Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øllegaard-namnet i indre Sogn - kjenner nokon opphavet til dette namnet?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jentenamnet Øllegaard, til dagleg gjerne avstutta til «Øllgård» eller berre «Ølla», er vel i dag heilt borte frå indre Sogn, og ifølgje «Opplysningi 1881» finst det berre to personar med dette namnet i heile Noreg i dag, som båe bur austafjells.

 

Namnet har aldri vore vanleg i indre Sogn, men det har fulgt nokre ætter som stort sett høyrde til dei «øvre» skikti, mellom anna ætti Klingenberg i Sogndal og ogso ætti Teiste i Hafslo.  Men  kvar kom dei ifrå?

 

* Øllegaard Pedersdotter var truleg fødd kring 1570 og kom til Kroken i Hafslo då ho kring 1605 gifte seg første gongen med Johan Andersson Teiste (1560-1607), son av Anna Johansdotter Kruckow.

 

* Øllegaard Mortensdotter var fødd i Sogndal kring 1625 som dotter av gardbrukar Morten Larsson i Amla og kona Guri Mikkelsdotter Due, prestedotter frå Sogndal.  Denne Øllegaard gifte seg med Peder Jensson Klingenberg og vart stammor for Klingenberg-ætti i indre Sogn.

 

So vidt eg kan sjå, ættar alle Øllegaard'ane i indre Sogn frå ei av desse to, og fleire greiner har òg forvilla seg til Bergen!  Eg ser ikkje noko ættemessig samband mellom dei to!

 

Eg er forsovidt interessert i båe desse jentene og opphavi deira, men er det mogeleg å komma vidare med nokon av desse huslydane?  Ser me på kven t.d. Øllegaard Pedersdotter goifte seg med, kan ho ikkje ha vore noki «kven som helst», men kva for ein Peder som var far hennar, har eg aldri sett nokon teori om!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jarleif Nordheim

Jeg er en av de med mange øllegård´er i min slekt - senest ei tante Ølgård..

 

Jeg har notert at Jon Laberg: Årdal i Sogn s 324, var din Øllegård datter av Morten Lauritzen Amla første kjende eigar av garden Hestetun i Øvre Årdal. Han var i følge samme kilde opprinnelig fra Romsdalen. Laberg meiner at Morten fekk Hestetun med kona si Guri Due, og garden gikk videre til deres datter Øllegård som vart gift med Peder Jenssen.

 

Men konkret dokumentasjon mangler jeg.

 

vh Jarleif

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torodd Kinn
Posted (edited)

Eg legg inn det førsteutgåva av Norsk personnamnleksikon skriv om namnet; eg skriv ut dei spesielle forkortingane. Dette svarar jo ikkje på ditt spørsmål, Lars, men det kan gjerne vere av interesse.

 

Øllegård, femininum, dansk namn, truleg av gamalhøgtysk Odalgart, samansett av Odal- 'arvegods' og -gart 'gjerde, vern' (svarar til > -gjerd). Kjent i Sør-Trøndelag sidan 1500-talet (dansk innflyttar). Ein del nytta i Hordaland, Sogn og Fjordane og særleg Nord-Noreg (m.a. Ibestad) frå 1700-talet til ca. 1930. Har tapt seg mykje i vårt hundreår [1900-talet]. I Hordaland og Sogn og Fjordane har det tradisjonelt òg forma Ølgård.

 

 

Edited by Torodd Kinn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Else B. Rustad

Jeg har to Øllegaard i min slekt: Øllegaard Jersin Hanning (1726-1805) og Øllegaard Sophia Lem (1797-1809)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke

I slektsprogrammet mitt - og det gjeld då for barnebarnet mitt Isak 5 og eit halvt år, har eg Øllegaard Mortensdtr (10 x tipp!)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Astrid Ryen

