Gå til innhold
Arkivverket

Kven er Lasse Andersson Hjelle/Folva si kone?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

I Aaland si bok som omtalar Folva og Hjelle i Oppstryn s. 221 og 232  https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012032024015?page=466  og   https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012032024015?page=477    er det oppgitt at Lasse først var gift med Brite Kolbeinsdatter Greid, og dernest med Sofie Knutsdatter Glomnes. 

 

Men i skiftet etter Lasse i 1749 er det oppført ei Ane Erichsdatter som gjenlevande enkje. Kven var ho, og kva med dei andre konene som er nemnde i bygdeboka? 

Var Lasse gift tre gonger? Og kven var mor til borna hans?

Dottera Christi Lassedatter var gift med Jørgen Olson Flo, seier skiftet. Er det han som vart kalla "Store-Jørgen"?

 

Nordfjord sorenskriveri, 04/04a/L0010: Skifteprotokollar, 1747-1750, s. 250b-251a   https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630833

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, HelgeHånes skrev:

Lasse først var gift med Brite Kolbeinsdatter Greid, og dernest med Sofie Knutsdatter Glomnes. 

 

Finner dette giftermålet mellom Lasse Andersen Folva og Berthe Colbentsdatter - i 1764

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000000713

Sogn og Fjordane fylke, Innvik, Olden, Utvik, Nedstryn, Loen, Oppstryn i Innvik, Ministerialbok nr. A 1 (1750-1816), Trolovede 1765, Side 380
Permanent bilde-ID: kb20070509640551
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640551
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509640551.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, HelgeHånes skrev:

Men i skiftet etter Lasse i 1749 er det oppført ei Ane Erichsdatter som gjenlevande enkje.

Finner dette:

https://www.gudahl.no/GenJ/indi4/15/10/index-en.html

 

Hvis det er skifte etter Lasse i 1749, hvem er da den Lasse som gifter seg i 1764? Har du lenke til skiftet i 1749?

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om du har fått med deg skiftet etter Synnøve Rasmusdtr, Lasse Andersson si mor, i 1765?

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/521/

 

Her står det at Lasse er død, og at han etterlet seg eit einaste barn, Lasse, som ser ut til å vere fødd etter fars død, sidan har fått namnet hans. Mor er Brite Kolbeinsdtr Greidung, og fleire koner hadde ikkje Lasse.

 

Skiftet du viser til i fyrste innlegg, er etter Lasse Andersson Hjelle - som er ein heilt annan.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kven er då Lasse Andersson Hjelle? Etter boka til Aaland ser det unekteleg ut som han er den same som Lasse Andersson Folva. Lasse Andersson Folva flytte til Hamarrsbruket på Hjelle rundt 1732.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stryn på 1700-tallet er ein prøvelse. Prestefrua som gjekk til sengs med levande lys i 1750 skulle hatt ei skikkeleg oppstramming - hadde ho passa betre på, hadde vi hatt kyrkjebøker mykje lenger bak enn til 1750.

 

Når så "annankvar" oppstryning heitte Lasse, gjer det ikkje saka betre. Eg har svigermors familie i dette kaoset, så eg har knurra over prestefrua meir enn ein gong.

 

Det vi HAR før 1750, er manntal, skifteprotokollane og formyndarprotokollen, stort sett. Eg skal sjå litt meir på dette puslespelet; det er lenge sidan eg arbeidde med det. Det som i alle fall er sikkert, er at Aaland har mykje feil. Eg tilgjev han, sidan han arbeidde etter skoøskjeprinsippet og ikkje som vi - med søkbare databasar..

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det Aase!! Du som er midt oppe i kaoset har nok mykje større sjanse til å finne ut av saker og ting enn eg, som berre er ein nybyrjar i dette spelet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jørgen Olson Øvre Flo og Kristi Lassedatter, kona hans er 4. tippar til kona mi, så det er grunnen til at eg har rota meg inn i Oppstryn-kaoset. Ein av sønene deira, Jørgen, flytte til Lille Fylling og seinare til Ekroll i Skodje på Sunnmøre, og det er den greina som endar opp med kona mi. Ho har i tillegg fleire slektsgreiner som endar i Oppstryn. Knut Knutson frå Vollset i Sunnylven gifte seg med Brite Jonsdatter Sollid og flytte til Larsbruket på Øvre Flo. Dei er tipptipp-oldeforeldra hennar. Greinene vidare bakover går til Muri i Olden, fleire gardar i Sunnylven, Sollid og Store-Sunde i Oppstryn og Bødal i Loen. Så her er eg midt oppe i kaoset på fleire frontar. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt fredags-puslespel i kveld, så får vi sjå kor langt vi kjem:

 

Utgangspunktet mitt her er paret Anders Rasmusson Folven, oppsitjar på Folven i 1701, 78 år gammal, og kona Synnøve Lassedtr som det er skifte etter i 1699. Dei har då borna Rasmus, Lasse og Kari; Lasse er oppgjeven til å vere 20 år gammal i 1701.

