Gå til innhold
Arkivverket

Kven var Ole Hareide og Abraham Olsen Hareide?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Abraham Olsen Hareide  gifte seg i Ulstein i 1834, men kven er eigentleg denne Abraham Olsen Hareide?  Han er vigd i Ulsteinkyrkja 21. september 1834 til Karen Nilsdatter Sørrevartdal (Grønnevet). Foreldre er Ole Hareide og Nils Sørrevartal. Sponsorar er Olavius Kaldhoel og Ananias Haddal:   https://www.digitalarkivet.no/kb20050727040144     Men kvar kom han frå, og kven er faren Ole Hareide. 

 

Abraham Olsen Hareide enda opp på Abrahamgarden, Østrem på Emblem. Abraham (1801-1885) fekk bygsle garden i 1835.

 

 

Om vi startar i Borgund, kan det godt vere rett Abraham som er gift i Ulstein (eller helst på Hareid - men kyrkjeboka seier ikkje kvar). Faren er berre kalla "Ole Herejde", og det kan det ha vore fleire som heitte. Bygdeboka (U og H, b.5) plasserer han på "Pe-plassen" (bnr. 26, s. 219), med foreldre Ole Olsson Lid f. 1769 og Berte Oline Olsd. Klepp f. 1768, begge frå Volda.

Men såvidt eg forstår er den einaste kjelda for dette at "Haddal" [= Johan Haddal, 1869-1948] meiner at Abraham kan vere son til Ole og Berte".

 

Ein Abraham Olsen Hagen er døypt 23. mars 1801 i Ørstakyrkja:   https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660332

Men Bjørn Jonson Dale  nemner ikkje Abraham under Hagen i "Ørstingar", og den einaste Ole Hagen eg finn der er Ola Finnson Hagen, som var 16 år i 1801. Fadrane som er nemnde i kyrkjeboka, Anders og Find Hagen, må vere Anders Finnson og Finn Kolbeinson - som er bror (21 i 1801) og far til Ola Finnson. Ola vart etter kvart gift og slo seg ned som plassemann på Berknes. Der må han ha budd i 1830-åra (d. 1837), og kan neppe ha vore "Ole Harejde".

 

Har nokon opplysningar som kan kaste lys over opphavet til Abraham Olsen Hareide og faren Ole Hareide?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Abraham skal ha vore 34 år i 1834; altså f. 1800  - sånn om lag.   Han kan altså vere fødd før folketeljinga 1.febr 1801.

I heile Møre og Romsdal er det berre éin kandidat:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058432000539

Dette er i Aure på Nordmøre.

I Sogn og Fjordane er det mange fleire Abrahamar, men ingen av dei er ein Olsson fødd etter 1795.

Men "din" Abraham kan altså vere fødd etter 1.2.1801, og ikkje med i teljinga.

 

Det er ikkje døypt nokon Abraham i Ulstein prestegjeld 1798, eller 1800-1802, ilf. listene presten har sendt in til sjø-innrulleringa.  http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/innrull_Ulstein.htm

I 1799 er den delen av lista med guten sitt namn øydelagd, og det er tre fedre Ole (Nevstad, Øvrelid, Haddal) som du evt. kunne sjekka ut.

 

Abraham må ha flytta frå Ulstein prg. før våren/sommaren 1835 (han er ikkje med i "Lærarlistene" som vart laga

den sommaren http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/laerarlisterUlstein1835.htm ).

Men det stemmer sikkert med det du veit: venteleg tok han over bruket på Østrem 14.april (sommardag).

 

Har du funne Abraham og Karen som utflytte (frå Ulstein) og innflytte (Borgund)?

 

Ole og Berte på Pe-plassen på Hareid skal vere frå Volda (Lid og Klepp), og bygsla frå 1818. Har du leita etter dei i Volda? Kanskje gifte der?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Folketellingane i 1865 og 1875 oppgjev begge Volda Prestegjeld som Abraham sin fødestad. I 1875 er det presisert Ørstens sogn.

 

FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1531&kenr=001&bnr=0017&lnr=000

 

FT1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1531&kenr=001&bnr=0020&lnr=00

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for nyttige innspel Ivar og Inge!

