Gå til innhold
Arkivverket

(Carl?) Christian Krogh/Crogh/Crog osv frå Danmark eller Norge? Til Amerika på ukjent tidspunkt.


Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Hei, eg lurar på om nokon kan hjelpa meg...

 

(Carl?) Christian Krogh/Krog/Crog osv...giftar seg ein til no ukjend stad, men sannsynlegvis ein stad i Amerika. Det var før 25.mars 1869, for då vart ei lita jente fødd i Wisconsin (Caroline Elisa står dei i krk.boka, men ho heitte nok Louisa, iallfall det ho blir kalla eit par gongar seinare), og barnet står ikkje som f.utanfor ekteskap.

 

Christian var som sagt gift med Nicoline/Necolena/Newlina osv.... Ho står ført som norsk i FT, det vert sagt blant etterkomarar at både Christian og Nikoline var norske, men det står  f. i Danmark på han, i den eine av to FT der eg har funne han, og også når han døydde (i 1877 i Nicollet,  Minnesota) , dvs eg trur det er han, "problemet" er at når han er ført som død, då står det Carl C....men sånn aldersmessig (tatt i betraktning at dei ikkje var heilt stø i rekning, så passar alderen) og når det gjelde kvar dei budde, så passar det også   🙂

 

 

Eg har altså klart å finna dei i FT1870 (dei bur i Wisconsin)/1875/1880/1885 (i Minnesota), i 1880 er Necolina blitt enke, det gjer også at eg trur det stemmer med han Carl C død 1877, i Nicollet, Minnesota.

 

Necolina døydde i 1887.

 

Christian og Necoline får to barn til,  Carl f.1872 (finne ikkje dåpen hans) og Mathilda f.1874-75 (finne ikkje den heller) 

 

Det som er problemet her, er at det ikkje står f.dato på foreldra nokon stad, er det nåla i høystakken å finna denne (Carl) Christian og Necolina si vigsle? Eg har leita i Wisconsin der dei budde då Caroline vart fødd.

 

Med venleg helsing Mariann.

 

PS: Dersom de finne slektstre på Ancestry med Johan Christian Krogh (dei har til og med gitt kona hans eit ekstra fornamn!!), så er dette nokre av amerikanarane sitt svar på slektsgransking (det er absolutt ikkje fyrste gong eg finne slike feil!) , eg har trudd sidan eg starta dette søket, at dei berre har funne ein som dei syns "passar" og ja, det har dei gjort..   :-/  Men ho eg er i kontakt med har endra deler av sitt tre, såg eg igår, så de vil finna det, men opplysningane kjem altså frå det eg har funne....

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.