Gå til innhold
Arkivverket

Kva skjedde med barneflokken til Peder Olson Stegen i Fresvik i Sogn?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Peder Olson Stegen Bøtun 1779-1834 var gift med Gjørid Rasmusdtr frå Hafslo 1778-1813 og deretter med systera Ingeborg 1780-1866. 

Han fekk borna Ola fødd i 1808

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/222

og Ingeborg 1811 med første kona.

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/18

 

Med andre kona fekk han

Kari 1814   https://media.digitalarkivet.no/view/11569/53

Gjørid 1817  https://media.digitalarkivet.no/view/11569/70

Rasmus 1819.  https://media.digitalarkivet.no/view/11569/111

 

Me kjenner ikkje til kva som skjedde med nokon av borna. 

Det var eit skifte  som ein finn i pantebok 14 side 563a, men klarer ikkje tolka teksten her.

 

Er det nokon som kan hjelpa til med å finna ut kva som skjedde med dei 5 borna?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

 

Her er en kandidat

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000364001

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8344/152

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249025097

 

Usikker på om det er samme mann som her er avdød.

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000582542

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Han fekk borna Ola fødd i 1808

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/222

 

??????????????

Kan det vera han som døyr her:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001350980

Og her i kyrkjeboka - venstre side:

SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 6, 1810-1838, s. 7
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070511630460

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rasmus enda nok i Bergen, ser ut til at dette er rette mannen. Han budde på Arbeidsanstalten då han døydde. Var det ein plass for fattige eller hadde det noko med straff å gjera.

 

Den Ola Berdal som du fann, Jostein, er nok son av ein gardbrukar i Berdal i Feios og dermed ikkje den eg er på jakt etter. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har prøvd å sjekka konfirmasjon til borna men klarer ikkje finna noko i kyrkjebøkene, heller ikkje Rasmus som Ivar fann att i Bergen.

Faren Peder Olson skulle vera død i 1834 og Ingeborg Rasmusdtr i 1866. Heller ikkje dei to finn eg i kyrkjebøkene.

Er det nokon som klarer finna desse to i leikanger eller kan dei vera flytte frå Leikanger etter 1819?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette ser lovande ut! Familien må altså ha flytt til Bergen før 1834 då faren døyr der. Det kan også forklara kvifor eg ikkje finn konfirmasjonn til nokon av borna i kyrkjebøkene for Leikanger. 

 

Viss Ola fødd i 1808 levde opp burde eg funne konfirmasjonar frå ca 1824 og utover. Kanskje kan familien ha flytt alt før den tid. Takk for hjelpa så langt! Finn du/de ut meir, er eg takksam for all hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Ivar Moe skrev:
3 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

og Ingeborg Rasmusdtr i 1866. Heller ikkje dei to finn eg i kyrkjebøkene.

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000912335

 

Er litt usikker på om dette kan være rett Ingeborg.I 1865 er hun gift med Mikkel Iversen og med fødselsår 1796.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038248001487

 

Andre giftemål nederst på siden. Var hennes far Rasmuns Andersen ? Står en del tekst ute til høyre som jeg ikke klarer å lese

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038248001487

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er i hvert fall de to vielsene til Peder Olsen, gift i Sogndal begge ganger.

 

Med Gjørid: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002055217

 

Med Ingeborg: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002190271

 

Giørri Rasmusdatter ble døpt i Hafslo 29.5.1778 (uekte) av foreldre Rasmus Andersen Kalhaven og Kari Jørgensdatter

 

Ingeborg Rasmusdatter ble døpt i Hafslo 25.12.1780 (uekte) av foreldre soldat Rasmus Andersen og Kari? Jørgensdatter

 

Foreldrene ble gift i Hafslo 10.11.1783 som Rasmus Andersen Kvam og Kari Jørgensdatter Børtnes, men fra ca. 1786 var de husfolk på plassen Grøt under Nes i Sogndal. Siden dette er ei slekt fra Hafslo vil jeg tro at Lars Øyane har skrevet om familien i en av bygdebøkene for Hafslo. Han har også med etterkommere til de som er født i Hafslo, så jeg vil tro at barna til de to Rasmusdøtrene vil være fulgt opp i bygdeboka. Hvis han ser dette så vil han sikkert hjelpe deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ut frå konfirmasjonen til Gjøri så var dei busette i Bergen i 1833. Kanskje er også dei yngre borna konfirmerte i Bergen. Veit no at iallfall Gjørid og Rasmus levde opp.

