Gå til innhold
Arkivverket

Åsnes/ Hedmark: Slektskapet mellom Ola Olsson Østby og Olaug Olsdotter Svesætre – tremenningar gift i Åsnes i 1731


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Ola Olsson Østby og Olaug Olsdotter Svesætre vart gift 18. feb. 1731 i Åsnes. Ved trulovinga 21. januar same året er det opplyst at dei var i slekt i tredje ledd, altså tremenningar:

SAH, Hof prestekontor, Ministerialbok nr. 2, 1720-1749, s. 134:

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603270235

 

Er det nokon som veit korleis slektskapet var?

 

Foreldra til Ola Olsson var Ola Tostensson Østby og Eli Toresdotter som det var skifte etter på Østby i Åsnes 10. mai 1712:

SAH, Solør og Østerdalen sorenskriveri, J/Ja/L0002: Skifteprotokoll, 1712-1716, s. 32a

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090106670173

 

Det går fram av skiftet i 1712 at pårørande var Halvor Olsson Sætre og Lars Ugerud. Kona til Halvor Olsson på søndre Sætre i Hof var Valborg Toresdotter (Hof bygdebok b. 3 side 120) og kona til Lars Eriksen Ugerud heitte Kari Toresdotter (Hof bygdebok b. 3 side 420). Det synes derfor dermed som desse tre var systre. Så vidt eg les skiftet i 1712 er ho nemnt Rud, og er vel dermed dotter til Tore Persson Rud i Våler. Både Eli, Valborg og Kari har døtre som heiter Ingeborg. Kan mor til dei tre vere Ingeborg Rud som går til alters i 1704 og/ eller den Ingeborg Andersdottersom går til alters året etter?

 

Far til Ola Tostensson må vere Tosten Olsson Østby som er nemnd som 40 år og brukar av 2 hud i Østby i 1664. Eg kjenner ikkje namnet på mor til Ola.

 

Foreldra til Olaug var Ola Jakobsson Svesætre og Ingrid Syverdotter Brøderud. 

 

Ingrid var frå Brøderud Brandval og dotter til Syver Arnesson og Tore Syversdotter. Det går fram av skiftet etter Syver på Brøderud 17. august 1717 (der Ingrid er nemnd Ingeborg):

SAH, Solør og Østerdalen sorenskriveri, J/Ja/L0003A: Skifteprotokoll, 1716-1725, s. 37b:

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090106670417

 

Det var skifte etter Ola Jakobsson på Svesætre 24. oktober 1720:

SAH, Solør og Østerdalen sorenskriveri, J/Ja/L0003A: Skifteprotokoll, 1716-1725, s. 350a

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090106670735

 

Her går det fram (side 352a) at Ola Tostensson Østby var næraste pårørande til borna til Ola Jakobsson. Samla synes det dermed klart at Ola Jakobsson og Ola Tostensson var syskenbarn. 

 

Eg har ikkje funne gravferda til Ola Jakobsson så eg har noko fødselsår for han, men Ola Tostensson var 70 år da han vart gravlagt 17. mars 1735 i Åsnes, dvs. fødd ca 1665. 

 

I 1664 er ein Jakob som er brukar på Sætre og da var 48 år og han kan høve som far til Ola Jakobsson.

 

Åmot bygdebok (bind 1, side 553) nemner ein rettssak knytt til store Arnestad der Jakob Sætre i Hof var gift med Eli Håkonsdotter fra Arnestad. Eg veit ikkje om dette er far til Ola. I tilfelle er det uansett eit spørsmål om Eli kan ha vore mor til Ola Jakobsson eller om faren var gift to gonger. 

 

Åsnesboka (bind 2, side 366-367) nemner ei rettssak knytt til ein Jakob Svesætre i 1649 og refererer også ei sak frå 1673 at «Jakob Olulfsen Sætre hadde pantsatt 10 ½ skinn i Svesætre til Oluf Torstensen d.e. for 60 daler for 60 daler ‘med aasæde og bøxel over 1 hd 9 sk’. Torsten Østby hevdet at han eide 10 ½ skinn i Svesætre og mente hans bygselsrett måtte forbli av dette pantebrevet». Der framgår ikkje i bygdeboka noko om evt slektskap mellom dei involverte, men det synes som Oluf Torstensen d.e. må vere far til Tosten Østby siden dei to har pant på like mykje jord i Svesætre.

 

I avskrifter av jordbok for 1642 gjort av Sten Høyendahl og trykt av Solør Slektshistorielag går det fram at ein Ola Sætre i 1642 bruker 1 hud i Svesætre, 3 skinn i Sætre og 3 skinn i Strømsholmen med bygsel, medan ein Ola Østby bruker 2 huder i Østby med bygsel. Dersom dette er to ulike Ola-karar, betyr det da at enten Tosten eller Jakob har vore gift syster til den andre?

 

Oppsummert:

 

Ola Olsson Østby

 

Foreldre:

1. Ola Tostensson Østby fødd ca 1665, dø 1735

2. Ingeborg Toresdotter (Rud) død før skiftet 1712

 

Besteforeldre:

1.. Tosten Olsson Østby fødd ca 1624

2. ukjend (evt. ei Olsdotter frå Svesætre?)

3. Tore (Persson Rud?)

4. ?Ingeborg (Andersdotter)?

 

Olaug Olsdotter Svesætre

 

Foreldre:

1. Ola Jakobsson Svesætre død før skiftet i 1720

2. Ingrid Syversdotter Brøderud

 

Besteforeldre:

1. Jakob (?=Jakob Olsson Sætre fødd ca 1616)

2. ?Eli Hågensdatter Arnestad (eller ei Olsdotter frå Østby?)

3. Syver Arnesson Brøderud, død før skiftet i 1717

4. Tore Syversdotter

 

Er det nokon som veit korleis slektsskapet mellom Ola og Olaug var? Var dei farfedrene brør, var dei svograr eller er det eit samband her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.