Gå til innhold
Arkivverket

100 års klausul ferdig. Kvar er far min sin onkel?

Tove Ellingsund
 Del

Recommended Posts

Esther var g. 3 gonger. Her er vigsle #2 (1939):

Oslo fylke, Oslo, Vigselsbok (borgerlig) (1939-1940), Protokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20110303320880

Brura enkje og g. ein gong før.
 
Ektemannen døydde i 1944:

https://www.nb.no/search?q=opaker&mediatype=aviser&fromDate=19440401&toDate=19440430

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Oslo fylke, Oslo, Vigselsbok (borgerlig) (1945-1945), Protokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20110304341135

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det står d.f. (dødfødd):

Buskerud fylke, Frogner i Lier, Fødselsregister nr. 1 (1916-1928), Fødte og døpte 1917, Side 27
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051031010342
 
59 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Esther var g. 3 gonger. Her er vigsle #2 (1939):

Oslo fylke, Oslo, Vigselsbok (borgerlig) (1939-1940), Protokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20110303320880

Brura enkje og g. ein gong før.
 
Ektemannen døydde i 1944:

https://www.nb.no/search?q=opaker&mediatype=aviser&fromDate=19440401&toDate=19440430

Eg er ute på ærend no, les over etterpå. Eg har bilete med ho og ein mann som eg har leita etter navn på. Såg at Ester sin fødselsattest vart utstedt i 1930 (?) då tenkte eg at d vsr i samband m vigsel.. UTROLIG SPENNANDE. Fekk tlf frå søskenbarn frå Florø no etter eg hadde melda om funna De her inne har gitt meg. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom du klikkar på bileta kjem du inn i dei avisene som ein har tilgang til. Mange aviser er sperra på grunn av opphavsrett, men mange aviser som f.eks. Aftenposten, Bergens Tidende, Firda, Firdaposten osv. har lagt ut dei skanna avisene for abonnentane på sine eigne heimesider. Det er mogeleg å be om oppslag her i tråden/forumet.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

58 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Dersom du klikkar på bileta kjem du inn i dei avisene som ein har tilgang til. Mange aviser er sperra på grunn av opphavsrett, men mange aviser som f.eks. Aftenposten, Bergens Tidende, Firda, Firdaposten osv. har lagt ut dei skanna avisene for abonnentane på sine eigne heimesider. Det er mogeleg å be om oppslag her i tråden/forumet.

Skal teste når eg er heime att

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Tove Ellingsund skrev:

Ester kom tilbake til Lierstranda 8. januar 1921, då d står noko om dette i lenka eg la ved i opprinneleg innlegg... 

Dette står under meldingsdato, og står også på fleire av dei andre innførslene på same sida. Eg trur difor ikkje at dette har noko med Ester å gjere, men snarare kor tid ein har fått meldinga frå Oslo eller noko i den dur.

Det blir dermed spennande om det er mogeleg å finne att guten i folketeljinga frå 1920, og om han då har eit namn. Det er elles slik at SSB samla inn kyrkjebokekstrakt frå heile landet, kjent som Folkemengdens Bevegelse, og dette skal vel vere ferdig skanna for 1920. Dette kan vere eit alternativ dersom kyrkjeboka ikkje er skanna. Døypte 1920 vert frigitt etter nyttår. Som med kyrkjebøkene er problemet å vite kvar ein skal leite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg får ikkje opp større bilete av lenka frå avisutklippa i Aftenposten og Vårt Land... Kva gjer eg for å kunne sjå desse i rett format.. Skaffe meg abb ?? Med mindre nokon her har tilgong og kan sende kopi av avisutklipp til tove.ellingsund@gmail.com.    Om det beste er å ha eigne abb, så gjer eg sjølvsagt det

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Stavanger Aftenblad 23. oktober 1922:

Kan dette også være din oldemor?

