Gå til innhold
Arkivverket

Kristiansand Tukthus - taterjenter


TARALD SELDAL
 Del

Recommended Posts

7 timer siden, TARALD SELDAL skrev:

Hei,

 

Eg har laga slektstre i Myheritage og har lasta inn om lag 1500 personar der. Vidare har eg DNA-resultat frå om lag 10 familiemedlememr på ulike sider av familen.

På MyHeritage må man være medlem for å se på slektstrær o.l.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

9 timer siden, TARALD SELDAL skrev:

Peder Cristophersen Qvale - til orientering:

Omstreiferen og bondesønnen Peder Cristophersen Qvale, fra Luster i indre Sogn, ble født utenfor ekteskap, og er far til Mons Pedersen Lie (1830-1919). Peder fikk barna med "fadermordersken" Ingeborg Grønli på Fresvikåsen i indre Sogn, men forlot barna som små og la ut på vandring gjennom store delar av Norge, hvor han slo seg sammen med romanifolket. Peder fikk mange barn på sin vandring gjennom Norge og hadde flere lange opphold på tukthus, blant annet i Bergen, Trondheim og andre steder. Han gikk ned med en bark i Balsfjord i Målselv i 1857 nær 60 år gamal. Peder var av bondeætt frå indre Sogn, men la ut på vandrarvegen sammen med det reisande folket. Mons så nok lite til faren etter at han forlot barna som små. 

 

Samme Peder???

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kona til Mons Pedersen Lie døde antagligvis vinteren 1865/66. Da samme år som  Marie Petronelle ble født.

 

Bergen adresse..... 3 januar 1866

image.png.9ced95f44c3e8d1e100b9fafa2ae773c.png

 

image.png.c7058cdbbc3e27eba67084e5f67d102f.png

 

DNA fra nålevende er syltynne beviser. Da må i tilfelle alle forfedre ha "fulgt den smale sti". 

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,
Eg takkar for utruleg god hjelp så lang. Her skal eg forsøke å presentere mysteriet om Sophie Amalia Christiansdatter, og håpar nokon kan hjelpe meg vidare:

 

Mysteriet Sophie Amalia Christiansdatter?
I kyrkjebøkene frå Kristiansand er høkker (hugger) (handelsmann) Christian Christiansen
(f. 1801) og Severine Christiansen (født Jensdatter) (1815-1882) oppgitt som foreldre til Sophie Amalia. Sophie Amalia skal vere født 13. juli 1842 og døypt 9. oktober same år i Kristiansand Domkirke. Under folketellinga i 1865 budde familien hos politibetjent Carl Tobias Olsen (f. 1828) frå Holme preste
gjeld og kona Elen Severine Olsen (f. 1826) frå Lillesand, i Ø. 28de Qvartal, gatenummer 307 i Kristiansand.

Christian og Severine gifta seg i Kristiansand i 1834. I Folketeljinga i 1875 blir Christian og Severine forsørgja av Kristiansand Fattigvesen. Familien bur då i Henrik Wergelandsgate 100 saman med dottera Josefine Fredrikke som vert forsørgja av foreldra, sonen August Tideman som arbeider på mekanisk verkstad, og barnebarnet Marie Petronelle (1865-1934) som då er ti år gammal. Kor Sophie Amalia og dei andre syskena var på denne tida er ikkje kjent? Det merkelege er at Marie Petronelle ikkje vaks opp saman med mora Sophie Amalia, men saman med besteforeldra, tanta Josefine Fredrikke og onkelen August Tideman.

Folketeljinga 1865 for Ø. 28de Qvartal, gatenummer 307 i Kristiansand
Carl Tobias Olsen var politibetjent i Kristiansand og var født 1828 i Holme Prestegjeld. Kona Elen Severine Olsen var født i 1826 i Lillesand.

Barn:
a. Anna Olsen, født 1859 i Christiansand
b. Sofie Olsen, født 1863 i Christiansand

 

Under folketeljinga i 1865 var hugger (høkker) Christian Christiansen (f. 1801) og Severine Jensdatter (f.1815) losjerande hos Carl Tobias Olsen og kona i Ø. 28de Qvartal, gatenummer 307 i Kristiansand.

