Gå til innhold
Arkivverket

Spørsmål om bruk av navnet Thore


Wenche Søgaard
 Del

Recommended Posts

Var Thore brukt som jentenavn i Eidsberg, Indre Østfold, på 1800-tallet? Min morfars slekt kommer derfra, og to av formødrene er registrert med navnet Thore i det transkriberte. Jeg er en nybegynner når det gjelder tolking av håndskriften på den tiden, men så vidt jeg kan se stemmer det at det står Thore, ikke Thora.

 

Mor til Peder Christiansen:

https://media.digitalarkivet.no/view/2/35

https://media.digitalarkivet.no/view/358/2353/38

 

Mor til Hans:

https://media.digitalarkivet.no/view/7538/81901/18

 

Thore Hansdatter:

https://media.digitalarkivet.no/view/52019/708

 

Vh

Wenche Søgaard

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svaret.

Jeg visste at det har vært brukt som kvinnenavn i Telemark, for ei jeg kjente, som hadde flyttet fra Telemark til Oppegård, fortalte at det vakte reaksjoner i familien da de skulle kalle sønnen sin Thore eller Tore, for dette betraktet de som et kvinnenavn. Dette var så seint som på 40-tallet.

Neste spørsmål for meg blir da om det på Østlandet har blitt brukt på begge kjønn samtidig, eller om det kom et skifte. Det kan jeg sikkert finne ut ved søk i Digitalarkivet. Nå vet jeg i hvert fall at det ikke er transkriberingsfeil, så takk igjen.
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Temmeleg vanleg ja; stundom med ulik uttale, men her i bygda var i alle fall uttalen heilt lik. Det var likevel ikkje noko problem å vite kva kjønn ein snakka om, fordi namn aldri vart brukt åleine i tale, men blei varsla av eit pronomen. I dag møtte eg 'nå Tore og 'ne Tore på vegen.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, artig med slik tilleggsinformasjon.

Jeg er litt vitebegjærlig av natur og lurer da på om det fortsatt er i bruk på begge kjønn hos dere, eller har det gått over til å bli kvinne- eller mannsnavn?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen kvinner heiter Tore her lenger. Eg trur skiftet gjekk føre seg for 100-120 år sidan, samtidig med fornorsking/modernisering av fleire andre namn. Td vart Gjøde - skrive og uttala som det står - endra til Gyda både i skrift og uttale. Tore vart Tora, og namn Brite og Marte som alltid vart uttala og skrivne med -e, gjekk gjerne over til å bli Brita og Marta, både i skrift og tale. 

 

Ein del namn som vart rekna som svært gammaldagse vart bytte ut med nyare namn i oppkallings-situasjonar. Vi har ei sann historie her frå våre kanter, ca 110 år gammal, der mora sende tvillingane sine av garde til dåp under namna Rakel og Malena (det var framleis ikkje heilt vanleg at mor var med til kyrkje på den tida) - og fekk dei heim som Ragna og Margit. Ein heimvend by-onkel som skulle vere fadder, hadde teke styringa og nekta å gå med på å hengje desse utdaterte "kjerring-namna" på dei søte små. 

 

Ei Rakel i mi slekt som fekk tre barneborn i åra 1905-1914 opplevde endåtil at alle tre jentene fekk namnet Ragna!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

- og ein nesten-parallell til Tore er namnet Helge, som også sat på begge kjønn. Der var uttalen ikkje alltid lik sjølv om skriftforma var lik; mannsnamnet blei gjerne uttala Helje og kvinnenamnet Helge. I dag er det han Helge og ho Helga, og skiftet her kom også for 100-120 år sidan.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, igjen.
Veldig artig å få fyldig informasjon rundt dette med endringer i synet på navn, ikke bare tørre fakta. At det ikke var vanlig at moren var med til kirken ved dåpen for drøyt 100 år siden var helt ukjent for meg. Og tenk at denne by-onkelen kunne ta styringa på denne måten og sette morens ønsker til siden. Verden har da gått framover på en del områder.

Malena har i mine ører enn mye finere klang enn Margit. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Wenche Søgaard skrev:

Malena har i mine ører enn mye finere klang enn Margit. 

I mine og - eg skulle gjerne brukt namnet på ei dotter, men på den tida var det ikkje slik. Det kan kanskje ha noko å seie at namnet vart uttala annleis enn det vart skrive - nemleg MALNA, med tyngde på fyrste a'en, og då blir det vel ikkje like pent i våre øyre heller. 

 

Når det gjeld det med dåpen skal du hugse at den ofte skjedde tidleg, gjerne fyrste søndagen etter fødselen, og då var mor gjerne sengeliggande endå; ho skulle etter gammalt ligge i 2 veker. Kyrkjereisene var også ofte lange og strabasiøse, og då er det rimeleg at faren reiste med barnet åleine. Han hadde gjerne med seg i følgjet ein kvinneleg slektning eller nabo som hadde født for litt lenger sidan, slik at den nyfødde kunne få brystmjølk om han blei svolten. Eller kanskje kjende dei ei kone nær kyrkja som dei kunne bruke til det same formålet. Det er rart å tenkje på for oss som har både bil og morsmjølkerstatning.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

I eldre tider fekk ikkje mødrene gå i kyrkja før ei viss tid etter fødselen:

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Inngangskone

 

Kan det vere restar etter denne tradisjonen som gjorde at mora ikkje var med då barnet vart døypt?

Sjølve ordninga gjekk ut på siste halvdel av 1800-talet, men skikken hang nok igjen lenger. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veldig interessant. Dette er en del av vår historie som jeg ikke har vært kjent med.
Det at hun blei velsigna i våpenhuset kan jo tyde på at hun ble betraktet som urein og ikke kunne gå inn i selve kirkerommet før dette var gjort. At det var ulikt syn på dette er vel naturlig, for slik er det jo på mange områder i dag også.

Artig at mitt opprinnelige spørsmål om bruk av navnet T[h]ore skulle lede hit.
 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skal få ei lita historie til om det same når vi fyrst er i gang:

 

Eg hadde ein tipp-oldefar som var bygdelækjar og (rekna for å vere) synsk. Folk søkte han frå heile Vestlandet og aust til Gudbrandsdalen (eg bur i Nordfjord) - og det førte til at han kom på kant med presten Heffermehl, som meinte han dreiv med trolleri og syndige gjerningar.

 

Så den dagen i 1855 då "Gamle-Ryssdalen" kom til kyrkje med kona si Eli og skulle ha henne leidd inn i kyrkja, gjorde presten seg tverr og nekta. Om Rasmus slutta med "trold-tøiet" sitt, kunne dei diskutere saka, men det var sjølvsagt ikkje aktuelt for Rasmus. Så istaden sette han augo i presten og sa "Ja vil ikkje presten gjere det, skal eg gjere det sjølv". Så tok han kona si ved handa, las høgt heile formularet, og leidde henne med seg inn i kyrkja.

 

"Etter den tid vart det snart slutt på skikken" skriv dei i bygdeboka.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.