Gå til innhold
Arkivverket

Emigrant frå Tinn Latten Myrtvedt – kven er det det?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

I Andres A. Svalestuens (1939-1992) emigrantregister for Tinn, som eg digitaliserte for dryge tjuge år sidan (sjå lenkje under), førekjem i april 1896 emigranten Latten Myrtvedt. Eg skreiv det av slik Svalestuen hadde gjort på sitt handskrivne arkivkort. Han har openberrt vore i stuss over namnet og har derfor lagt til eit spørjeteikn i parentes.

 

https://www.digitalarkivet.no/nn/view/128/pe00000000915727

 

Ei sak er det merkelege Latten, ei anna sak er etternamnet Myrtvedt, eit heilt ukjent gards- eller plassnamn i Tinn.

Eg har sett på innførsla i emigrantprotokollen, og Svalestuen har ikkje gjort noko feil. Det står klart og tydeleg "Latten Myrtvedt, P., 22, Tin, Telem."

 

SAO, Oslo politidistrikt, E/Ee/Eef/L0018: Emigrantprotokoll, 1893-1897
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/em20110223630328

 

Men penneføringa for bokstaven o er tydeleg ustø i protokollen. Førenamnet Sofie og reisemålet Boston er t. d. nokså klart skrive som høvesvis Safie og Bostan, medan andre o-ar er klare o-ar. Eg hellar derfor mot å lese "Latten" som "Lotten". Det gjev større meining særleg ettersom emigranten tydelegvis er ei ugift kvinne, "P." Da kan "Lotten" vera kjælenamn for Charlotte.

 

Men tilknytinga til Tinn er framleis eit mysterium, og eg trur tilknytinga er feil. Denne trua blir styrkt av den parallelle emigrantinnførsla i "White Star"-protokollen 1890-1900. Der finn eg som emigrant nr. 1093 i 1896 "Lotten Nystedt, 22", moglegvis frå Wermland (som gjentakingsteikn frå innførsel over). Reisemålet er det same som i politiets emigrantprotokoll: Grand Crossing, Ill. 

 

SAO, White Star-linjen, D/Da/L0002: Emigrant, 1890-1900
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/em20110223670385

 

Her peikar altså sporet etter Latten/Lotten Myrtvedt frå Tinn mot Lotten Nystedt frå Wermland. Er det mogeleg å ende opp med nokon konklusjon her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2WX-4TZ6

Name: Lotten Nystedt
Event Type: Immigration
Event Date: 1908
Event Place: Boston, Suffolk, Massachusetts, United States
Age: 34
Birth Year (Estimated): 1874
Birth Country: Swdn
Ship Name: Saxonia
 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JX8R-QML

Name: Lotten Nystedt
Event Type: Immigration
Event Date: 27 Oct 1900
Event Place: Ellis Island, New York City, New York, United States
Event Place (Original): Ellis Island, New York City, New York, United States
Residence Place: Gothenburg
Gender: Female
Age: 27
Marital Status: Single
Nationality: Sweden, Swedish
Birth Year: 1873
Departure Port: Liverpool
Ship Name: Campania
Page Number: 196
Affiliate Line Number: 0007
 

https://www.ancestry.se/search/collections/1910/?name=_Nystedt&name_x=_1&pcat=img_crewlists&qh=SxgMqRwHRAN41oe%2FgSEtNA%3D%3D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7H5-9XP

 

Name: Frank Anderson
Event Place: Cook, Illinois, United States
Residence Place: Cook, Illinois, United States
Age: 28y
Age: 28
Birth Year (Estimated): 1880
Birth Date: 1880
Birthplace: Of Chicago, Cook, Illinois
Spouse's Name: Lotten Nystedt
Spouse's Age: 29
Spouse's Birth Year (Estimated): 1879
Spouse's Birth Date: 1879
Spouse's Birthplace: Of Chicago, Cook, Illinois
License Type: Marriage
Event Date: 10 Oct 1908
Event Place: Chicago, Cook, Illinois
Spouse's Age: 29y
Record Number: 322
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter slik overtydande kjeldegransking kan eg visst trygt stryke Latten/Lotten Myrtvedt/Nystedt som emigrant frå Tinn, ja også som norsk emigrant. Eg ser saka som løyst og takkar Grethe Flood og Carl Nilsen så mykje!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.