Barn:
a. Sofie Amalia Christiansd.*, ugift, født 1842 i Christiansand
b. Nikolin Hendrikke Christiansd.*, ugift, født 1852 i Christiansand
c. Josefine Fredrikke Christiansd.*, ugift, født 1856  i Christiansand
f. Marie Petronelle, uægte datter født 1865 af ovenanførte Sofie Amalia Christiansand
d. Jens Christian Christiansen, Søman, født 1844 i Christiansand
e. Otto Severin Christiansen, Sjouer, født 1850 i Christiansand
f. August Tideman Christiansen, født 1859 i Christiansand

Severine Christiansen (f. Stiansdatter)
Severine Christiansen (f. Stiansdatter) blei født i 1815 og skal vere mor til barna a-f. Ho skal ha fått Sophie Amalia, 27 år gammal, og August Tideman når ho var 44 år. Far til Severine var skomakar Jens Steensen frå Roe, Halse, i Mandal, født 3. oktober 1779, og mor Anne Stiansdatter (1773-1857). Severine var 27 år når ho fekk sitt fyrste barn, noko som på denne tida var seint. Kanskje kan ho ha fått barn tidlegare som vi ikkje kjenner til.

Farmor og farfar til Severine var Steen Steensen (f. ca. 1735) og Pernille Larsdatter (f.1739) frå Roe, Halse, i Mandal.
Kjente sysken til Severine var Pernille Marie født i 1811, Karen født i 1817, og Nicoline Henriche født i 1820, men som dø bare to år gammal. Jens Steensen og Anne Stiansdatter (1773-1857) gifta seg i Kristiansand Domkirke 26. oktober 1809. Jens Steensen var då Grenader af Første Compagnie.

Christian Christiansen
Christian ble født ca. 1801 og er oppgitt som far til barna. Far til Christian var tårnvekter Christian Olsen. Mor er ikkje kjent.

Sophie Amalia og Fritz Abrahamsen
Tretti år gammal, den 4. oktober 1872, skal Sophie Amalia ha gifta seg i Kristiansand med skomakar Fritz Abrahamsen (f.1848) frå Søgne. I 1865 er Fritz læregut som skomakar og bur då på Kapeløen i Nyhellesund. Fritz hadde i 1875 forretninga Skomaker Abrahamsen. Familien budde i Christian IV`s gate 90 i Kristiansand. Fritz og Sophie Amalia fekk barna:

Barn:
a. Carl August Fritz (f.1873)
b. Jensine Marie Abrahamsen (f.1876)
c. Ferdinand Severin Abrahamsen (f.1877)
d. Jens Emil Abrahamsen (f.1884)

 

Maren Malene (Magdalene) (Amalia) Knudsen og Mons Pedersen Lie

To veker etter at dottera Marie Petronelle vart født i Kristiansand, gifta Mons Pedersen Lie (1830-1919) seg i Bergen Domkirke med Maren Malene (Magdalene) Knudsen (Pedersdatter) (1832-1922). Maren Malene blei født 11. september 1832 og døypt i Bergen Domkirke 3. februar 1833. Foreldrene til Maren Malene var Peter Olaj Knudsen Ulsteen, født 6. september 1806, og Bernthine Elisabeth Andersen. Når Bernthine Elisabeth var født og kven som var foreldra, er ikkje kjent. Av ukjent årsak brukte Maren Malene heile tida namnet Amalie. Maren Malene var andre kona til Mons etter at fyrste kona døyde i barsel i 1863.

Systre til Maren Malene (Amalia) var Petronelle Johanna Elisabeth Pedersen (Knudsen) (f. 1835) og Fransine Marie Pedersen (Knudsen) (f.1838). Far var Peter Olaj Knudsen Ulsteen (f.1806), son til jekteskipper og handelsmann (høkker) Knud Knudsen Ulsteen (f. 1765) og Maren Andersdatter (f. 1766). Knud og Maren gifta seg i Bergen i 1798. Peter Olaj arbeidde saman med faren med frakt langs Norskekysten. Eldstebroren Knud Andreas Knudsen Walle (1801-1831) gifta seg i Nord Norge og arbeidde som fiskar. Han forsvann på havet i Efjord i Lødingen prestegjeld i 1831, 29 år gammal, og etterlot seg kone og fleire born. Faren, jekteskipperen Knud Knudsen, antar ein forsvann på havet eller i fangenskap i England under Napoleonskrigane.

