Gå til innhold
Arkivverket

Luster - Dåps/fødselsdato til Artillerist Anders Hermundsen Lingjerde f. ca 1817.


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Innlegg #4:

 

Det er tale om to heilt ulike huslyder.

 

Huslyden til Anders Hermundson i 1804-1805 vart utegløymd på plassen Svalskyggen under gnr. 76, Sandvik i band 4, so han er medteken under gnr. 114, Sønnesyn i band VII:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Andersson Dalen, frå Faivald, vart døypt 23.12.1756 og vart trulova (vigselsdatoen vantar) 10.10.1790 med Kirsti Olsdotter frå Åsen.  Ho vart døypt 17.4.1763.  Hermund og Kirsti flytte visstnok inn på Bruheim som plassfolk kring 1792 og fekk 25.10.1793 festesetel på plassen.  Dei var husmannsfolk her fram til kring 1803.

Hermund og Kirsti flytte kring 1803 til Bergen der Hermund livnærte seg som dragar og vektar.  Dei budde i Øvre Blekevei i Sandviken i Bergen fram til kring 1807.

Kring 1807 flytte Hermund Andersson med huslyden sin attende til Hafslo, og dei fekk då rydda seg ein plass i Dversdalen under Sandviki i Luster som sidan fekk namnet Svalskuggen.  Hermund vart gravlagd frå Dalen alt 12.8.1810, men Kirsti styrte plassen vidare og d. som legdelem i Dversdalen 24.4.1836.  Hermund og Kirsti fekk fem born i lag:

 1. Ole Hermundson (1791-1868), fekk ta over etter foreldri sine som husmann i Svalskuggen, Dversdalen under Sandviki i Luster (s.d.).

 2. Anna Hermundsdotter (1794-1801).

 3. Britha Hermundsdotter (1796-1830), vart første kona til husmann Jørgen Johannesson i Bakken under La i Jørongasokni (1805-1881).

 4. Anders Hermundson, døypt 7.4.1799,

Anders Hermundson flytte i 1818 til Grytten i Romsdalen der han 18.6.1829 gifte seg første gongen med Søgni Knutsdotter frå Brevik i Grytten.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Olson på Brevik og kona Berit Larsdotter frå Sletta og f. i Grytten 26.11.1794.  Anders og Søgni flytte straks til Bolsøy der dei slo seg ned som husmannsfolk på ein plass under Kringstad, men våren 1846 flytte huslyden til Sekken i Veøy.  Nokre år etter finn me dei so att som husmannsfolk på Ellingplassen under Slinningen i Borgund der Søgni d. som husmannskone 4.11.1855.  Anders gifte seg att i Ålesund 3.11.1856 med Iverina Larsdotter frå Hellebostad i Sunnylven.  Ho var dotter av gardbrukar Lars Larsson på Hellebostad (Helset) og kona Ragnhild Rasmusdotter frå Rørhus og f. i Sunnylven, den gongen del av Norddalen, der ho vart døypt 12.5.1811.  Anders og Iverina busette seg i Ålesund der Anders livnærte seg som bryggesjauar.  Anders d. i Ålesund 30.12.1866, medan Iverina d. som fattiglem og enkje same staden 28.1.1884.  Anders fekk to born, som båe var frå første ekteskapet:

a. Hans Andersson, f. i Bolsøy 8.1.1830, d. som kårmann på Slinningen i Borgund 28.5.1901.  Han gifte seg i Hjørundfjord 24.6.1855 med Martha Knutsdotter frå Stavset i Hjørundfjord, f. på Urka i Hjørundfjord 15.9.1826.  Ho d. som kårenkje på Slinningen 15.2.1908.  Hans og Martha tok over som husmannsfolk etter foreldri hans på Ellingplassen under Slinningen i Borgund der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk visstnok sju born i lag.

b. Berit Martha, kjend som Martha Andersdotter, f. i Bolsøy 15.10.1834, d. i Ålesund 6.5.1913.  Martha flytte i 1846 med foreldri til Sekken og sidan vidare til Borgund der ho 19.5.1867 gifte seg med Ole Olson frå Bakken i Gausdal, kjend som Ole Valderhaug.  Han var f. i Gausdal kring 1836, dato usikker, og d. i Ålesund 25.12.1907.  Ole og Martha Valderhaug busette seg i Ålesund der Ole livnærte seg som bryggearbeidar.  Dei fekk ikkje born i lag, men Martha hadde visstnok ei dotter frå før, og desstan tok dei til seg eit par fosterborn.

 5. Anna Hermundsdotter (1802-1873), vart gift med husmann og enkjemann Nils Johannesson på Sjøberget under Kroken i Luster (1807-1888).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til nytte...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.