Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Vigsel i eller nær Austrheim kring 1946? - hjelp?


Recommended Posts

So er eg på leiting etter denne vigsli som skal ha finne stad i Austrheim (eller nær Austrheim) kring 1946 - i alle fall etter 1942, då mannen vart enkjemann:

 

Johan «John» Johanson KJELLEVOLD, fødd i Masfjorden 2.3.1907

Hilda Kristofa Amanda Jakobsdotter SÆVRØY, fødd i Austrheim 19.5.1905

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med dato og stad for denne vigsli!

Hjarteleg takk til Frank Marton for interessant svar.  Då har me altso vigselsperioden ganske so fastlagd (slutten av juni 1946?), men kvar kan sjølve vigsli vera innført?

 

Nøyaktig dato og stad manglar framleis...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Hjarteleg takk til Ottar for nytt innlegg!

 

Ettersom bustaden deira var i Masfjorden, kan dei kanskje ha gift seg der?  Men problemet er tydeleg, det finst ikkje tilgjengelege kyrkjebøker for nokon av desse stadene, i alle fall ikkje på Digitalarkivet...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å løysa denne floki!

Hjarteleg takk til Ottar, Lars W. og Harald for nye spennande innlegg!

 

Det er synd at so få lysingsprotokollar er skanna vestafjells samanlikne med kva forholdi er austefjells, so her lyt me nok til kyrkjekontoret i Masfjorden for å få svar på spørsmålet om nøyaktig vigselsdato...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand so langt!

 

PS: Eg har nettopp freista med ein e-post til leiaren i kyrkjelyden, so får me sjå...

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.