Vi veit ikkje kvifor Marie Malene brukte namnet Amalie og kvifor namna på barna kan tyde på at Maren Malene og Sophie Amalia kan ha vært same person. Det som ikkje rimer er at Maren Malene (Amalie) skal vere født i 1832 og Sophie Amalia i 1842.
DNA-treff frå etterslekta kan tyde på at Marie Petronelle (1865-1934), Fredrik Martin August (1869-1956), Mons Olai (f.1872), Augustine Mandine Jørgine, ikkje var halvsysken, men heilsysken. Dette stemmer ikkje med at Sophie Amalia i 1872 skal ha gifta seg med skomakar Fritz Abrahamsen i Kristiansand. Om det stemmer at Sophie Amalia gifta seg med skomakar Fritz Abrahamsen og etablerte familie i Kristiansand, kvifor vart den uekte dottera Marie Petronelle buande saman med besteforeldra i Henrik Wergelandsgate 100 og understøtta av Kristiansand Fattigvesen?

I 1875 står Mons Pedersen Lie oppført som inderst, maskinist og verksarbeider i Lungegården. Han bur då på nordre Solheim på Danmarksplass saman med kona Amalie (Maren Malene) Pedersen Lie og barna Johan Pedersen Lie, Hans Olai Pedersen, Fredrik Martin August Pedersen og Mons Olai Pedersen.

Barn:
a. Fredrik Martin August (1869-1956). Busette seg i Bergen.
b. Mons Olai (f.1872). Forsvann i Sør-Aust Asia (Bak India/Indo-Kina).
c. Augustine Mandine Jørgine (f. 1874). Flytte til Storbritannia.


 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Tarald,

 

Eg såg du brukte DNA frå testar i familien for å finne ut at du/de kjem frå reisande.

 

Kan du skrive litt om korleis du avgjer kven i anetreet desse segmenta kjem i frå, om storleik osv.?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Sigmund,

 

Eg nyttar kromosomlesar og triaungulering og ser på DNA segment (2 centi Morgan - 8 centi Morgan) som overlappar i posisjon på same kromosom. DNA-prpvar er teken frå 8 familiemedlemmer. Min kone kjem frå "taterslektene" Rydberg (Sverige, Levanger, Hamar) og Stølan (Aleksandersen) (Hemne og Halsa på Nordmøre). Oldefar var Johan Alfred Rydberg og oldemor Henrikke Nikoline Aleksandersdatter Stølan (Rydberg). Henrikke sine besteforeldre på mora si side (mor til Henrikke: Henikke Nikoline Marie Andreasdatter Kanestrøm/Vormlid/Gisvoldløkken) var Andreas Nilsen og Åse Kanestrøm, kjente taterfamiliar frå Nordmøre og Lesja. Johan Alfred Rydberg som var gift med Henrikke, og brørne Elias Edvard Rydberg og Robert Wilhelm Rydberg stamma frå "Qvacksalverske" Ingeborg Pedersdatter (Solør, Levanger) (gift Rydberg) og Johan Eric Rydberg frå Falun eller Kopparberget i Sverige. Johan vart født i Bergsjø i Helsingeland 25. august 1860. 

 

På min mor si side finn vi Rydberg frå Levanger og Rydberg frå Kopparberget i Sverige som står omtala som omstreifarar. Når eg ser på overlapp i DNA på same kromosom frå nålevande medlemmer av etterslekta, finn vi i deira slektstre taterslekter med namn som Kanestrøm, Holm, Rosenberg, Lind, Vardal, Svorkmo, Andersen, Andreassen m.m.

Må nok arbeide vidare med DNA triangulering og leiting i skriftlege kjelder for å finne fleire svar på korleis dette heng saman.

