Gå til innhold
Arkivverket

Flytteprotokoll for Sandefjord by 1901-1912

svein.bertil.saether@gmail.com
 Del

Recommended Posts

Statsarkivet på Kongsberg har lagt ut ei søkbar utgåve av Flytteprotokoll for Sandefjord by 1901-1912. Dette er ei svært spennande kjelde som - slik Statsarkivet på Kongsberg sjølv framstiller det - kan velsigne oss med personopplysingar som få andre kjelder kan vise maken til. Eg har dei seinare åra i det små arbeidd med sjøfolk si historie i Trøndelag, eit forsømt kapittel i vår landsdel. Jaggu fann eg ikkje ein sjømann frå eiga slekt som eg har leita etter nettopp i denne flytteprotokollen for Sandefjord. Ikkje utan store forventningar trykka eg fram denne karen som hadde lurt seg unna til Vestfold, men det eg fekk fram på skjermen var magre saker. Her kom det fram at han var fødd i Jemtland i 1885, var sjømann og hørte heime i Trondheim. Ellers ingen ting, ikkje eit årstal, ikkje ei hending. Så tenkte eg: Kan det vera at min sjømann - Johanes Antonsen Molde, Id pc00000000384843 -  ikkje hadde lagt fram noko meir om seg sjølv? Kanskje han var noko så sjeldan som ein beskjeden trønder?! Dermed sjekka eg andre tilfeldige personar, både før og etter min sjømann, og såg fort at det stod ikkje noko betre til der. 

Spørsmålet  mitt må da bli: Er det mitt mangelfulle nettforstand som igjen har slått til, eller er det Statsarkivet på Kongsberg som i sin introduksjon til denne kjelda, har tatt munnen for full?  Kanskje hadde Kongsberg tenkt at det som er lagt ut digitalt ikkje skulle vera noko anna enn eit register, og at vi som hadde funne noko av interesse, enten skulle ta turen til lesesalen deira eller be om ein kopi frå originalen? I desse koronatider er det vel berre det siste (og knapt nok det?) som er mulig. Og om det no er mulig, så ber eg om å få vita kva meir som står om Johannes Antonsen Molde i denne Flytteprotokollen for Sandefjord by. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, svein.bertil.saether@gmail.com skrev:

Som det framgår av dokumentasjonen/merknadene til det søkbare registeret, så er dette nettopp et register: https://www.digitalarkivet.no/source/100218

Men det er også lagt inn lenker til skanna protokoll, står det. For Johanes Antonsen Molde finner du "Lenke: Vis" på linja under "Merknader: Hjemmehørende i Tronjem".

Denne lenka fungerer imidlertid ikke, og det skyldes at bildene i sin tid var publisert i den gamle Webbok-funksjonen i Digitalarkivet (også kjent som Bokhylla), som ikke lenger eksisterer. Bildene ble republisert blant skanna arkiver i Digitalarkivet i 2019, men lenkene i det søkbare registeret er så langt ikke oppdaterte.

Jeg har i kveld foretatt første steg i sammenkoblinga av søkbart register og skanna protokoll, slik at du fra sida til Johanes Antonsen Molde (https://www.digitalarkivet.no/view/152/pc00000000384843) nå finner lenker til skannet versjon nederst til høyre. Foreløpig mangler likevel de spesifikke lenkene fra de enkelte personene til de korresponderende bildene, så du må bla i den skanna protokollen for å finne igjen personen. Det er ikke så lett, all den tid dato og årstall ikke er med i det søkbare registeret, men jeg har likevel funnet ham innført 15. desember 1906: https://media.digitalarkivet.no/view/100218/62

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk!

No er eg imponert. Kanskje ikkje over det som kom fram av opplysningar i protokollen, men over korleis dette vart tatt tak i og handtert i Arkivverket. Lynrask reaksjon, tydelig forklaring og knakande god hjelp. Det aller viktigaste for meg var å få ein dato å henge opplysninga om sjømannen Molde på. Det fekk eg. 

Eg berre "bøyer meg i hatten", som det heiter no for tida (etter Heidi Weng). 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.