Jump to content
Arkivverket

gml Tema 84380 av Lars E. Øyane om Jacob Bardo og Beret Larsdtr


Odd Einar Tømmerås

Recommended Posts

Odd Einar Tømmerås

Vet ikkje om du trenger dette..

 

Bernhard Gunerius Jakobsen  1861-1931

 

Joakime Lovise Marie Rasmusdtr.  1863-1951

 

de dro til Unaiten staten Washington.

 

Under Gudrun 1890 står det Gertrude Jacobinsen , kanskje hennes USA-navn

 

alt hentet fra Alfred Tangens papirer.Han bodde også på Steinnesset

 

hilsen  Odd Einar Tømmerås

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Her er for ordens skyld den gamle tråden:

Utsnitt fra tråden:

"b. Bernhard Gunerius Jacobsen, f. i Borge 15.1.1861, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Bernhard gifte seg i Trondenes 14.10.1887 med Joakime Lovise Marie Rasmusdotter frå Stenneset i Trondenes, f. i Trondenes 26.7.1863. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900: bygningssnikkar Oskarsborg, Ankenes - sidan ??)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900: ei dotter Gudrun, f. Trondenes 1890)".

 

Det er vel disse personene du har tilleggsopplysninger om. 

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
1 time siden, Odd Einar Tømmerås skrev:

Under Gudrun 1890 står det Gertrude Jacobinsen , kanskje hennes USA-navn

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MGJ2-XFD

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYX-JMQ?cc=1727033&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMGJ2-XFD

Name: Bernhart Jacobinson
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Tacoma Ward 3, Pierce, Washington, United States
Event Place (Original): Tacoma Ward 3, , Washington
Gender: Male
Age: 49
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): White
Birth Year (Estimated): 1861
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1905
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household (Original): Head
Sheet Letter: A
Sheet Number: 6
 

Household Role Sex Age Birthplace
Bernhart Jacobinson Head M 49 Norway
Kirna Jacobinson Wife F 47 Norway
Gertrude Jacobinson Daughter F 19 Norway



 

 

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:WBYH-YQ2M

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-95X8-W9B?i=10&cc=1932554&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AWBYH-YQ2M

Name: Bernhard Jacobsen
Event Type: Naturalization
Event Date: 10 Feb 1915
Event Place: Pierce, Washington, United States
Event Place (Original): Pierce County, Washington
Birth Date: 15 Jan 1861
Birthplace: Borge, Norway
Spouse's Name: Joakime Marie
 

Link to post
Share on other sites
  • 3 weeks later...
Lars E. Øyane

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Odd Einar og Grethe for å henta fram att dette gamle emnet!

 

Eg har sidan emnet sist var oppe til drøfting finne ein del opplysningar om denne huslyden, men framleis står det detaljar att, og eg er derfor glad for å kunna syna fram den noverande status av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Larsdotter {Natvik/Urnes}, f. i Årdal 30.6.1830,

Berit Larsdotter flytte i 1850 med mori og stefaren til Buksnes der ho 3.11.1854 gifte seg med Jacob Bardoson frå Stiklestad i Verdalen, sidan kjend som Jacob Bardo.  Han var son av husmann Bardo Larsson på Havet under Stiklestad, opphavleg frå Årstad i Vuku sokn i Verdalen, og kona Martha Jacobsdotter frå Efskind og f. på Årstad i Verdalen 1.3.1827.  Jacob var fiskar og tømmermann, og han og Berit busette seg som plassfolk på Smevikvold under Smevik indre i Borge, men flytte sidan til Valle i Borge der Jacob d. som legdelem 1.2.1904.  Berit Bardo d. som enkje same staden 25.11.1916.  Dei fekk sju born i lag:

a. Lovise Mathilde Jacobsdotter, f. i Borge 7.10.1859, d. som husmannskone på Valle i Borge 22.8.1926.  Lovise gifte seg i Borge 30.10.1885 med Wilhelm Johan Christian Hanssen frå Haukland i Borge, f. på Borgvær i Borge 27.11.1866.  Han d. som husmann og fiskar på Valle 19.1.1938.  Wilhelm var fiskar og skomakar, og han og Lovise budde som husmannsfolk på Valle under Tersli i Borge.  Dei fekk seks born i lag.

b. Bernhard Gunerius Jacobsen, f. i Borge 15.1.1861, gifte seg i Trondenes 14.10.1887 med Joakima Lovise Marie, kjend som Kima Rasmusdotter frå Stenneset i Trondenes, f. i Trondenes 26.7.1863.  Bernhard var bygningssnikkar, og han og Kima budde ei tid på Oskarsborg i Ankenes ved Narvik, men utvandra i 1905 til Amerika.  Under namni Bernard og Kima Jacobson finn me dei att i Tacoma, Pierce Co., Wash. der Bernard livnærte seg som skipstømmermann («ship yard carpenter»).  Han d. i Tacoma, Wash. 26.12.1931, medan Kima Jacobson d. same staden 4.1.1951.  Dei fekk ei dotter i lag.

c. Lorents Johan Jakobsen, f. i Borge 31.12.1862, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravl. Sand!)