Ved bruk av DNA har vi klart å dokumentere kven som var min tipp-oldefar på min far si side og tre-menning på mi bestemor si side. Dermed har vi fått inn nye og fram til i dag "ukjente" greiner i slektstre. Min tipp-oldefar fikk mi oldemor utafor ekteskap, noko som i alle generasjonar etterpå ikkje skulle snakkas om. DNA-analysar kan etter mi vurdering vere eit viktig reiskap for å kome nærare dei biologiske slektskapa i familiar. Truleg er det mange som står oppført som fedre i kyrkjebøkene, medan det er andre som er dei biologiske fedrene. 

 

Helsing

Tarald Seldal

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
On 5/8/2020 at 2:43 PM, TARALD SELDAL said:

Sophie Amalia og Fritz Abrahamsen
Tretti år gammal, den 4. oktober 1872, skal Sophie Amalia ha gifta seg i Kristiansand med skomakar Fritz Abrahamsen (f.1848) frå Søgne. I 1865 er Fritz læregut som skomakar og bur då på Kapeløen i Nyhellesund. Fritz hadde i 1875 forretninga Skomaker Abrahamsen. Familien budde i Christian IV`s gate 90 i Kristiansand. Fritz og Sophie Amalia fekk barna:

Barn:
a. Carl August Fritz (f.1873)
b. Jensine Marie Abrahamsen (f.1876)
c. Ferdinand Severin Abrahamsen (f.1877)
d. Jens Emil Abrahamsen (f.1884)

 

Kirkebøkene er ikkje transkribert, men fann:

Fritz Abrahamsen d. 4.5.1898: https://www.digitalarkivet.no/kb20051205010365
Sofie Amalie Abrahamsen Eg d. 10.3.1918: https://www.digitalarkivet.no/kb10411207060107
- Hennar dødsannonse: https://www.nb.no/items/6f077790c9a2c64af95e0c26a4cec618?page=1

 

Dei hadde litt fleire born:

a. Carl August Fritz (f.1873)
b. Jensine Marie Abrahamsen (f.1876)
c. Ferdinand Severin Abrahamsen (f.1877) - d.1878: https://www.digitalarkivet.no/kb20070607350390

d. Ferdinand Severin Abrahamsen (f.1879) - d.1923: https://www.digitalarkivet.no/kb10411207060181

e. Nikolai Martin Abrahamsen (f.1881)

f. Jens Emil Abrahamsen (f.1884)

 

 

 

Sjå også: https://forum.arkivverket.no/topic/207877-ingeborg-olsdtr-grønlien-fresvik-i-sogn

 

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 5/8/2020 at 2:43 PM, TARALD SELDAL said:

Vi veit ikkje kvifor Marie Malene brukte namnet Amalie og kvifor namna på barna kan tyde på at Maren Malene og Sophie Amalia kan ha vært same person. Det som ikkje rimer er at Maren Malene (Amalie) skal vere født i 1832 og Sophie Amalia i 1842. DNA-treff frå etterslekta kan tyde på at Marie Petronelle (1865-1934), Fredrik Martin August (1869-1956), Mons Olai (f.1872), Augustine Mandine Jørgine, ikkje var halvsysken, men heilsysken. Dette stemmer ikkje med at Sophie Amalia i 1872 skal ha gifta seg med skomakar Fritz Abrahamsen i Kristiansand. Om det stemmer at Sophie Amalia gifta seg med skomakar Fritz Abrahamsen og etablerte familie i Kristiansand, kvifor vart den uekte dottera Marie Petronelle buande saman med besteforeldra i Henrik Wergelandsgate 100 og understøtta av Kristiansand Fattigvesen?

I 1875 står Mons Pedersen Lie oppført som inderst, maskinist og verksarbeider i Lungegården. Han bur då på nordre Solheim på Danmarksplass saman med kona Amalie (Maren Malene) Pedersen Lie og barna Johan Pedersen Lie, Hans Olai Pedersen, Fredrik Martin August Pedersen og Mons Olai Pedersen.

Barn:
a. Fredrik Martin August (1869-1956). Busette seg i Bergen.
b. Mons Olai (f.1872). Forsvann i Sør-Aust Asia (Bak India/Indo-Kina).
c. Augustine Mandine Jørgine (f. 1874). Flytte til Storbritannia.

