Gå til innhold
Arkivverket

Arne Halkjellson Vinje og Brit Knutsdatter Hole og ei svensk kone


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

 I BB for Sunnylven og Geiranger II, side 513-514 står følgjande å lese: 

Arne Halkjellson Vinje vart fødd på Vinje i Geiranger. Han var son til Halkjell Arneson Vinje. Mora er ukjent.

Ved manntalet i 1666 er Arne brukar på Vinje og 27 år.  Arne, som då var ungkar, fekk i 1667 barn med tremenningen sin Brit Knutsdatter Hole. Han vart dømd til å røme landet på livstid, men fekk domen omgjort slik at han slapp med å røme frå bispedømet eit års tid til bergverka på Røros. Men han måtte betale etter "yderste formue".  Brit var dømd til eit år på fiskeværa i Nord-Norge.  Truleg vart Arne og Brit gifte seinare. Arne vart ein akta mann og var i mange år lagrettemann.

Arne og hadde desse sønene ved folketeljinga i 1701: Sjur på 25 år, som tente hos Peder Mølsæter, Ivar på 20 år, Arne på 18 år. I tillegg til desse hadde Arne visstnok sønene Ole og Peder. Ivar var korporal. Ved mønstringa i 1709 er nemnt at han hadde vore på Røros i 8 år. -- På Røros blei han gift med ei frå Sverige. Ei av døtrene deira, Jartrud, blei gift med Knut Stadheim. 

 

Slik eg les dette forstår eg det som at det er Ivar, son til Arne, som hadde vore 8 år på Røros, der hadde gifta seg med ei svensk kvinne og hadde dottera Jartrud, som vart gift med Knut Stadheim. Men eg ser av diverse slektsider på Geni at andre har tolka dette som at det er Arne Halkjellson sjølv som hadde vore 8 år på Røros og hadde dottera Jartrud. Eg har funne jordfestingsinnføringa for Jartrud i 1749, og der er ho nemnt Giertrud Arnisdatter Stadem, 48 år gammal. https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640424 (Øvste innføring s. 157, høgre del).  Det vil då seie at Jartrud er Arne si dotter og ho er fødd i 1701 eller deromkring. 

Spørsmålet er då om ho verkeleg er Arne Halkjellson Vinje si dotter, og i så fall, var denne svenske kvinna Arne si andre kone? I følgje skattelistene som er siterte i BB s. 513: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008062304010?page=514  er Arne brukar på Vinje i 1677 og også i 1700. Slik eg forstår det BB skriv tyder det at Arne har vore på Røros i tida mellom 1701 og 1709, og at denne svenske dama var andre kona hans. For alle deiu andre borna hans er fødde før 1700, den eldste, Sjur, så tidleg som rundt 1676 etter det som står i 1701-teljinga. Er det råd å finne ut av dette?

Bygdeboka antydar også at Arne vart gift med tremenningen sin, Brit Knutsdatter Hole, og at ho er mor til alle sønene til Arne fødde før 1701. Dersom det er tilfelle skulle det vel foreligge et kongeleg bevillingsbrev, elles kunne vel tremenningar ikkje gifte seg? Er det råd å finne slike bevillingsbrev?

Kva skjedde med det barnet som vart fødd i 1667? 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arne Halkjellson Vinje var fødd på Vinje i Geiranger. Halkjell Arneson Vinje var faren og Birgitta Nilsdtr frå Vereide var mora (ikkje bestemora, slik det står i bygdeboka).

Han fikk i 1667 dom for eit leiemål med Brit Knudsdtr Hole, og dei var i tredje ledd beslekta. Men Arne Halkjellson var då allereide ein gift mann med barn. Han står fram på tinget, seier det skjedde i drukkenskap, og ber seg fri frå røming, då ellers hans tungdrivne jord vil bli liggande aude og kone og barn må be om brød for kvarmanns dør, som han uttrykkjer seg.

Domen vart bot og 1 års røming, han til bergverka sønnafjells og ho til fiskeleia nordafjells.

