Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Abel Georginas dåp er for meg vanskelig


Recommended Posts

https://www.digitalarkivet.no/kb20061013020372

H side nr 10 (rettet fra 9)

Jeg vil gjerne at noen leser dette for meg (og skriver hva det står).

Hun blir senere kalt Ellingsdatter, men det står da åt Ole Ellingsen er utlagt som barnefar og Ane Johannesdatter ?Ellsodplag?, som mor.

På forhånd takk.

Endret av Svein Christian Engvoldsen

Ja, det står Ole Ellingsen, men kan det vere snakk om ein skrivefeil? Er det same jenta som gifter seg her, er faren kalla Elling Olsen. 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002656619

Mors gardsnamn vil eg lese Ulsæther.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
44 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Er det same jenta som gifter seg her, er faren kalla Elling Olsen.

 

Også ved konfirmasjonen er farens namn Elling Olsen

https://www.digitalarkivet.no/pk00000001848043

Det har du heilt rett i, forstår ikkje heilt korleis det skjedde (jo det aner meg), men her er den rette:

 

 

https://www.digitalarkivet.no/pk00000002046594

 

 

  • Liker 1
2 timer siden, Svein Christian Engvoldsen skrev:

Takk for svar, men hvordan forsvarer/forklarer en glad amatør en "skrivefeil" i Kirkeboken mht kildegrunnlag?

mvh Svein Christian.

Å byte om namn og patronym er ikkje så heilt uvanleg. Dåpsinnførsla kan godt vere gjort etter minnet nokre dagar etterpå, og då kan det glippe. 

Kanskje kan det finnast soldatrullar for dette kompaniet han var i? Eg er ikkje heilt sikker på kva majoren heiter. 

  • Liker 1
2 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg er ikkje heilt sikker på kva majoren heiter.

 

Kan det vera "Major Jensens Compagnie"? I klokkarboka er det også nemnt eit stadnamn etter denne opplysninga: F:hald. (Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061013010201)

 

Det er i alle fall ein soldat Elling Olsen i Fredrikshald frå 1823 til 1827: https://www.digitalarkivet.no/pu00000000155219, han flytta dit i 1823 frå Fredrikstad, men kor flytta han i 1827?

 

Det er også ein Elling Olsen soldat som i 1823 blir far til eit "uekte" barn i Fredrikstad (https://www.digitalarkivet.no/pd00000013200890), ved dåpen til  Abel Georgine i 1829 står det i merknadsfeltet at dette er farens andre "Leiermaal", kan det vera same soldat?

13 timer siden, Richard Johan Natvig skrev:

ved dåpen til  Abel Georgine i 1829 står det i merknadsfeltet at dette er farens andre "Leiermaal", kan det vera same soldat?

I merknadsfeltet til den fyrste dåpen "For anden gang født uægte barn" . Eg går ut frå at det er mora det her er snakk om, så då stiller truleg faren med blanke ark i 1823.

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

I merknadsfeltet til den fyrste dåpen "For anden gang født uægte barn" . Eg går ut frå at det er mora det her er snakk om, så då stiller truleg faren med blanke ark i 1823.

 

Ja, i 1823 stiller han med blanke ark, det er første gong for han, og dersom det er same far i 1829, så blir det altså andre gongen, som det står i kyrkjeboka i 1829. Det var antakeleg det du meinte, Aase, og ikkje ei innvending som eg først litt raskt trudde 🙂

Tillegg:
Kven det var andre gong for er tydeleg i den skanna versjonen, avskrifta er tvetydig. Skanna versjon, høgre side nr. 5

SAO, Fredrikstad prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1816-1834, s. 154-155
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061016030566
 

 

Endret av Richard Johan Natvig
  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.