Abraham er førd som innflytta til Borgund i 1835, og er då kalla Abraham Østrem. Det står ikkje noko om kvar han flytta inn frå eller om kvar han var fødd.   https://www.digitalarkivet.no/kb20070903630155

Inn- og utflyttingslister for Hareid og Ulstein finst ikkje frå før 1878.

 

Som du seier viser folketeljingae i 1865 og 75 til Ørsta og Volda, og 1875 spesielt til Ørsta sokn i Volda prestegjeld. Då er vi tilbake til dåpsinnføringa 29. mars 1801 i Ørsta av Abraham Olsen Hagen.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660332

 

Det er vel mogeleg at det her er snakk om same personen. Hareide og Hagen går det vel an å tenkje seg at kan forvekslast. Men det står ingenting om kven som er foreldra i denne innføringa. Som regel står det i alle fall faren sitt namn i innføringa, men her står det ingenting. Då kan det vere at det er ført introduksjon på mora litt etter dåpen. men eg finn ingen Ole Hagens qvinde der. Der er nokre andre med namnet Ole, men så mykje feil er vel ikkje presten istand til å produsere at etternamnet blir noko heilt anna enn dåpsnamnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har funne trulovinga  til Ole Olsen Liid og Berte Olsdatter Klep med sponsorar Halvor Klep og Ole Nordal. Den var søndag sexagesima, dvs. 19. februar 1797:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660297   

Og her er vigselen, 4. søndag etter trieining, dvs. 9. juli 1797: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660300

 

Spørsmålet er då om det er dette ekteparet som er foreldra til Abraham Olsen Hagen.

 

Eg finn ikkje Abraham konfirmert i Volda eller Ørsta, men listene for året 1816 er ikkje med, så han kan ha vore der. Men det kan også vere at foreldra er flytte ut i mellomtida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Einaste svaret eg finn på at Abraham Olsen Hagen kan vere son til Ole Olsen Lid og Berte Olsdatter Klep må vere at dei i 1801 har vore tenestefolk på Hagen i Ørsta eller plassefolk der. Då fekk dei vel tillagt det etternamnet. Når dei så flytte til Pe-plassen på Hareid i 1818 tok dei vel etternamnet Hareide. 

 

Ein måte å sjekke dette på ville vere å finne eit skifte, enten etter Ole Olsen eller Berte Olsdatter frå Hareid. Eg har leitt, men ikkje funne noko.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, HelgeHånes skrev:

Inn- og utflyttingslister for Hareid og Ulstein finst ikkje frå før 1878.

 

Det stemmer ikkje heilt, men Abraham og Karen står ikkje der

https://www.digitalarkivet.no/kb20050727040213

 

9 timer siden, HelgeHånes skrev:

Eg finn ikkje Abraham konfirmert i Volda eller Ørsta, men listene for året 1816 er ikkje med, så han kan ha vore der. Men det kan også vere at foreldra er flytte ut i mellomtida.

 

Det var truleg ikkje konfirmasjon i 1816. Sokneprest Meldal døydde i 1815 og Qvale kom vel ikkje før året etter.

Det er ført 110 konfirmantar i 1817 og 52 i 1815.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn ikkje Ole Olson Lid og Berte Olsdatter Klep i 1801-teljinga, men på Yksnøya er det ein familie som kan passe: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058414002254  

Dei er ikkje å finne i BB for Volda I s. 16. Men av dei som står nemnde i 1801-teljinga for Yksnøy er det berre husbondsfolket på garden som er nemnde i BB.

 

Ole Olsen og Brite Olsdatter som her er nemnde er båe 32 år gamle, noko som skulle passe godt for Ole Olson Lid og Berte Olsdatter Klep. Dei har to born: Ole, f. 1797 og Anders, f. 1799. Første barnet er då fødd ca. ein månad etter giftarmålet.

 

Ole er boren til dåp 13. august 1797 og er då kalla Ole Olsen Øxnenøen. Mellom fadrane finn vi Jens Øxneøen som er skriven som husbonde i 1801-teljinga for Yksnøy. Ein annan av fadarne er skriven Ole Klokker. Kan det vere klokkar Ole Eliasson Klepp, som ifølgje BB for Volda vart tilsett som klokkar i Volda og Ørsta i 1795?  (BB I, side 221 https://www.nb.no/nbsok/nb/f7c87bd9e3fe8cad961c973cb2f48e55?lang=no#224). Ser der at mor til klokkaren heitte Brit. Dersom dette er tilfelle har vi eit band frå denne familien på Yksnøya til Klokkargarden på Klep i Volda. 

