Gå til innhold
Arkivverket

Hustandsmedlemmer på adresse i Odda


Solfrid Vestaberg
 Del

Recommended Posts

Hei

 

Jeg prøver og finne ut når et bestemt hus ble bygd og hvem som har bodd der. Har dere mulighetere til og gjøre oppslag på dette eller er det noe steder jeg kan søke selv? Dette gjelder Eitreheimsvegen 41, Odda i Hordaland, nå Ullensvang, som tidligere hadde gnr 62 og bruksnr 231, men har visstnok i dag gnr 62 og bnr 128 hvis de opplysningene jeg har er riktig. Kan man også sende en forespørsel til Folkeregisteret siden jeg ønsker opplysninger på hvem som har bodd der fra huset ble bygd og frem til ca 1940?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kontakt i første omgong byggesaksavdelinga i kommuna for å finne ut kva dei har registrert om huset.

 

Gnr/bnr 62/231 (Eitrheimsvegen 41) i Ullensvang (tidlegare gnr 62 i Odda og før det igjen gnr 32 i Odda) vart skilt ut frå gnr/bnr 62/128 i 1978. Slike ting kan du finne ut ved å studere gammal grunnbok som du kan få oppslag i via lenka under. Der kan du også sjå kven som har hatt skøyte på bruka.:

https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb

 

Då ein (i tida 1936-1950) overførte panteregisteret til grunnboksblad, tok ein ikkje med eldre skøyter og f.eks kårbrev (når dei ikkje gjaldt lengre). Difor må du slå opp i panteregisteret for å finne desse. I lenka under finn du lenker og ei kortfatta forklaring til tinglysingsmateriale:

https://media.digitalarkivet.no/

 

Har jordskifteretten halde utskifting på eigedommen, kan ein sjekke om eit eventuelt jordskiftekart viser til at bygg er plassert på den aktuelle staden. Eit eventuelt jordskiftekart kan finnast via jordskifteretten saksarkiv.

 

Før 1990-talet var folkeregisteret på papirform. Dette er i hovedsak avlevert til Arkivverket. Folkeregisterkorta som var i bruk fram til avleveringa er arkivert etter bustad (altså der folka budde i begynnelsen av 1990-talet), men med få unntak er resten av materialet arkivert på person. Veldig lite av dette materialet ligg ope ute på Digitalarkivet.

 

Branntakstane kan vere ei god kjelde til å finne alder på eldre bygningar. Start med ein branntakst som du veit gjeld det aktuelle bygget. Deretter følger du bygget bakover i tid branntakst for branntakst, då vil du ofte ende opp med ein endeleg branntakst der bygget blir beskrive som nybygg.  Du finn register til branntakstar for Hordland her:

https://www.digitalarkivet.no/search/10/100227

 

I folketeljing 1900 og 1910 som ligg ute på nett kan du søke opp folka på eit spesifikt bnr.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen hjertelig takk for god og utfyllende svar. Da har jeg litt og gå på og leite i. I andre avsnitt så skriver du at det var "(tidlegare gnr 62 i Odda og før det igjen gnr 32 i Odda)" og at dette kan bestilles i arkivverket, men du har bare skrevet gårsnr, men ser ut som jeg også trenger bruksnr. Kan byggesaksavdelingen i kommunen hjelpe meg med det også?

Jeg har prøvd å søke i folketellingen 1900 og 1910, men fant ikke noe. Antar at det var fordi gnr sikkert da var 32 og ikke 62 som jeg brukte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom du ser på grunnboksbladet for eit visst bruksnummer (eller pantebokregisteret for eit visst bruksnummer dersom eigedommen er eldre enn ca 1936-1950) vil det stå kva for bruksnummer eigedommen opprinneleg vart skilt ut frå, og dermed kan du bla deg bakover i tid til den eigedommen huset evt. stod på i tidlegare tider. I dette tilfellet byrjar ein med 62/231, og finn då ut at eigedommen vart skilt ut frå 62/128 i 1978. Deretter vil ein måtte sjå på grunnboksbladet/pantebokregisteret for bnr. 128 for å følgje historikken vidare.

 

Grunnboka tek utgangspunkt i dagens kommunar og gardsnummer, medan pantebokregisteret tek utgangspunkt i 1947-kommunar og dei gardsnummera som gjaldt då. Gardsnummera blir ofte endra ved kommunesamanslåingar, fordi ulike gardar i den samanslåtte kommunen elles ville fått same nummer.

 

Dersom eigedommen hadde 32/128 i 1947 finn du pantebokregistersida her:

https://media.digitalarkivet.no/tl/preg/search?municipalities[]=1228&gnr=32&bnr=128&matrnr=&lnr=&other_no=&name=

 

Dette ser ut til å vere same eigedom som dagens 62/128 i Ullensvang:

https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb?municipalities=4618&gnr=62&bnr=128&fnr=&snr=

 

Som ein ser av pantebokregisteret vart 32/128 skilt ut frå 32/36 i 1918.

 

Osv.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.