Gå til innhold
Arkivverket

Fredrik Andersson (Næs) (1813- ) og Anna Halvorsdotter (Leirdal) (1817-1901) - utvandra i 1867 til Windsor township, Dane Co., WI, men kvar vart det av dei? - kva med sønene hennar, Halvor Larson (1846) og Ole Sjurson (1855)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har eg slite med i snart 40 år, og no vonar eg at tidi kanskje er komi for å få svar på nokre av desse utfrdringane?

 

Fredrik Andersson (Næs), døypt i Luster 11.7.1813, gifte seg første gongen med ei jente frå Jostedalen, men dei fekk ikkje born i lag.  So gifte han seg att i Luster 22.6.1863 med enkja:

Anna Halvorsdotter (Leirdal), fødd i Luster 12.2.1817.

Fredrik og Anna fekk heller ikkje born i lag, men i 1867 utvandra dei til Amerika med mellom anna to søner hennar:

 

* Halvor Larsson, fødd i Luster 12.7.1846

 

* Ole Sjurson, fødd i Luster 18.1.1855

 

I FT1970 finn me Fredrik og Anna som farmlaborers i Windsor township, Dane Co., WI., men ingen av dei to gutane er nemnde der: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-LHV

 

** Kvar var sønene Halvor og Ole i 1870?

 

** Og kvar var Fredrik, Anna og Ole i FT1880?

 

** Kvar vart det av Fredrik?

 

** Kvar vart det av Ole (Severson?)?

 

Anna flytte på eitt eller anna tidspunkt inn hjå sonen Halvor Larson i Kossuth Co., IA - budde der i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-64PQ-358

og døydde der 31.7.1901 - FT1900 seier at tre av i alt fem born levde på den tidi.  Ho hadde fire born i ekteskapet sitt, men berre TO av dei levde i 1900 - tredje barnet i live på den tidi MÅ altso ha vore sonen Ole!!!

 

** Kanskje finst det ein liktale etter Anna frå 1901?

 

Halvor Larson gifte seg første gongen i Columbia Co., WI 8.11.1877 med Olina Olsdotter Meel med foreldre frå Balestrand, men fødd i Dane Co., WI 15.3.1848. 

Dei farma i Bristol township, Dane Co., WI der Olina døydde 25.8.1886.

 

Her er dei i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-9Q4Q

 

So gifte Halvor seg att i Columbia Co., WI 2.6.1887 med Synneva Hermundsdotter Høyum, fødd i Luster 4.4.1857, utvandra i 1882.  Hausten 1888 selde Halvor farmen sin i Bristol township, Dane Co., WI og flytte til ein farm i Hebron township, Kossuth Co., IA der han døydde 8.8.1924.  Synneva døydde same staden 2.2.1937.

 

Eg hadde vorte svært so glad om nokon greidde å finna svar på nokre av dei utfordringane som eg har lista opp over og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.