Gå til innhold
Arkivverket

SF Stryn - forsøk på retting av ei muleg feilkobling i bygdeboka; kven var Anne Hansdtr Faleide gift med på Valaker i Utvik? Er det nokon som kan hjelpe?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I 1714 er det skifte på Faleide i Innvik etter ungkaren Salamon Hansson som er død i utlandet; gjerne i samband med den langvarige krigen i Norden på den tida. 

 

 https://www.digitalarkivet.no/sk20081127700611

 

Sidan han ikkje har livsarvingar, er det syskena eller deira etterkomarar som arvar han. Dei er oppgjevne til å vere:

 

1. Avdøde Peder Hansson Faleide sine 5 born; 2 søner og 3 døtre.

2. Avdøde Simon Hansson Ekren sin eine attlevande son Hans Simonson Røberg.

3. Avdøde Ola Hansson Valaker sine 5 born; 2 søner og 3 døtre.

4. Brite Hansdtr, gift med Ola Navelsaker.

5. Avdøde Anne Hansdtr Valaker sine 2 attlevande døtre. 

6. Gunnhild Hansdtr, gift med Jakob Sæten.

Under opprekninga av buet blir det fortalt at "den salige karl" m.a har  arv etter foreldra i følgje skiftebrev av 23.10.1680; dette skiftet er ikkje bevart, så vidt eg kan sjå.

 

Det er nr 5 Anne Hansdtr sitt livsløp eg prøver å finne litt meir ut av.  Under utloddinga blir det sagt at Tore Fløtre blir utnemnt til formyndar for døtrene hennar - "disse børn".  Det er ikkje oppgjeve patronym på Tore Fløtre, men eg går ut frå at han er identisk med Tor Knutson Fløtre, som er gift med Anne Pedersdtr Faleide - ei av døtrene til arving nr 1. 

 

Jakob Aaland som skreiv bygdebøkene for Nordfjord for snart 100 år sidan, sette denne Brite Hansdtr inn som ei fyrste kone, (død før 1690) av Anders Olsson Valaker (ca 1640-1710) på br nr 1, før Synnøve Olsdtr Kårstad, død før 1706, og det er sikkert fleire enn eg som har trudd han på det. Men i samband med Helge Hånes sitt tema om Anders Valaker, oppstår det eit problem.

 

 

Skiftet etter Anders i 1710 inneheld borna Ola Andersson, Sigrid Andersdtr gift med Jakob Antonson Sunde, Brite Andersdtr gift med Nils Andersson Valaker, Anne Andersdtr, buande på garden, vanvittig, formyndar Jakob Sunde, Gjertrud Andersdtr gift med Kristen Rasmusson Verlo, og Agnete Andersdtr gift med Arne Heljeson Lyslo. 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0004b: Skifteprotokollar, 1709-1711, s. 324b-325a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127700123
 

Det er altså berre EI av arvingane her som treng formyndar, og ho får oppnemnt svogeren Jakob Sunde. Dersom nokon av Anders sine born også skulle arve på Faleide 4 år etterpå, ville dei nok fått same formyndar som i 1710. Dessverre er alderen til Anders si dotter Anne gøymt bak ein blekk-klatt i protokollen, men eg TRUR det står 26 aar. I kyrkjeboka står det at ho er 86 år ved død i 1756, men det kan vere overdrive. Men uansett: Ho er så gammal at ho ikkje ville gått under uttrykket "disse børn" i 1714, og ho er den einaste med formyndar. 

 

Så då sit eg att med det store spørsmålet:  Kven var Anne Hansdtr Faleide DÅ gift med? Ho er plassert på Valaker ved skiftet på Faleide i 1714, og vi veit at også mannen hennar må vere død då, sidan borna får oppnemnt ein fjernare formyndar.

 

Er det nokon med kunnskap om Faleide eller Valaker som kan hjelpe til her?

 

(Eg kan tilføye at det finst eit skifte i Erdal i Oppstryn i 1706 der den andre nemnde kona, Synnøve Olsdtr, er arving;  http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24218/303 men der står dessverre berre at borna hennar arvar; verken namn eller tal er nemnt).

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.