Gå til innhold
Arkivverket

Omkom på Fjeldet mellem Gousethbygden og [Tessungdalen??] – Tinn 1834


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

I absolutt siste innspurt på korrektur til tre protokollar 1815–1843 sit eg att med eitt einaste uavklara tolkingsspørsmål. 
 
Her er ei innførsle som gjeld dødsfallet til 13 1/2 år gamle «Halvor Kittilsen Sønstebøe» som omkom 6. mars 1834 (gravfesting 13. april) «paa Fjeldet mellem Gousethbygden og [Tessungdalen??]». Ja, her skulle ein tru det sto parallelldalføret Tessungdalen, der også heimgarden (Sønstebø) til guten ligg, men det gjer det iallfall ikkje utan vidare. Skrifta er lita og knudrete og er pressa inn mot ryggmargen. Fleire bokstavar enn i Tessungdalen er det også. (Tessungdalen er somme tider i eldre tid skrive Tessingdalen, utan at det gjer nokon større skilnad her.) Men siste del av ordet er utan tvil …dalen. 
 
Kan det vera eit anna og mindre dalsøkk i desse fjelltraktene som er omtala? Eg har sett på kartet og søkt i lokal namnedatabase (Gunhild Lurås Birkelands database) utan å finne noko som klaffar. 
 
Har transkripsjonsekspertisen nokre innspel her?
 
Legg ved foto frå originalprotokollen og lenkje til kyrkjebokoppslaget.
 
SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. I 4, 1815-1843, s. 111b-112a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005020131

IMG_4937-kopi.jpeg

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, Elin!

 

Eg var sjølv inne på tanken om ein h som andre bokstav, men tykte h-en var i meste laget irregulær. Det er ein meir "normal" h i "Gousethbygden".

 

H-en løyser nok likevel transkripsjonsproblemet. Da rimar det med dobbel s skrive som liten s fylgt av ein større og langstrekt over og under lina (men likevel "liten"!).

Om det så er "-ung" eller "-ing" er nokså ope, men eg hellar til "-ing".

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.