Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Pederson (1831-1910) - frå Luster til Vågan - ein son forsvinn i Amerika - detaljar om huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Innlegg #26:

 

Dette er jo berre heilt fantastisk!

 

Hjarteleg takk til Sven, Anne, Lars J. og Anton for mange spennande og interessante innlegg!  Eg er skikkeleg imponert over kva de har greidd å grava fram!

 

Det ser for meg ut til at Caroline Anderson er fødd i Aremark, men foreldri hennar hadde tydeleg opphav frå Värmland og budde ogso der til dei utvandra!?  Kanskje finst det husförhörslister som kan skaffa oss litt fleire detaljar om dette?  Faren utvandra alt i 1884, men mori vart att i Sverige i alle fall til 1898?  Men kvifor reiste Caroline frå Christiania??

 

Ikkje so lett å tolka alle detaljane her, men eg har oppgradert manuskriptet mitt frå innlegg #1, og no ser dette slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Pederson {Stokkenes}, f. {i Luster} 14.1.1831,

Henrik Pederson flytte i 1852 til Vågan i Nordland og gifte seg der første gongen 8.11.1857 med Tobine Ringkjøb Danielsdotter frå Brenna i Vågan.  Ho var dotter av gardbrukar Daniel Sørenson på Brenna og kona Sara Mikaelsdotter frå Vatnfjord og f. i Vågan

 

##### (fødselsdatoen hennar? - kring 1834!)

 

Henrik og Tobine slo seg ned som gardbrukarar på Brenna søndre i Vågan,

 

##### (var dette heimebruket hennar?)

 

der Tobine d. 11.4.1887.  Henrik gifte seg so att i Vågan 21.10.1894 med enkja Johanna Christine Olsdotter, opphavleg frå Sellæg i Overhalla, Nord-Trøndelag.  Ho var dotter av husmann Ole Ingebrigtson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Sellæg, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Anna Bergitte Christ­ensdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og f. i Overhalla 10.10.1827.  Henrik og Johanna vart buande på Brænna i Vågan der Johanna d. som kårkone og legdelem 2.4.1910.  Henrik var òg på legd og d. som kårmann same staden 26.5.1910.  Henrik Pederson fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet:

a. Johan Albrigt Henriksen, f. i Vågan 30.6.1857, d. i Vågan 30.12.1861.

b. Ingeborg Maria Serina Henriksen, f. i Vågan 10.6.1859, d. i Vågan 1.1.1862.

c. Anna Petrikka Henriksen, f. i Vågan 16.9.1861, d. i Vågan 1.1.1862.  Desse tre eldste borni miste livet i ein difteri­farang.

d. Ingeborg Anna Henriksen, f. i Vågan 23.9.1863, vart spedalsk og d. ugift på Reitgjerdet i Trondheim 7.12.1887.

e. Josefine Karoline Henriksen, f. i Vågan 6.7.1866, d. i Vågan 15.6.1873.

f. Petra Antonetta Henriksen, f. i Vågan 27.6.1868, d. i Vågan 4.10.1906.  Petra gifte seg i Gimsøy, Vågan 19.10.1889 med søskenbarnet Ole Nicolai Johan Andreassen frå Sundlandsfjord i Vågan, f. i Vågan 6.8.1861.  Han d. i Vågan 25.4.­1955.  Ole var gardbrukar og fiskar.  Han og Petra budde på Vinje i Vågan og fekk tre born i lag.

g. Johan Albert Henrikson, sidan kjend som John Henry Brenna, f. i Vågan 11.7.1871, utvandra til Amerika i 1893 med reisemål Norman Co., Minn. og gifte seg i Moorhead, Minn. 19.2.1904 med Karolina Edvinsdotter frå

 

     ##### (tydeleg oppvaksi i Värmland, men kvar??)

 

     i Amerika kjend som Caroline Anderson.  Ho var dotter av husmann Edvin Andersson på

 

     ##### (bustaden i Sverige?)

 

     opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

     og kona Christina Svendsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

     men f. på ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Styggemyr i Aremark 16.11.1876.  Ho utvandra til Amerika i 1895.  John var snikkar («carpenter»), og han og Caroline slo seg i 1910 ned som farmarar nær Navajo, Sheridan Co., Mont., men flytte 1928 til ein farm nær Flaxville, Daniels Co., Mont.  John d. i Scobey, Mont. 6.12.1943, og som enkje flytte Caroline Brenna då til Scobey, Daniels Co., Mont. der ho d. 15.2.1970.  Dei fekk fire born i lag.

h. Leonora Josefine Henriksen, f. i Vågan 23.7.1874, d. i Vågan 22.12.1875.

i. Laura Josefine Henriksen, f. i Vågan 24.2.1877, d. i Vågan 26.3.1960.  Laura gifte seg i Gimsøy, Vågan 29.6.1896 med Jens Jentoft Døscher Eilertsen frå Saupstad i Vågan.  Han var f. i Vågan 22.5.1871 og d. i Vågan 14.11.1942.  Laura og Jens var gardbrukarar på Gjendal i Vågan og fekk elleve born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

37 minutes ago, Lars E. Øyane said:

 

     og kona Christina Svendsdotter frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

 

 

     men f. på ein plass

 

 

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

Kanskje Christina Svendsdotter bodde i Aremark også.

