Gå til innhold
Arkivverket

SF, Davik: Rasmus Olson Åsnes f. 1733 i Leirgulen d. ?


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg leitar etter Rasmud Olson  Åsnes i Davik og borna hans.

Han var fødd i Leirgulen i Davik  1733  - foreldra var Ole Andersson og Magdeli Rasmusdtr.

Dåpen hans:  3. 12.1733  https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630362

Han var gift 20.10.1765 med Abelone Nilsdtr. Åsnes  https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640157

og overtok bygsla på garden Åsnes etter broren Anders som flytte til Leirgulen.

 

I åra 1766 til 1777  fekk dei følgande barn som eg har funne:
- Magdeli 1766

- Nils 1767

- Ole 1769

- Ane 1772

- Anders 1774

- Marthe 1777  d. 1777

 

Kona Abelone Nilsdtr. finn eg død 1779, 45 år gamal.  gravlagd 18.10.1779  https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640207

 

Så finn eg ingen ting meir om Rasmus eller borna under Åsnes.

I 1786 er det komen ny bygslar i Åsneset  (Simon Mortenson)

 

I 1783 finn eg ein enkjemann Rasmus Olson Maurstad, gift på nytt  som eg ikkje kan plassere under Maurstad.

vigd 3/8 1783 med Pige Synneve Olsdtr. Maurstad https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640168

Kan dette være "min" Rasmus Olson  som har flytta frå Åsneset til nabogarden Maurstad gifter seg på nytt? 

I FT-1801 finn eg desse to som plassefolk på Maurstad:  https://www.digitalarkivet.no/ft20090806330648  og truleg dattera Magdeli Rasmusdtr. (34) som tenestepige på nabogarden Nave  på foregåande side.

 

Må og nemne at eg finn ein Nils Rasmusson Maurstad som er konfirmert 1786 og  ein Anders Rasmusson Maurstad som konfirmert 1792  som eg heller ikkje kan plassere andre stadar.

Er desse evt. sønene til "min" Rasmus Olson?

 

Er det nokon som har fleire opplysningar om nokon i denne familien?

 

 

 

 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der er skifte etter Rasmus Olsen Maurstad 25/4-1804 Side 139, enke Synneve og 5 børn: Niels 30, Anders 26, Ole 28, Magnilde 38 og Anne 20 aar. Rune

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fann eg skifte etter Rasmus Olson Maurstad  dat.  25. april 1804   som beviser at det er  "min" Rasmus som har flytta til Maurstad.

Namna på borna stemmer, alderen stemmer rettnok ikkje heilt på alle iht. fødselsåret eg har registrert.

 

Og her er han gravlagd den 25. Januar 1804, 73 år gamal  https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640221

 

Då gjenstår det å finne ut av lagnade til dei 5 borna som er nemnde i skiftet  Nils, Anders, Ole, Magdeli (Magnilde)  og Ane,  alle ugifte 1804.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Rune Bergesen skrev:

Der er skifte etter Rasmus Olsen Maurstad 25/4-1804 Side 139, enke Synneve og 5 børn: Niels 30, Anders 26, Ole 28, Magnilde 38 og Anne 20 aar. Rune

Fant akkurat ut det same Rune. 

Men takk for hjelpa.   🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.