 

Dei to sponsorane ved giftarmålet til Ole Olsen Lid og Berte Olsdatter Klep i 1797 er Halver Klep og Ole Nordal, og dei høyrer heime på nabogarden til Klep, Nordal, og Berntgarden på Klep.

Men å finne ut kva for ein av Klep-gardane Berte er frå kan vere vanskeleg i og med at ho ikkje figurerer på nokon av gardane i BB. Ho kan ikkje vere dotter til klokkaren, for han er fødd i 1765. Men ho han vere dotter til farbroren Ola, som gifte seg i 1765 med Ane Lisbet Olsdatter Klepp. Det betyr at klokkaren og Berte/Birte Olsdatter Klep var søskenbarn.  Kvar det vart av Ola og Ane Lisbet seinare, har eg ikkje funne ut, heller ikkje om dei hadde ei dotter Berte/Birte..

Ho kan også ha vore frå Abelgarden, og var i så fall dotter til Ola Knutson Klepp, gift 1764 med Dorte Akselsdatter Barstad, men ho er i så fall ikkje nemnd i BB. 

 

Ved Anders Olsen Øxenøen sin dåp 29. september 1799 er Ole Klep (Klokkar) igjen fadder. Det same er Jens Oxenøen og ei Synnøve Klep, som enten kan vere Synnøve Nilsdatter frå Berntgaren eller Synnøve Olsdatter frå Abelgarden på Klepp. https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660316

 

Ved begge desse dåpshandlingane ser det ut til at klokkar Ole Klep har vore fadder, og det skulle vel vere nok til å knyte denne familien på Yksnøya saman med klokkargarden i Volda. Noko som understrekar at vi her har med rett familie å gjere er at klokkar Ola Eliasson Klepp i 1764 makeskifta ein gard i Velsvik, som han hadde ervt frå mora Brit Olsdatter Velsvik, mot Yksnøygarden. Klokkaren selde i 1780 garden til Jens Ivarson Kvangardsnes for 42 riksdalar. Han er den andre som går att som fadder for borna til Ole Olsen Lid og Berte/Brite Olsdatter Klep. Kva samband det var mellom desse veit eg ikkje noko om, men dei budde altså i 1801 på denne garden på Yksnøya, som tidlegare hadde tilhøyrt Voldaklokkaren.

 

Når det så gjeld Abraham Olsen Hagen, så er ingen av desse fadrar i hans dåp. Fadrane her er Anders og Find Hagen (son og far) frå Nedre Hagen, Jon og Else Sætre (son og mor) frå nabogarden Sætre, og ei Ingeborg Lieden, som kan vere ein slektning av faren Ole Olsen Lid, utan at eg har funne henne på Lid. Om det var nokon forbindelse mellom denne familien og Hagen/Sætre i Ørsta, veit eg ikkje. Kan det vere at dei har budd der i tida før fødselen, og at guten difor har fått etternamnet Hagen og fadrar frå desse gardane?

 

Kor lenge denne familien budde på Yksnøya er eg ikkje klar over, men dei skal ha kome til Pe-plassen på Hareid i 1818, utan at eg har funne prov på det. Då har dei nok skifta etternamn til Hareide, og Abraham har dette namnet vidare til han i 1835 flytter til Østrem og tek det gardsnamnet til etternamn som skikken var.

 

 

Endret av HelgeHånes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, HelgeHånes skrev:

Men å finne ut kva for ein av Klep-gardane Berte er frå kan vere vanskeleg i og med at ho ikkje figurerer på nokon av gardane i BB. Ho kan ikkje vere dotter til klokkaren, for han er fødd i 1765. Men ho han vere dotter til farbroren Ola, som gifte seg i 1765 med Ane Lisbet Olsdatter Klepp. Det betyr at klokkaren og Berte/Birte Olsdatter Klep var søskenbarn.  Kvar det vart av Ola og Ane Lisbet seinare, har eg ikkje funne ut, heller ikkje om dei hadde ei dotter Berte/Birte..

