Gå til innhold
Arkivverket

Martinus Larsson og Pernille Henriksdatter Volstad. Kvar kom dei frå?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Kan nokon hjelpe med å finne opphavet til dette ekteparet som kom til Volstad på Ellingsøya i 1806?

 

Martinus Larsson Volstad vart fødd rundt 1773, uvisst kvar. Det einaste ein veit om opphavet hans er farsnamnet Lars, men det er ikkje nok til å spore han vidare bakover. Eg har gått gjennom ministerialboka for Borgund for tidsromet 1771 - 1775 i håp om å finne ei dåpsinnføring som kunne vere aktuell, men har ikkje funne noko så langt. Litt bale å leite når alt er blanda, så eg kan ha oversett noko.

Han bygsla halve Ågnegarden, Nedre Volstad 1 på Ellingsøya i 1806. Ved folketeljinga i 1815 er han 41 år og kona Pernille er 34 år. Dei har borna Eli 10 år, Ingebor 9 år, Lars 7, Inger 4 og Hans 1 år. http:// https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065684002433

Han brukte garden heilt til han døydde i 1828.   https://www.digitalarkivet.no/kb20050614020332

 

Han var gift med Pernille Henriksdatter, f. ca. 1780. Kvar ho kom ifrå er også uvisst. Då mannen døydde, fekk ho kår hos sonen Lars, f. 1808, brukar på Ågnegarden, Nedre Volstad 1 på Ellingsøya frå 1834 og til han døydde i 1855. Andre kona hans, Pernille Knutsdatter, fekk kår hos broren til Lars, som overtok Ågnebruket då Lars døde.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Inge. I BB for Sunnylven står det svart på kvitt at dei enda opp på Volstad. I Borgundboka har ho fått patronymet Henriksdatter, men det er vel ei feilskriving.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skiftet frå 1820 etter Ingeborg Iversdtr. på Lille Ringdal: https://www.digitalarkivet.no/sk20090128680803

Mellom arvingane finn ein nemnt dottera Pernille Endresdtr. gift med Martinus Larssen Volstad (sjå heilt nederst på venstre side).

 

Martinus og Pernille vart gift i 1803 (sjå høgre side): https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640718

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mine 3xtippoldeforeldre dette, men eg veit ikkje så mykje om dei. Stort sett det som står i bygdebøkene.

 

Mvh

Ingmar 😎

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.