Arne Halkjellson kjem tilbake til Geiranger og Vinje og får fleire born, sannsynlegvis med same kona. At han “truleg” skulle verte gift med Brit Knudsdtr ser eg på som fiksjon frå bygdebokforfattaren. Men han må ha blitt gift på nytt med ho som vart mor til yngste dottera, Jartrud fødd ca 1701. Arne Halkjellson var då rundt 60 år gammal. I 1709 vert ein del menn stemna for ikkje å ha møtt til sesjon. Om sonen Ivar Arnesen heiter det då, at han har vore på Røros i 8 år og at han fikk sitt giftemål i Sverige. Eg trur ikkje bygdebokforfattaren har meint at Jartrud var dotter til Ivar Arnesen, men det kan forståast slik på måten det er skrive. Og ingenting tyder på at Arne Halkjellson har hatt ei svensk kone.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, der finst ikkje skifte etter Arne Halkjellson og eg veit heller ikkje kva tid han døyr.
Men sommaren 1709 skøyter han garden over på sonen Ole Arneson, og er ikkje nemnd i skoskatten i 1711.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom eg har forstått BB rett så var Arne ugift og 27 år gammal ved manntalet i 1666. I tillegg til han sjølv budde det berre ein dreng og ein husmann på garden. Leiermålet med Brit Knutsdatter Hole skjedde i 1667 såvidt eg har forstått, og Arne forsvarar seg i retten med å nemne kone og barn. Det høyrest litt rart ut at han i 1666 er ugift og i 1667 har kone og barn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved folketeljinga i 1701 er Arne nemnd med desse sønene: Sjur på 25 år, dvs. føff ca. 1676, som tente hos Peder Mølsæter, Ivar på 20, dvs. f. ca. 1681 og Arne på 18 år, dvs. f. ca. 1683. I tillegg hadde han kanskje sønene Ole og Peder seier BB.  Dersom han hadde born frå før 1667, må dei i 1701 ha vore minst 35 år. No kan det vel ha vore slik at dei eldste borna alt var gifte og  ute av "reiret" og hadde fått seg gardar andre stader, for folketeljinga tok vel berre med dei sønene som budde på garden. Er det mogeleg å finne ut kven desse borna var og når dei var fødde? På ei Geni-side har eg sett at Arne skal ha hatt desse borna: Sjur Arnesen Vesteraas, f. 1667; Jens Arneson Vesteraas, f. 1660, d. 1753 på Vesteraas; Sjur Arnesen Vinje, f. 1676; Ivar Arnesen Vinje, f. 1681; Arne Arnesen Vinje, f. 1683; Peder Arnesen Vinje, f. 1686; og Ole Arnesen Vinje, f. 1687, d. på Oplendskedal 1758. Er dette berre teke ut av ingenting eller kan det vere kjelder bak?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka skriv at Arne Halkjellson var ungkar ved leiemålet i 1667, som heilt klart er feil. Det er vel nettopp det at han er ein gift mann som gjer domen så pass streng. Det står ingenting om at han var ungkar i 1666, og han er også nemnd som brukar på Vinje i 1664. Kor mange barn han hadde i 1667 er uvisst, men han brukar fleirtalsforma “børn”. Men ved dette høve er han ute etter å vekkje sympati hos domaren, så han kan ha hatt eitt barn og ei gravid kone og kanskje også rekna barnet han fikk med Brit Knudsdtr, om det var i live. At han står utan barn i 1666, kan skuldast manglande registrering eller spebarnsdød.

Det vi har av hans barn, er dei som er nemnde på Vinje i 1701: Siver 25 år (ukjent kvar han vart av, men på Vesterås var det ikkje), Iver 20 år til Røros og gift i Sverige, Arne 18 år (ukjent kvar han vart av) Så har du Ole som fikk skøyte på Vinje av faren i 1709. Han døydde på Vinje i 1758, 82 år gammal. Så hadde han ein son Peder, som i 1698 bygsla seg jord på Langeland. Han har oppgitt alder i 1701 til 30 år og døyr i 1741, 74 år gammal. Han burde då vere den eldste av sønene, så kvifor han ikkje er odelsguten på Vinje, kan ein gjerne lure på.

Utanom Jartrud gift på Stadheim, hadde han dottera, Brit, gift ca 1710 med Jacob Thomasson Hole. Di budde ei tid på Skageflå. Bygdeboka oppgir at Jens Arnesen Vesterås var frå Vinje, men det er klart feil, i og med at dottera Ingeborg Jensdatter vart gift med Ole Arneson Vinje. Jens Arneson Vesterås kom frå Gjøsund på Vigra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.