 

Name:Sofia
[Sofia Andersson] 
[Sofia Edvinsdotter] 

Gender:Kvinna (Female)

Birth Date:21 jan 1879

Birth Place:Blomskog, Värmland, Sverige (Sweden)

Father:Edvin Andersson

Mother:Kristina Svensdotter

Volume:668

 

Screen-Shot-2020-08-22-at-3-35-43-PM.png

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje Edvin i 1875 Census på Kjøna.

 

 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01052014004948

 

Vielse med Edvin Andersen og Kristina Svendsdatter 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000002701845

 

brudgommens far Anders Andersen og 

bruras far Svend Holmberg

 

Endret av Anton Hagelee
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utskrift fra EmiWeb/Emigranter registrert i svenske kirkebøker

Fornavn: Kristina   Utflyttingsdato: 1873-10-17
Etternavn: Svensdotter   Utflyttingssted: Bruntorp
Fødselsdato: 1851-07-11   Utflyttingssogn: Västra Fågelvik
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Värmland
Født sted:     Destinasjon sted: Ödemark
Født sogn: Västra Fågelvik   Destinasjon land: Norge
Født län: Värmland   Landskode: No
Født sted (utenfor Sverige):     Enslig/Familie: E
Født land (utenfor Sverige):     Filnr: 16
Yrke: Piga   Kilde: V Fågelvik Hfl 1871-1880
Alder: 22   Side i Husforhør/Församlingsbok: 13
Kjønn: K   Nr. i utflyttingsliste: 16
Sivilstatus: Og  
 
Innflyttingsår:     Husforhørsbind:  
Innflyttingssted:     Utflyttingsbind:  
Innflyttingssogn:     Merknader i utflyttingsliste:  
Innflyttingslän:     Merknad om gjeninnvandring:  
Innflyttingsland:     Gjeninnvandringsdato:  
Fars navn:     Merknad om arbeidsattest:  
Fars yrke:  
Mors navn:  
Mors yrke:  
Ektemakes navn:  
Ektemakes yrke:  
 
Sist oppdatert: 2007-07-31 11:47:00.0
Arkiveiere: Föreningen Emiweb
E-post: info@emiweb.se
Telefon: +46 560 20 000
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utskrift fra EmiWeb/Emigranter registrert i svenske kirkebøker

Fornavn: Edvin   Utflyttingsdato: 1871-11-29
Etternavn: Andersson   Utflyttingssted:  
Fødselsdato: 1849-02-17   Utflyttingssogn: Töcksmark
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Värmland
Født sted:     Destinasjon sted:  
Født sogn: Töcksmark   Destinasjon land: Norge
Født län: Värmland   Landskode: No
Født sted (utenfor Sverige):     Enslig/Familie: E
Født land (utenfor Sverige):     Filnr: 68
Yrke: Dräng   Kilde: Töcksmark Hfl 1871-1880
Alder: 22   Side i Husforhør/Församlingsbok: 348
Kjønn: M   Nr. i utflyttingsliste: 67
Sivilstatus: Og  
 
Innflyttingsår:     Husforhørsbind:  
Innflyttingssted:     Utflyttingsbind:  
Innflyttingssogn:     Merknader i utflyttingsliste:  
Innflyttingslän:     Merknad om gjeninnvandring:  
Innflyttingsland:     Gjeninnvandringsdato:  
Fars navn:     Merknad om arbeidsattest:  
Fars yrke:  
Mors navn:  
Mors yrke:  
Ektemakes navn:  
Ektemakes yrke:  
 
Sist oppdatert: 2007-07-31 11:47:00.0
Arkiveiere: Föreningen Emiweb
E-post: info@emiweb.se
Telefon: +46 560 20 000

 

Fritekst

Obefintliga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

Kristina Svensdotter

 in the Sweden, Select Baptisms, 1611-1920

Name:Kristina Svensdotter
[Kristina Jacobsson] 

Gender:Female

Baptism Date:13 jul 1851

Baptism Place:Västra Fågelvik, Värmland, Sweden

Father:Sven Jacobsson

Mother:Stina Nilsdotter

FHL Film Number:82161

Reference ID:3 p177

 

 

 

 

 

Screen-Shot-2020-08-22-at-5-24-32-PM.png

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Sven Jacobsson

 in the Sweden, Select Marriages, 1630-1920

Name:Sven Jacobsson

Gender:Male

Marriage Date:3 nov 1842

Marriage Place:Vastra Fagelvik, Varmland, Sweden

Spouse:Stina Nilsdr

FHL Film Number:81929

Reference ID:

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.