ester amanda.jpg

Eg har no fått vite kvar denne sonen vart døypt. (Takk til @Rune Bergesen). Han vart adoptert i 1931 (altså før adopsjonslova av 1935), og opplysningane er såleis i utgangspunktet opne. Eg er likevel usikker på om opplysningane bør leggjast ut her. Eg tek likevel med at han heitte Harry (altså ikkje Harald) og er fødd i Bergen. Han har truleg budd der heile livet og døydde fyrst på 2000-talet. Eg har sendt ein epost til Tove.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Tove Ellingsund skrev:

Eg får ikkje opp større bilete av lenka frå avisutklippa i Aftenposten og Vårt Land... Kva gjer eg for å kunne sjå desse i rett format.. Skaffe meg abb ?? Med mindre nokon her har tilgong og kan sende kopi av avisutklipp til tove.ellingsund@gmail.com.    Om det beste er å ha eigne abb, så gjer eg sjølvsagt det

Dersom det er snakk om eitt og anna oppslag har det lite for seg å abonnere. Dersom du spesifiserer kva du leitar etter kan du be om oppslag her eller f. eks. i tråden https://forum.arkivverket.no/topic/174427-jeg-gjør-oppslag-i-aftenposten-fra-1860-2011/

Elles er mange av dei sperra avisene tilgjengeleg på nb.no dersom du oppheld deg i eit bibliotek (og alt skanna materiale er tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sine lokale i Oslo). Les meir om dette her:

https://www.nb.no/samlingen/aviser/

Er det dødsannonsen i Aftenposten 1944 du ynskjer oppslag i?

https://www.nb.no/search?q=opaker&mediatype=aviser&fromDate=19440401&toDate=19440430

Oppføringa i Vårt Land i 1945 er truleg lysinga, og den inneheld vel ikkje noko nytt når du allereie har vigsla frå vigselboka, sjå ovanfor.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg har no fått vite kvar denne sonen vart døypt. (Takk til @Rune Bergesen). Han vart adoptert i 1931 (altså før adopsjonslova av 1935), og opplysningane er såleis i utgangspunktet opne. Eg er likevel usikker på om opplysningane bør leggjast ut her. Eg tek likevel med at han heitte Harry (altså ikkje Harald) og er fødd i Bergen. Han har truleg budd der heile livet og døydde fyrst på 2000-talet. Eg har sendt ein epost til Tove.

Dette er heilt utrulig!! For ei gåve❣️ Tusen hjarteleg takk for heilt fantastisk info.
 
 Mtp adopsjonslova av 1935, så vil det då være mogeleg å finne sonen født 12.11.1920.

Samstundes er eg nyfiken på korleis mi bestemor Frida, vart overført i 1922 (?) frå Bergen til nabofylket Sogn og Fjordane, til garden på Grov / i dengang Kinn kommune(?). Ester må reist tilbake til austlandet aleine.. hmmm, då fekk ho kanskje ikkje fleire born. Tida frå 1922 til sitr 1. ekteskap er intr. Her er d jo mogeleg for meg å leite i kommunale FT m.m.   ( Eg skal i grunn lage julemiddag i dag, men kor mykje tid eg legg ned i svineribba er heller usikkert no )......😂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Dersom det er snakk om eitt og anna oppslag har det lite for seg å abonnere. Dersom du spesifiserer kva du leitar etter kan du be om oppslag her eller f. eks. i tråden https://forum.arkivverket.no/topic/174427-jeg-gjør-oppslag-i-aftenposten-fra-1860-2011/

Elles er mange av dei sperra avisene tilgjengeleg på nb.no dersom du oppheld deg i eit bibliotek (og alt skanna materiale er tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sine lokale i Oslo). Les meir om dette her:

https://www.nb.no/samlingen/aviser/

Er det dødsannonsen i Aftenposten 1944 du ynskjer oppslag i?

https://www.nb.no/search?q=opaker&mediatype=aviser&fromDate=19440401&toDate=19440430

Oppføringa i Vårt Land i 1945 er truleg lysinga, og den inneheld vel ikkje noko nytt når du allereie har vigsla frå vigselboka, sjå ovanfor.