Ingeborg var enkje då ho døydde i 1866, så er vel neppe den Ingeborg du fann, Ivar . Fødselsåret er 1796, og ho eg er på jakt etter var fødd i 1780. Men også der er det noko som ikkje stemmer.  Terje fann dåpen i 1780, men seinare er fødselsår berekna til 1789. Kan Rasmus Andersen hatt to døtre med namn Ingeborg?

Håpar Lars Øyane kan oppklara det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Peder Olson Stegen Bøtun 1779-1834 var gift med Gjørid Rasmusdtr frå Hafslo 1778-1813 og deretter med systera Ingeborg 1780-1866. 

Han fekk borna Ola fødd i 1808

 

Hva med denne Ole Pedersen Hofe. Riktignok 8 år feil f. år, men Hofe og Hov er samme gården/stedet ?

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052302002028

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

To mødre: Må vera ei feilføring, kan sjå ut som rette mora er førd til seinare, trur eg iallfall.

 

Ivar, den Ole Pedersen Hofe er ein annan husmann under Hov i Fresvik. Har sjekka ætteboka. Ikkje heilt enkelt med så mange like namn.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, eg oppdaga nettopp dette emnet og kan leggja til følgjande, som er skrive som eit tillegg under gnr. 51, Hengesteg i Luster - husmannslassen Bjørkestegen:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg visstnok frå Stølås, og kona Eli Zachariasdotter frå Rud på Kaupanger, Sogndal, og vart døypt i Leikanger 1.1.1738. Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739.  Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen.  Her vart dei buande til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid.  Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1.

Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der

 

##### (bustaden deira i Lærdal?)

 

men kring 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster.  Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815.  Dei fekk fem born i lag:

a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster.

b. Torger Olson, døypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789.

c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hov i Fresvik, Leikanger 4.7.1848.  Hans gifte seg i Fresvik, Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå Sagi under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780.  Ho d. som husmannskone på Hov 12.2.1846.  Hans og Lussi var husmannsfolk på ein plass nder Hov i Fresvik, Leikanger, kan henda på Øybøen, og fekk tre born i lag.

d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814.  Christen gifte seg i Fresvik, Leikanger 10.11.1805 med Christi Olsdotter frå Hatlelien, døypt i Leikanger 12.9.1773.  Ho d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845.  Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782.  Han d. som husmann på Bøtun 9.9.1830.  Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen.  Christi fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre.

e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813.  Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789.  Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen.  Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834.  Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen.  Han vart døypt i Hamre 25.10.1793.  Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866.  Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866.  Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Det stemmer, som Ivar òg seier, at eg følgjer utflyttarar frå Luster kommune, men eg er nøydd til å avgrensa meg (elles vefrt eg aldri ferdig...), so eg tek med første generasjon som er fødd etter at huslyden forlét kommunen/prestegjeldet og nemner talet på born i neste generasjon, dersom dette er kjent.  Eg syner elles til dette emnet frå 2018:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/225420-ole-hansson-bøtun-1742-1815-frå-lagmannsås-i-fresvik-til-luster-so-til-lærdal-og-attende-til-bøtun-i-fresvik-kven-var-foreldri-hans-kven-var-svigerdotteri-kirsti-olsdotter-ei-utfordrande-huslyd/?tab=comments#comment-1913924

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Fann flytting frå Fresvik til Sogndal i 1821

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/334

 Det tredje barnet - nr 20 - er innførd som ein son - utan alder - kva er namnet?

Etter ditt oppsett burde det ha vore dotra Kari - 6/7 år gamal.

 

Det er kanskje / truleg ei feilinnføring?

Og ja - dei hadde ei dotter Kari - heimedøpt - Daaben confirmered 14. august:

SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 6, 1810-1838, s. 389
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070511640050

 

Men Lars skriv elles at Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være Kari som gifter seg 16-5-1842 i Nykirken, far er smed Peder Olsen. Ser ut som hun har fått f.data til Gøri ??

 

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 1, 1834-1861, s. 34
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070301680318

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000193807

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.