 

At Maren Malene og Sophie Amalia skal vere same person er vel ikkje så sannsynleg?

 

Mons og Maren Malene får born i hhv 1869, 1872 og 1877. I Bergen.

Fritz og Sophie Amalia får born i hhv 1873, 1875, 1877, 1879, 1881 og 1884. I Kristiansand.

 

 

Første ekteskapet til Mons.

Born:

i. Johan Jørgen Pedersen Lie aka Johan George Monsen (1858-1906). Døydde ugift (truleg) i Bangkok, Thailand.

ii. Hans Olai Pedersen (1861-1890). Gift, ingen eigne born, men adopterte ei jente (Inga Oda).

 

Andre ekteskapet til Mons.

Born:
a. Fredrik Martin August (1869-1956). Busette seg i Bergen. Han d. 10.9.1956 (var gift, 5 born).
b. Mons Peter Olai (f.1872). Forsvann i Sør-Aust Asia (Bak India/Indo-Kina). Forsvann eller døydde? Kan evt. dødsfallet tidfestast?
c. Augustine Mandine Jørgine (f. 1877-1963). Flytte til Storbritannia. Ho (Augusta) d. 9.1.1963 Lancashire, England (truleg ikkje gift eller born).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 1/9/2023 at 3:59 PM, Lars.O.Wangensteen said:

Jeg har noen fangeprotokoller og arrestprotokoller for Christiansand Tugthus 1855-1875.

 

@TARALD SELDAL har kanskje interesse av dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Tarald Seldal: Du skriver 4.mai 2020: "Mysteriet er kven Sophie Amalia eigentleg var? Skal eg tippe vart ho døypt Marta Marie Kanestrøm Vormlid frå Hemne/Halsa på Nordmøre, født 1841. Dette vil i så fall stemme med DNA-match med etterslekta. Foreldra til Marta Marie var dei kjente taterane Aase Johannesdatter Kanestrøm Vormlid og Andreas Nilsen Stølan frå Lesja/Halsa/Hemne".  Jeg har følgende på Marta Marie:  Marta Marie Andreasdatter Kanestrøm  -"Marthe", f.1840, dpt.1840 på Austre Toten (jeg hadde tidligere 1841 i Opdal).  Gift  22-10-1860 i Hemne med søskenbarnet Nils Andreas Henriksen Storø fra Hevne, f.ca.1838  -se Grisilla ovnf.  De er nevnt i Vegø 1865 (nr.407), og reiste da sammen med Martas søster Henrikke. De skal ha hatt 6 barn som alle er døde før 1905 (Jacob Walnum 1905 under Aafjord).  Hun ble 1888 gift med Anders Olsen Solem eller Sunde, f.1849  -se Vang.  Med andre ord: Sophia Amalia er definitivt ikke identisk med Marta Marie Kanestrøm!  Det var svært uvanlig at folk tok helt andre navn på den tiden, utenom forbrytere som skulle skjule seg.  Med det som er lagt fram om Sophie Amalia, inkludert dåpsinnførsel og folketellingsnotater, kan jeg vanskelig se at hun skal være så "mystisk" ...  Men hvem vet?  Der er nok mange tilfeller av "feil" paternitet som aldri vil bli oppdaget ... 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Tarald!  Jeg ser du skriver at du muligens har bl.a. Vardal og Rosenberg i din mors slekt.  Dette er også slekter jeg kommer fra.  Jeg har også mye om Rydberg.  Kanskje du skriver en PM der vi kan finne ut av eventuelt slektskap? 🙂   Jonny

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg held på å sende ei bok i trykk som omhandlar mykje av dette.

Den er på omlag 250 sider fordelt på 10 kapittel. Arbeidet har tee 3-4 år

 

Eg har ei Facebook gruppe ad. boka som heiter Marie Petronelle - Bokprosjekt

 

Eg kan invitere deg inn her

 

Helsing

Tarald Seldal

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott, Tarald!  For ordens skyld: Mitt profilbilde på Facebook er et foto tatt da jeg var 9-10 måneder gammel - samme som til venstre her 😉  Jonny

Endret av Jonny Mydland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.