Ho kan også ha vore frå Abelgarden, og var i så fall dotter til Ola Knutson Klepp, gift 1764 med Dorte Akselsdatter Barstad, men ho er i så fall ikkje nemnd i BB. 

 

 

 

Busetnadssoga for Volda, b. 4a s. 623 (Klepp, Klokkargarden), husstand 1-7b  [b-en tyder at det var ein sekundær husstand på bruket]:
Berte Helene f. 1768 (dp. 11.11)  er ført her som dotter til Ole Olsson (f. ca. 1741), son til Ole Hansson Klokkar og Elen. Olsd.

(husstand 1-7; Elen var dtr. til forgjengaren i klokkarstillinga) og Anne Kristiane Olsd. f. ca. 1732, frå Berngarden, Klepp.

Berte g. 11.7.1797 Ole Olson "truleg" frå Johangarden, Indre Lid (2-5), 

Han finst att i b. 5 s. 323, f. 1776 (dp. 22.9)  "truleg frå her", og elles med dei same opplysningane.

Det du har funne om faddrane tyder vel på at paret på Yksnøya (som er rett utanfor Lid) er dei som er gifte i 1797.

 

Ole Klokkar (d.y., klokkar frå 1795) var son til Elias Klokkar, som var farbror til Berte.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det Ivar. 

Ifølgje BB for Hareid og Ulstein, band V, s.174 var Anders Olson Hareide på Andreasplassen, Hareid brn. 8 son til Ole Olsen Hareide. Han skal vere fødd 4. juli 1797. Ifølgje det eg fann ut frå kyrkjeboka var det Ole Olsen, som var eldst av søskjenflokken, og fødd i 1797, døypt 13. august. Forldra gifte seg 9. juli, så datoane har det nok gått litt surr i. Anders er ifølgje kyrkjeboka fødd i september 1799. 

 

Under Peplassen , Hareide brn. 26 i same boka s. 219 er plassert Ole Olson Lid og Berte Oline Olsdatter Klepp. Begge er fødde i 1769/68, noko som høver godt med at dei i 1801 var 32 år, slik det står i 1801-teljinga for Yksnøya. Sonen Anders er plassert på Hareide brn. 8.

 

Så er det snakk om ein son Daniel, gift med Berte Marie Akselsdatter Klepp (frå Abelgarden), busett på Raudøya i Ørstafjorden 1865 - 1890. I følgje Voldaboka gifte dei seg i 1839. Ho var fødd i 1815.  Eg har søkt gjennom kyrkjeboka for Volda i det aktuelle tidsromet utan å finne han. Men eg fann denne innføringa i Herøy i 1805: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630127

Det ser ut som dei har vore busett på Lilleøen under Rafteset i Tjørvåg. Herøyboka nemner dei ikkje. Ein annan er busett på Litløy i 1805, men dei kan ha vore der likevel. Fadderane er folk frå Rafteset.  Det er nok han Bjørn Jonson Dale nemner som brukar på Raudøya 1841 - 1890

 

Sonen Abraham, f. omlag 1800, gift 1834 med Kari Nilsdatter Grønnevet frå Vartdal, busett på Østrem, Emblem i Borgund. Dette stemmer også sånn nokolunde . Abraham Olsen Hagen d. 23. mars 1801, må vere den same som her er nemnd Abraham Olsen Hareide.

 

Då står vi att med sonen Ole, som var eldst og fødd i august 1797, berre ein månad etter at foreldra gifte seg. Han var 4 år ved 1801-teljinga på Yksnøya.  Kanskje han ikkje vaks opp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, HelgeHånes skrev:

Takk for det Ivar. 

Ifølgje BB for Hareid og Ulstein, band V, s.174 var Anders Olson Hareide på Andreasplassen, Hareid brn. 8 son til Ole Olsen Hareide. Han skal vere fødd 4. juli 1797. Ifølgje det eg fann ut frå kyrkjeboka var det Ole Olsen, som var eldst av søskjenflokken, og fødd i 1797, døypt 13. august. Forldra gifte seg 9. juli, så datoane har det nok gått litt surr i. Anders er ifølgje kyrkjeboka fødd i september 1799. 

