ane Matisdatter

Klare(?) Matisdatter 29 år

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk Leif. Då ser vi at Mattis si kone var Kari Jetmundsdatter, men kona til sonen Anders står ikkje nemnd i skiftet, men dersom eg les rett, står det at han er gift.

 

I skiftet etter Jetmund Olsen Støvereid,  https://media.digitalarkivet.no/view/24220/100  , ser eg at Mattis Andersen er gift med dotter til Jetmund, Karen. Men er det snakk om Mattis Andersen Lunde eller Mattis Andersen Ytre Lunde, for begge er vel nemnde Lunde?

 

Endret av HelgeHånes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.