En grubearbeider ved Røros Nils Hansen Sjøen hadde en datter Øllegaard som ble gift med Peder Halden (Hallen). Hun døde etter et par års ekteskap. Peder Hallen giftet seg noen år senere med Anne Kirstine Christensdatter, deres eldste datter ble døpt Øllegaard Chatrine (min ane). Den før nevnte Nils Hansen Sjøen hadde to sønner Jens og Peder (tvillinger). Jens var i Folldal en tid, men kom tilbake til Røros, han hadde en datter Øllegaard, men hun hadde ingen etterkommere. Sønnen Peder Nilsen var tømmermann ved Dragås Hytte, også han hadde en datter Øllegård. Det var skifte etter Nils Hansen Sjøen i 1754, først da fikk jeg vite at avdødes kone het Anna Olsdatter Kold! Sønnen Peder i Ålen sørget for henne til hun døde. Sønnen Jens var den som i alle år hadde tatt seg av foreldrene , og skifteforvalteren Borchgrevingk mente det var rimelig at broren Peder sørget for moren. Nils Hansen Sjøen hadde videre en sønn Nils som bodde i Rendalen, om han hadde en datter Øllegaard, vet jeg ikke.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Kristensen
Posted (edited)

Navnet forekommer også i Salten på 1600-tallet, og sprer seg til Finnmark med en innflytter på 1700-tallet. Se 

 

 

Edited by Ivar Kristensen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk for mange spennande og interessante kommentarar om Øllegaard-namnet!

 

Det er tydeleg vanskeleg å påvisa eit sams opphav for namnet, men det som synest heilt klart, er at Øllegaard Pedersdotter i Kroken, fødd kring 1570, må vera ein innflyttar «av høg byrd», mest truleg frå Danmark eller kanskje frå Schleswig-Holstein.

 

Når det gjeld Morten Larsson i Amla, er det truleg han som har bragt namnet til Amla, og mykje tyder vel på at ogso han har vore danske.  MEN det som òg er mogeleg, er at Morten og Guri i Amla har kalla opp dotter deira etter «fru Øllegaard» i Kroken - det var ikkje so langt mellom desse gardane, og dei hadde ganske sikkert «sosial omgong»...!

 

Eg takkar på ny for alle tankar og innspel i denne saki og vonar at det kanskje kan dukka opp endå fleire spennande opplysningar...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Johan I. Borgos

I Vesterålen (Andøy, Bø, Hadsel, Sortland og Øksnes) har jeg 29 Øllegård'er, den eldste født 1686 (innflytter fra Bjarkøy, Troms), den yngste født i Øksnes 1866. Hovedtyngda mellom 1720 og 1820.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan for eit spennande innlegg!

 

Det dukker etter kvart opp ganske so mange Øllegaard'er i nord.  Eg trur ikkje dei hadde noki tilknytting til dei eg har finne i Sogn, og eg kan ikkje dy meg for å spekulera på kvar dei i nord opphavleg kan vera komne ifrå.  Er kan henda ho frå Bjarkøy stammor til dei andre i Vesterålen?  So må jo Øllegaard frå Bjarkøy ha namnet sitt frå ei eller anna eldre Øllegaard...  Kanskje danske embetsfolk eller «lågadel»?

 

Eg er spent på kva som elles kan dukka opp...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Johan I. Borgos
2 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Er kan henda ho frå Bjarkøy stammor til dei andre i Vesterålen?

 

To Øllegård'er var etterkommere av dama fra Bjarkøy, men ikke de andre. I ei tid med store barneflokker kunne det bli "manko" på høvelige døpenavn, da var ofte et nytt og kanskje uvanlig navn et fristende valg. Øllegård fra Bjarkøy blei mest sannsynlig oppkalla av den grunn. Oppkalling er et meget usikkert genealogisk spor, i hvert fall nordpå.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke

Dette fann eg då eg leita etter noko heilt anna:

Øllegaard Kahrs – 20 år – gift 23. juni 1866 i Austrheim – med Mikael Brygger 22 år.

Nr 25:

SAB, Lindås Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 16, 1863-1875, s. 126

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050826010127

Ho er fødd på Kræmmerholmen på Fedje.

 

Far hennar var Christopher Kahrs 1792-1867. Han dreiv handel på Fedje og gjestgiveriet i Kilstraumen.