                                                     

     3.9.1952.  Lorents gifte seg i Borge 6.11.1888 med enkja Leonharda Christine Gregusdotter frå Smedvik i Borge, f. i Borge 14.7.1857.  Ho d. som fiskarkone på Sandøy 30.8.1929.  Leonharda gifte seg første gongen i Borge 17.7.1883 med Anders Halvorson frå Perhusbakken i Manger, f. i Manger 30.9.1857.  Anders var skomakarsvein, og han og Leonharda budde som husmannsfolk på ein plass

 

     ¤¤¤¤¤ (kva plass?)

 

     under Sandøy i Borge, men Anders sette livet til på vinterfisket 18.3.1885.  Lorents var fiskar og vegarbeidar, og han og Leonharda budde som strandsitjarar på ein plass

 

     ¤¤¤¤¤ (kva plass?)

 

     under Sandøy i Borge.  Dei fekk seks born i lag, men Leonharda hadde òg to born frå første ekteskapet sitt.

d. Albert Angel Jacobsen, f. i Borge 9.7.1864, d. som husmann på Smedvik 21.7.1913.  Albert gifte seg i Borge 27.12.1887 med Ambrosia Marie Hansdotter frå Borgfjord i Borge, f. i Borge 16.6.1867.  Ho d. som enkje på Smedvik 11.3.1953.  Albert var fiskar og vegarbeidar, og han og Ambrosia budde som husmannsfolk på Smedvikneset under Smedvik ytre i Borge.  Dei fekk tolv born i lag.

e. Johan Albert Jacobson, kjend som John A. Jacobson, f. i Borge 6.5.1867, utvandra til Amerika i

 

     ¤¤¤¤¤ (utvandringsåret hans? – 1892 eller 1893? – FT1930 seier 1887!)

 

     og gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 5.11.1901 med Albertine Christine, kjend som Christine Hanson, f. i Houghton Co., Mich. 14.8.1877.  John og Christine slo seg kring 1904 ned som farmarar i Cedarhome precinct, Snohomish Co., Wash., men flytte på 1910-talet til ein farm i Cliff precinct nær East Stanwood, Snohomish Co., Wash. der dei sidan budde levetidi ut.  John, som òg livnærte seg som bygningssnikkar («building carpenter»), d. i Snohomish Co., Wash. 9.3.1942, medan Christine Jacobson d. i Mt. Vernon, Wash. 24.12.1969.  Dei fekk sju born i lag.

f. Pedrikke Karoline Margrete Jacobsdotter, f. i Borge 15.3.1872, d. ugift i barselseng på Smevik i Borge 11.6.1892.

g. Ingvald Olaus Berg Jacobson Bardo, f. i Borge 21.4.1874, d. på Øyjorda i Bø 9.5.1954.  Ingvald gifte seg i Malnes, Bø 26.12.1899 med Leonora Sofie Johansdotter frå Vea i Bø, f. i Bø 31.10.1876.  Ho d. som enkje på Øyjorda i Bø 3.10.1968. 

 

     ¤¤¤¤¤ (stadfesting at dei båe døydde heime på Øyjorda i Bø? – yrkestitlar ved dødsfalli?)

 

     Ingvald var vegarbeidar og fiskar, og han og Leonora slo seg ned som gardbrukarar på Nygård, Øyjorda i Bø der dei budde levetidi ut.  Dei fekk ti born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips som kan komplettera denne biografien, ein del av det kommande bandet av Gards- og Ættesoga for Luster!!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Eg vil i samanhang med dette emnet få syna til følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202787-britha-«berit»-larsdotter-natvikurnes-1830-1916-frå-årdalhafslo-i-sogn-til-borge-i-lofoten-med-grein-til-bø-huslyden-hennar/?tab=comments#comment-1711260

 

og takkar på ny for all hjelp til å komplettera dette manuskriptet!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.