Ja, det er dødsårsak inkl dødsannonse på både Knutsen og Opaker eg ser etter.. Opaker døydde i 1944, nyfiken på om det var ein naturlig død eller avretting mtp evt motstandsbevegelse.. Samstundes om Ester fekk born m dei begge.. Thidemansen fekk ho ingen born mex

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 minutter siden, Frank Marton Pedersen skrev:

Aftenposten 22.04.1944:

image.png.badcb637bb499364bf99ab1826dde08f.png

Aftenposten 24.04.1944:

image.png.275af8ea3d4ad9f1b4ca9cede4b0f290.png

Tusen ❤️ takk. Blir berørt av alle opplysningene. Både Knutsen og Opaker har vært nevnt , men har ikke fått bekreftet noe før nå. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Tove Ellingsund skrev:

Ja, det er dødsårsak inkl dødsannonse på både Knutsen og Opaker eg ser etter.. Opaker døydde i 1944, nyfiken på om det var ein naturlig død eller avretting mtp evt motstandsbevegelse.. Samstundes om Ester fekk born m dei begge.. Thidemansen fekk ho ingen born mex

No er eg litt usikker på kva du meiner. Den fyrste ektemannen heitte Ragnvald Nilsen, og dødsannonsen nemner sonen Harry. Spørsmålet er om dette kan vere sonen til Esther som vart adoptert vekk.

23 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Du kan jo også be om oppslag i dødsfallprotokollen for å få vite kva som står der:

https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning

I følgje vigselboka var brudgommen gift ein gong og fråskild (1f), så han kan jo også ha hatt ein son frå før.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

No er eg litt usikker på kva du meiner. Den fyrste ektemannen heitte Ragnvald Nilsen, og dødsannonsen nemner sonen Harry. Spørsmålet er om dette kan vere sonen til Esther som vart adoptert vekk.

Du kan jo også be om oppslag i dødsfallprotokollen for å få vite kva som står der:

https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning

I følgje vigselboka var brudgommen gift ein gong og fråskild (1f), så han kan jo også ha hatt ein son frå før.

Hmmm, Far til son som vart født 12.11.20 heitte Hugo Petersen, stakk av til Sverige han også. Det same som Frida sin Svenske far, Hjalmar Fritz Bergmann. Og far til sonen i Bergen var også ein tilfeldig ein... Men, eg ser no ja, Harry i dødsannonse... Eg prata ein gong med barnebarn til Teodor Thidemansen, og ho sa at ingen av dei visste om at Ester hadde born.. Dei visste ikkje noko om fortida hennes mtp familie/private hendelser 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 du har kanskje dette fra før ..har søkt etter Frida på NB og fant at hun bodde med fosterforeldre i Masfjorden høsten 1928/vinteren 1929 ..fosterforeldrene blir omtalt som Anna og Torger Stordal ..saken omhandler problemene med å få dekt skoleutgiftene til Frida .. ansvarlige i Bergen mener det er Lier som har ansvaret da hun er ført som bosatt der.. fosterforeldra  er villige til å betale skoleutgiftene selv.. står litt mer om forslag til løsning..

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 minutter siden, tor egil fredriksen skrev:

Tusen,tusen takk!! Dette er ein del av Frida si historie som eg har prøvd søkje på. Dvs, eg fekk tak i bileter frå ei i Torgeir Stordalen si slekt, som budde like ved fjellstova ( m same navn ). Eg har prøvd søkje etter konfirmasjonsopplysning osv óg er også intr i tips kor eg kan leite etter sakspapirer vedr Frida si reise frå Bergen (?) etter Ester fekk bror til Frida , ja.. Heile historia.. 
 
Mitt syskjenborn kunne fortelle meg at ho hadde tilfeldigvis prata med han som rodde båten frå Bjørnset over til motsatt side av fjorden, for å hente ei lita jente på 4(?) år med ein liten koffert i handa.. Det var bestemor Frida..

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.