Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Thomas Harper - døydde i Portland, OR 26.4.1939 - Kan nokon hjelpa meg finna ein OBITUARY for denne karen?


Recommended Posts

Frå the Oregon State Death Index finn eg at

 

Thomas HARPER døydde i Portland, OR 26.4.1939.  Det er noko omstritt kven denne mannen var, og eg vonar at ein OBITUARY kan avklara noko?

 

Det vert oppgjeve ved dødsfallet at kona heitte Gladis!

 

Eg leiter etter ein Thomas Dustin HARPER som var fødd i Linn Co., OR 8.9.1859 og som eg trudde døydde i Whitman Co., WA eller i Wasco Co., OR kring 1898/1899...  Kanskje det let seg gjera òg å søkja OBITUARY etter ein som høver til denne omtalen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Frank Marton for interessante og forsovidt avklarande innlegg om dødsfallet til Thomas Harper!

 

Det er heilt tydeleg at dette IKKJE kan vera den Thomas Harper som eg leiter etter.  Alderen vert jo heilt feil...

 

Som eg nemnte over, so trur eg at «min» Thomas Harper døydde før hundrerårsskiftet og at kona Alma var enkje då ho i 1899 gifte seg att...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

I dette emnet har Anne finne ei kunngjering om eit skilsmål mellom Thomas D. HARPER og kona Alma frå 1898:

https://forum.arkivverket.no/topic/247815-løyst-william-goble-shirrell-og-alma-v-harper-vigde-i-idaho-2961899-busette-i-whitman-co-wa-avisomtale-av-denne-vigsli/

 

Då var med andre ord Thomas D. Harper framleis i live på den tidi, og han kan jo godt ha levd i mange år etter!?

 

Eg er sjølvsagt interessert i opplysningar om lagnaden hans, men veit ikkje kvar ein då skulle leita...  Kan han ha teke vegen nordover til British Columbia?  Eller til Klondike?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand når det gjeld Thomas Harper!

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi!

 

Det ligg fleire family trees for denne huslyden hjå ancestry.com, inkl. dette: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/167384850/person/382174759036/facts

 

FT1880 gjev oss eit godt bilete av huslyden: https://www.ancestry.com/interactive/6742/4243848-00569/20822398?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/167384850/person/382174759038/facts/citation/1062243320155/edit/record

 

Her er ei av søstrene: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/167384850/person/382173340860/facts

 

Kanskje kan ein OBITUARY finnast for Kate MOE som døydde 7.2.1918?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi!

 

Eg set stor pris på at du jobbar so intenst med denne utfordringi.

 

Eg har i ymse family trees sett ei «antyding» til at Arthur heitte Glenn til mellomnamn, men eg er ikkje sikker...

 

Nok en kjempetakk for framifrå bistand!

  • Takk 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.