 

Under Peplassen , Hareide brn. 26 i same boka s. 219 er plassert Ole Olson Lid og Berte Oline Olsdatter Klepp. Begge er fødde i 1769/68, noko som høver godt med at dei i 1801 var 32 år, slik det står i 1801-teljinga for Yksnøya. Sonen Anders er plassert på Hareide brn. 8.

 

 

 

Opplysninga i bygdeboka om at Anders Olsson på Hareid var son til Pm Ole Olsen Hareide, Berthe Olsdatter Hareide og f.4.8 1797 (og dp. 28.8) kjem kjem frå "Lærarlistene" (han er person 109 i Liste C) (Sjå lenkje i #2).  Han skal vere konfirmert 1818.  Fødselsår i desse listene kan vere rette, men datoar er oftare feil enn rette - i dei tilfella dei kan sjekkast.

 

Ole og Berte er nr 89 og 90 i den same lista.,

Ole f. 24.6 1769 dp 30.6 konf.1785 foreldre Gb Ole Olsen Liid, Anne Olsdatter Liid

Berthe Eline f. 24.11 1768 dp 28.11 konf. 1784 foreldre Gb Ole Knudsen Klep, Daarthe Stenersdattter, Woldens Prestegjeld

Bygdeboka har også brukt desse datoan (men atterhald som ovanfor).

Daniel finn eg ikkje i denne lista, men han kan (til liks med Abraham) ha reist frå bygda i 1835, då listene vart laga.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn endå ein Daniel i kyrkjeboka for Volda. Han er døypt 3. februar 1802 og er innskriven som Daniel Olsen Øxenøen. Denne gongen er det to fadrar frå Ytre Lid, Morten og Giertrud. Så er det Axel Klep frå Berngarden på Klep og Elling og Kari Øxenøen.   https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660340

 

I FT 1865 for  Indre Rødøen er det oppgitt at Daniel er 61 år, med beregnet fødselsår 1805 og at fødested er  Volda prestegjeld.  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038282004296

 

I FT1875 er det oppgitt fødested Herø sogn og prestegjeld og fødselsår 1804  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052331000003

 

I 1891 er fødested oppgitt å vere Herø Søndmør og fødselsår 1804  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053036000281

 

Desse opplysningane er litt sprikande, men eg sit att med den Daniel som endar opp på Raudøya og som er gift med Ane Berte Axelsdatter Klep frå Abelgarden, nokså sikkert er den Daniel som er fødd på Lille Øens i Herøy i 1805. Det må vel bety at den Daniel som er fødd i 1802 ikkje lever opp, og at familien har fått ein Daniel II som erstatning. 

 

Ein annan kuriositet: Ifølgje "Lærarlistene" på Hareid skal Birthe Olsdatter Klep ha vore dotter til Ola Knutson Klep og Daarte Stenersdatter ( i BB kalla Akselsdatter Barstad) på Abelgarden. Om dette hadde vore rett, ville kona til sonen Daniel, Anne Berte Axelsdatter Klep, ha vore søskenbarnet til Daniel og hatt mor hans til tante. I så fall måtte det vel ei kongeleg bevilling til for at dei kunne gifte seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, HelgeHånes skrev:

Ein annan kuriositet: Ifølgje "Lærarlistene" på Hareid skal Birthe Olsdatter Klep ha vore dotter til Ola Knutson Klep og Daarte Stenersdatter ( i BB kalla Akselsdatter Barstad) på Abelgarden. Om dette hadde vore rett, ville kona til sonen Daniel, Anne Berte Axelsdatter Klep, ha vore søskenbarnet til Daniel og hatt mor hans til tante. I så fall måtte det vel ei kongeleg bevilling til for at dei kunne gifte seg.

 

Behov for kongeleg løyve tok slutt i 1799. Sidan då har syskenbarn kunna gifta seg utan særskilt løyve.  Det er altså ikkje noko von om å finne den stadfestinga eit løyve ville gje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for den opplysninga Ivar. 

Då er det vel nokså umogeleg å bestemme kva gard Brite kom frå. Men det er vel meir som tyder på at ho var av klokkarslekta, sjølv om Axel Klep frå Abelgarden var fadder då Daniel d.e. vart døypt i 1802.

 

Når det gjeld Ole Olsen så er det vel like vanskeleg. Dåpsinnføringa Busetnadssoga nemner for Ole Olsen Indre Lied i 1776 er her:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660120  Fadrane her er: Jacob og Ole Lied, Gamel Olsen Lied, Dorthe og Anne Indre Lied.