 

Denne Lasse Andersson Folven er den same som vi finn att som Lasse Andersson Hjelle i skiftet i 1749. Han etterlet seg enkja Anne Eriksdtr, og eg kan ikkje finne noko teikn på at han har andre koner.

 

Dei har døtrene Synnøve, Ingrid, Kristi og Kari, og sonen "Anders Folven". Dette er Anders Lasseson Folven som vi har skifte etter i 1785, gift med Synnøve Rasmusdtr som vi har skifte etter i 1765, og i begge desse skifta ser vi at dei har hatt sonen Lasse (ca 1731-1765).

 

Denne siste Lasse Andersson er gift med Brite Kolbeindsdtr Greidung - som bygdebokforfattaren har knytt til farfaren hans. 

 

Den siste lause brikka i puslespelet er Sofie Knutsdtr Glomnes - av bygdeboka også knytt til Lasse Andersson senior.

 

Ved skifte etter farbroren Ola Andersson Roset i Bergen i 1754 står det at SKG er gift og bur i Nordfjord. Med eit personsøk finn eg ei Sofie Knutsdtr som får barn og sikkert er gift med Lasse Olsson Svarstad(vik) frå 1751. Ho kan umuleg ha vore gift med Lasse Andersson.

 

Vi får håpe dette vart litt klargjerande! 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for oppklaringa, Aase!! Då veit eg at Lasse kom frå Folven, at han var gift med Ane Eriksdatter og at Kristi Lassedatter var dottera deira. Ho var så gift med Jørgen Olson Flo. Foreldra til Lasse Andersson Folven/Hjelle var då Anders Rasmusson Folven og kona hans, Synnøve Lassedatter. Lassenamnet kjem då inn i slekta frå Synnøve.

Er det mogeleg å finne ut noko meir om Ane Eriksdatter?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, HelgeHånes skrev:

Er det mogeleg å finne ut noko meir om Ane Eriksdatter?

 

Eg såg litt på det og, men fann ikkje ut av det i denne omgang i alle fall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok ikkje så lette å finne ut av kvar Ane Eriksdatter kom frå. Eg har sett etter Erikar på nabobruka og finn fleire på Erdal, men elles er det dårleg med gardar der det namnet er i bruk. Ser forresten at det er ein del kontakt mellom Folven og Erdal, så ideen om at Ane kanskje kan vere frå Erdal er kanskje ikkje heilt usannsynleg???

 

Ei anna sak eg har lurt på er korleis Hamarrbruket kom inn i Folveneige. Far til Lasse åtte 1 pund smør der og det same gjorde Lasse Olson Hjelle og sonen Ola Lasseson Hjelle. Var det han som skaut Ola Bolstad i 1728, eller var det ein annan Ola Lasseson Hjelle? Det er mange Lassar her, så det er vanskeleg å halde tunga beint. Det var vel helst ein annan, for den Ola Lasseson Hjelle som er nemnd på Hamarrbruket var gift med ei Mari, og den Oal Lasseson Hjelle, som skaut Ola Bolstad var vel gift med Anne Jørgensdatter Bolstad, syster til Helga, som var gift med Ola Salveson Flo og mor til Jørgen Olson Flo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg berre har fått søndagssteika i omnen skal eg sjå litt meir på Anne. Drapsmannen Ola Lasseson er son til Lasse Olsson og Gjøde Jonsdtr, og gift med Anne Jørgensdtr, som du skriv.

 

Det KAN vere same Ola Lasseson som har vore brukar på Hammarsbruket i 1722, men han har i så fall ikkje vore gift med denne enkja Mari. Kven ho då har vore gift med, kan eg ikkje svare deg på, endå i alle fall; eg kjem tilbake til det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har leitt etter skifte etter Ane Eriksdatter, mannen Lasse Andersson, Anders Rasmusson Folven og kona hans, Synnøve Lassedatter, men har ikkje funne noko.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Kan Synnøve Ramsusdatter g.m. Anders Lassesen Folven være datter til Berte Rasmusdatter og Rasmus Kristoffersen Tjellog?

 

I skiftet etter Berte Rasmusdatter 1754 er Syneve Rasmusdatter oppgitt å være 41 år, som passer bra med at Synneve Rasmusdatter Folven var 52 år da hun døde på Folven i 1765:

 

Skiftet etter Berte Rasmusdatter: https://media.digitalarkivet.no/view/24229/80

Synneve Rasmusdatter Folven avdød 1765: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461678

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.