Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp til å finne opphavet til Ingebrikt Endreson og Eli Olsdtr. Terdalen i Kinn, S. og Fj.


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Ingebrikt og Eli vart gift i 1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11532/437

Adressa til Ingebrikt var då "Saugen", dvs. Terdals-sagen (plass under Terdalen). Eli er oppgitt til då å opphalde seg i Tirdahl.

 

Noko er kjent ang. Eli. Ho vart dpt. i 1757 og far er oppgitt til å vere Ole Terdalen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005052116

Men kven var Ole Terdalen? Det budde ein Ole Helgeson der, men skiftet etter i 1795 han oppgir ingen dotter Eli. Eli Olsdtr. levde til 1843.

Det budde óg ein Ole Andersson (?-1763) i Terdalen omtrent på same tid, men kona hans, Elisabet Haldorsdtr.,  var fødd for tidleg (ca. 1701-1761) til at Eli kunne vore dottera hennar. (eller?)

Etter det eg kan sjå er det ikkje skifte etter Olav Andersson eller Eliabeth Haldorsdtr.

Eg har forsøkt å få hjelp til å finne Eli Olsdtr. før på forumet, men utan hell:

 

Det vart ikkje dpt nokon Ingebrikt Endreson i Kinn i tidsrommet 1730 til 1780. Ingebrikt var ellers eit uvanleg namn i Kinn, men meir vanleg andre stader i amtet.

Det var 8 med namne-kombinasjonen Ingebrikt og Endreson i heile landet 1801, og berre 1 i Sunnfjord.

Ingebrikt vart fødd om lag 1741 (oppgitt alder i FT 1801 er 60).

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHQD-5R9

 

Name: Engelbert Faaer
Event Type: Christening
Event Date: 5 Aug 1742
Event Place: Vestre Slidre, Oppland, Norway
Event Place (Original): Vestre Slidre, Opland, Norway
Gender: Male
Father's Name: Endre Faaer
Mother's Name: Thyri Nielsdr

 

 

Kan denne følges videre?

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for interessant svar, Sven! Eg har døme på at andre har kome frå dei kantane av landet til Kinn

Men korleis følge den vidare....?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar!

Ja, eg har dåpen til alle borna. Namnet på fadrane gir heller ingen peikepinn på kor Ingebrikt kom frå. 

Eg er ikkje heime no, så eg hugsar ikkje i farten kva for ein Ole Johanne var dotter til, enten Ole Helgeson eller Ole Andersson. Men Eli kunne ikkje vore dotter til nokon av dei (som forklart i innlegg nr 1), med mindre Elisabeth Haldorsdtr fekk born når ho var i slutten av 50-åra. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johanne var dotter til Ole Helgeson og Borni Jonsdtr. Eli er altså ikkje nemnd i skiftet etter Ole i 1795.

 

På ‎12‎.‎04‎.‎2020 den 22.47, Sven Hjortland skrev:

 

Når det gjeld denne Ingebrikt frå garden Saltre i Hjørundfjord er han å finne på side 561 i ei av ættebøkene frå Hjørundfjord : https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016121348597?page=563

Der er det nermnt ein Ingebrikt i 1762 (over 12 år) son av Endre Pederson. Endre gifter seg for 2. gong og får ein son som óg vert kalla Ingebrikt (f. 1766). Det er mulig at den eldste Ingebrikt dør før 1766.

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du sjekket om det kan finnes noen samband med desse i "Davik" :

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tips, Svehn!

Ingebrikt kunne vore son til Endre Endreson (død 1783) (son av Endre Ingebriktson Årdal) og 1. kona Ragnhild Knutsdtr. (død 1758) busett på bruk 11 under Refvik.

Endre var gift 2. gong med Brite Andersdtr. (det står Pedersdtr i skiftet)  iflg. "Nordfjord frå gamle dagar til no" https://www.nb.no/nbsok/nb/65e66d6d925dd7e16605f083fe423fda?lang=no#367

 

I skiftet etter Endre Endreson i 1783 på Refvik er det ikkje nemnt ein son Ingebrikt: https://media.digitalarkivet.no/view/24236/395

Er sonen Endre frå 1. ekteskapet og dei andre borna frå det 2.? Ut frå alderen på dei nemnde borna er det vel kanskje slik?

 

Har ikkje funne skifte etter Ragnhild Knutsdtr.

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjekk slutten på skiftebrevet etter Ole Helgeson.  Er det ikkje dottera Eli som er nemnd der?

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har du heilt rett ! Mange takk. Leif!!

Er ikkje så bevandra i å lese skifter, og trudde at alle arvingane vart lista opp heilt først i skiftet, like etter enkja (i dette tilfellet).

Ser også at dottera Johane står oppført på slutten, ei dotter som eg trodde var død før 1795!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.