Gamel er frå Jogarden på Indre Lied, men han bur nok ikkje der lenger, for garden vart i 1767 overteken av ein Jacob Knutson Lid. Han kan då vere ein av fadrane. Syster til Gamel heiter Anne, som også var fadder. Men ho kan også vere kona til Jon Jonson f. Vadstein på Johanbruket. Den einaste Ola eg finn på Indre Lied i det aktuelle tidsromet er Ola Larsson f. Løfoll på Olagarden. Han kan også vere ein kandidat til far for Ole Olsen Liid, men ifølgje BB har han ingen Ole/a i første ekteskapet. Ein annan Ola er Ola Larsson Velsvik på Ola-Bøen, Ytre Lid. Han var gift med dotter til klokkar Ola Eliasson Klepp, og kan ha vore aktuell som fadder.  Det er ei Dorthe på Olabruket, men ho døde i 1744, så ho kan ikkje vere fadder i 1776. Men ho kan vere Dorte Frantsdatter  f. Berkvik, andre kona til Ingebrigt Olson f. Løfoll på Lystadgarden, Ytre Lid.

 

Den mest aktuelle kandidaten til å vere far til Ole Olsen Lid er nok Ola Larsson f. Løfoll på Olagarden, Indre Lid. På Johangarden finn eg ingen med namnet Ole eller Ola. Om det som står i "Lærarlistene" er rett, må einaste alternativ til foreldre for Ole Olsen Lid vere dotter til Ole Gamelsen f. Ulvestadløndal frå Dalsfjorden. Ho heitte Anne Olsdatter var fødd i 1753 og var gift med Ole Olsen Leine frå Herøy. Men ingenting av dette er vel råd å finne ut noko sikkert om.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1801-teljinga finst det forresten ein mulig kandidat til far for Ole Olsen Lid. Det er husmannen Ole Olsen og kona hans Giertrud på Ytre Lid.

Her er linken: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058414000036  Ei Giertrud Yttre Lid er fadder på Daniel Olsen Øsenøen ved dåpen i 1802. Ho kan også vere mora. 

Den andre fadderen frå Ytre Lid kan vere Morten Kristianson Lid på Ola-Bøen. Han var nok berre 18 år i 1802, men han kunne vel vere fadder når han hadde blitt konfirmert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, HelgeHånes skrev:

Den mest aktuelle kandidaten til å vere far til Ole Olsen Lid er nok Ola Larsson f. Løfoll på Olagarden, Indre Lid. På Johangarden finn eg ingen med namnet Ole eller Ola. Om det som står i "Lærarlistene" er rett, må einaste alternativ til foreldre for Ole Olsen Lid vere dotter til Ole Gamelsen f. Ulvestadløndal frå Dalsfjorden. Ho heitte Anne Olsdatter var fødd i 1753 og var gift med Ole Olsen Leine frå Herøy. Men ingenting av dette er vel råd å finne ut noko sikkert om.

 

 

som sagt...

 

På 3.5.2020 den 17.35, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Han finst att i b. 5 s. 323, f. 1776 (dp. 22.9)  "truleg frå her", og elles med dei same opplysningane.

 

Ein "hake" er det naturlegvis at om busetnadssoga har rett, så heiter mor hans Sylvi og ikkje Anne, som i Lærarlistene. Men det kan vere uvisst kor godt Olavius Overaae (som nokså sikkert laga lista) spurde seg for om foreldra til innflyttarar i bygda.  Dersom busetnadssoga har rett, så har Berte også fått feil mor (Dorte Steinarsd. i lærarlista og  Elen Olsd. i busetnadssoga).

 

Men med framlegget ditt, Ole Leine og Anne , dtr. til Ole Gamelson, som foreldre, vil Lærarlista stemme.   Anne ville vere 23 år. Dei kunne ha opphald på Johangarden ei stund etter giftarmålet, og barnet Ole ville "høyre til her", som i busetnadssoga.

 

Faddrar var gjerne dei næraste grannane, og trong ikkje vere slektningar. (Men faddrar som ikkje er grannar, var oftare anten slektningar eller "standspersonar".)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.