Christopher gifta seg i 1811 med Øllegaard Meyer 1792 – 1839.

Dei fekk 5 born saman og dottera Øllegaard blei fødd 19. mars 1832 – iflgj denne her:

http://hanseater.no/tng/getperson.php?personID=I9451&tree=hansa

 

Og så er det masse masse Øllegaarder her – og danske er dei.

https://www.ddd.dda.dk/nygaard/vis_navn.asp?felt=Fornavn&navn=%C3%98lleg%C3%A5rd%20Kristiane

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke
11 minutes ago, Jostein Stokke said:

Dei fekk 5 born saman og dottera Øllegaard blei fødd 19. mars 1832 – iflgj denne her:

http://hanseater.no/tng/getperson.php?personID=I9451&tree=hansa

 

Nåja - far hennar heiter Christoffer Kahrs  ved  dette giftarmålet - og ho er fødd på Kræmerholmen som er på Fedje - men elles stemmer ikkje noko som helst............

Men Øllegaard heitte ho!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
3 timer siden, Johan I. Borgos skrev:

I ei tid med store barneflokker kunne det bli "manko" på høvelige døpenavn, da var ofte et nytt og kanskje uvanlig navn et fristende valg. Øllegård fra Bjarkøy blei mest sannsynlig oppkalla av den grunn. Oppkalling er et meget usikkert genealogisk spor, i hvert fall nordpå.

 

Enig med deg Johan. I Danmark var ikke Øllegaard navnet spesielt uvanlig, og er brukt både som fornavn og etternavn. Så navnet kom nok derfra en gang i tiden. 

 

Fra Rigsarkivet;

https://www.sa.dk/find/#q=Øllegaard

 

https://www.sa.dk/find/#q=Øllegård&side=1&fra=1500&til=1700

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan, Jostein og Ivar for nye store og interessante innlegg!

 

Me lyt nok etter kvart innsjå at opphavet til dei to nemnde Øllegaard'ene i indre Sogn som eg har teke utgongspunkt i for dette emnet, ikkje vert lett å finna.  Men danske har dei nok vore, i alle fall Øllegaard Pedersdotter....

 

Elles til Ivar: Jau, eg greier å opna dei danske lenkene i innlewgg #16 utan vanskar.  Boki til Bondesen er vel attgjevi i emnet om Gjertrud Syndbye, men dei andre, som òg er interessante som kjeldelitteratur, har vel ingen direkte relevans...?  Eg veit ikkje...

 

Nok ein kjempetakk for merksemdi kring Øllegaard-namnet og opphavet til dei to sognejentene!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Trond Myrstad

Jeg har også Øllegaard fra Salten i databasen min; Øllegard Pedersdatter f. ca 1690, gift til Stemland, Valnesfjord. Hun var (sannsynligvis) barnebarn til en pastor i Salten (med dansk opprinnelse).

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke
Posted (edited)
14 hours ago, Jostein Stokke said:

Far hennar var Christopher Kahrs 1792-1867.

 

Eg likar å retta opp att (alle feil i frå i går...)

 

Øllegaard Christoffersdtr Kahs – fødd på Fedje – gift i 1866 med Mikael Brygger.

 

Christopher Kahrs 1792-1867 var farfaren hennar -faren heitte og Christoffer 1818-1874.

Mora var Karen Andrea Daae  1817 – 1895.

 

Vår Øllegaard var fødd 20. juni 1847 – nr 49:

SAB, Lindås Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 10, 1842-1862, s. 123

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050826020382

 

Ho fekk også ei dotter Øllegård i 1886.

 

Så skulle den saka vera ute av verda

Edited by Jostein Stokke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tor Kvien

Ein Michael Pedersen Klingenberg og kona Johanne Pedersdatter Tonning er nemnde fleire stader i skiftet etter svigerfaren, Peder Rasmusen Tonning.

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.a.1, Sted: Nordfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12493&uid=ny&idx_side=-3

Av kjende born:

Øllegaard Michelsdatter død etter 1735, og Peder Michelsen Klingenberg fødd rundt 1700 i Sogn.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.