Gå til innhold
Arkivverket

Anders Olson Valaker - Kven sin son er han?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

1.    Bygdeboka for Innvik - Stryn 2:3:2, side 221  fortel at Ola Olson Valaker, f. ikring 1620, gift med ei Sigrid er brukar på Olabruket i 1644. Men i 1650-åra er ein ny Ola komen til Valaker, nemleg Ola Andersson, også han fødd i 1620. Han brukar same gardparten som Ola Olson Valaker hadde brukt, og er truleg gift med enkja etter Ola Olson. 

Vidare er det sagt at Anders Olson, som følgjer etter Ola Andersson, er f. rundt 1640, døde 70 år gammal i 1710, og er brukar i 1670-åra.

Spørsmålet er : Er han son til Ola Olson Valaker eller son til Ola Andersson Valaker, eller er han ikkje son til nokon av dei?

https://www.nb.no/nbsok/nb/f2ded7a89d71425a218d5da8a4fbe950.nbdigital?lang=no#224

 

Sokneprestenes manntal 1664-66  https://media.digitalarkivet.no/view/35521/121  opererer  med 5 brukarar på Valaker: Joen Oluffson på 60 år; Joen Lauritsson på 50 år;  Anders Olsson på 46 år; Lauritz Rasmusson på 50 år og Oluff Oluffson på 44 år.

 

Jon Olufson er brukar på Valaker 3, Jon Lauritsson på Valaker 2, Lauritz Rasmusson på Valaker 4 og Oluff Oluffson på Valaker 1, altså Olabruket. Såvidt er forstår betyr dette at Ola Olson Valaker framleis er i live og at han dermed også må vere far til Anders Olson.

Men den Anders Olufson som også er nemnd som brukar, kven er det?

 

 Fogdenes og sorenskrivernes manntal  1664-66 har med dei same brukarane: https://media.digitalarkivet.no/view/35574/85

 

 

2.   I framhaldet av dette oppstår det eit nytt problem: Anders Olson Valaker, f. ca. 1640, d. 1710 er gift to gonger, først med Anne Hansdatter Faleide. Ho døydde før 1690, men det er ikkje sagt kor lenge før.  Så gifter Anders seg for andre gong med Synnøve Olsdatter Kårstad, d. før 1706. 

Ei dotter, Anne, er nemnd. Ho døde 86 år gammal i 1756. Ho var då fødd rundt 1671. Sonen Ola Andersson døde 74 år gammal i 1753. Han skal etter det vere fødd i 1679. Dette skulle tilseie at dei begge to er born av Anne Hansdatter, første kona til Anders Olson Valaker, for ho levde til framimot 1690. Men så skriv Jakob Åland i bygdeboka at Ola var son til Synnøve, og det skaper problem. Om det er tilfelle, må han vere son av Synnøve frå eit tidlegare ekteskap eller ein uekte son. I motsett fall er det som BB skriv feil. 

 

Manntalet i 1701 finn vi her:   https://media.digitalarkivet.no/view/38456/144   

Det noterer Anders Olson  som brukar. Han er 61 år, altså fødd i 1640. Han har sonen Olle på 19 år som bur på bruket. Dette er vel den Ola Anderson som skulle vere Synnøve, andre kona til Anders sin son. Ifølgje det som står her skal han altså vere fødd rundt 1682. Kven er så mor hans?

Endret av HelgeHånes
Rette opp feil i teksten
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til spørsmål nr 2: Skiftet etter Anders i 1710 inneheld borna Ola Andersson, Sigrid Andersdtr gift med Jakob Antonson Sunde, Brite Andersdtr gift med Nils Andersson Valaker, Anne Andersdtr, buande på garden, vanvittig, formyndar Jakob Sunde, Gjertrud Andersdtr gift med Kristen Rasmusson Verlo, og Agnete Andersdtr gift med Arne Heljeson Lyslo.

 

I skiftet etter Salomon Hansson Faleide i 1714 er det nemnt at systera Anne Valaker har 2 gjenlevande døtre, men det er dessverre ikkje nemnt noko namn. Uansett seier dette oss at Ola må vere son til Synnøve, eller at Anders har hatt endå ei kone FØR Anne.

 

Eg sit og les gjennom 1706-skiftet og prøver å finne om der er meir å hente.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Aase. Det er nok ikkje lett å finne ut av dette i og med at kyrkjebøkene for Innvik berre går tilbake til 1750. Så då har vi vel stort sett berre skifteforretningar å basere oss på, og langt frå alle hadde offentleg skifte, så då er vi vel like langt.

I og med at Anne hadde to gjenlevande døtre og ingen gjenlevande son i 1714, og Ola Andersson lever i beste velgåande til 1753, må vi nok, som du konkluderer, forstå det slik at Ola er ein son Anders hadde med andre kona si, Synnøve. I kyrkjeboka er han ført som 74 år då han døde: https://media.digitalarkivet.no/view/11506/47662/3    Det seier oss at fødselsåret er 1679, sjølv om erfaring viser at slike aldersanvisningar ikkje er heilt å stole på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er dessverre ikkje noko meir å hente i dette store 1706-skiftet på Erdal i Oppstryn heller. Der står berre at Synnøve Olsdtr Valaker sine born arvar; verken tal eller namn er nemnde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står at ho er død før 1706. Det veit vi, sidan det er borna hennar som skal arve Synnøve sitt syskenbarn på Erdal i 1706. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser forresten at eg har notert at Anne sin far er død 1680. Det vil mest sannsynleg seie at skiftet etter han er referert i eit anna skifte; eg skal leite litt rundt. REDIGERT: Eg finn det i alle fall i broren Salomon sitt skifte i 1714; der er det referert til skifte etter foreldra i 23.10.1680.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er noko som absolutt ikkje stemmer her.  Eg trur ikkje denne Anne Hansdtr Faleide kan ha vore gift med Anders Olsson Valaker.

Grunnen til dette er det som står i skiftet etter Salamon Hansson Faleide i 1714 - der er nemleg dei to døtrene til systra Anne kalla "pigebørn" og Tor Fløtre er oppnemnt formyndarar for begge.  Det vil faktisk seie at også Anne sin mann må vere død før 1714, elles hadde HAN vore formyndar. 

 

I skiftet etter Anders Olsson Valaker er det berre EIN arving som får formyndar, og det er den vanvittige Anne, som er nr 3 av døtrene.

 

Så no klipper eg over bandet mellom Anders og Anne Hansdtr og leitar etter ein ny mann til henne - kven det no måtte vere.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette høyrest rett ut. Om det du skisserer her er rett har alle borna til Anders Olson Synnøve som mor, dersom han då ikkje hadde ei anna kone, som vi ikkje veit noko om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.