Gå til innhold
Arkivverket

Litt om slekta Soop


Ingvar Åberge
 Del

Recommended Posts

I bygdeboka Balestrand bygd og ætter frå 1934 skriv Jon Laberg dette om garden (Nedre) Mundal i Fjærland, s, 546:

 

"Arnfinn Nilsson var brukar her frå umlag 1658. Kona hans heitte Kari Lassedtr. Arnfinn segjest vera 73 år i 1701, og hadde då tvo søner, Ola og Hans, som var 4 og 1 år gamle, Dette segjer oss at Arnfinn fyrst har vore gift med ei enkja eller ei gamal gjente og so på sine gamle dagar vorte attgift med ei ung. Arnfinn døydde 1712. Sonen Ola kom til Bale, men den andre sonen, Hans, ser me ikkje meir til."

 

Nedre Mundal hadde ei samla skyld på 1 1/2 laup smør på denne tida (s. 542), og Arnfinn Nilsson var ein av to brukarar. Sannsynlegvis eit respekabelt gardsbruk på den tida etter vestlandsk mælestokk

 

Arnfinn Nilsson må etter desse opplysningane vera fødd kring 1628. Kvar han hadde opphalde seg før han kom til Mundal kring 30 år gamal, seier bygdeboka ingenting om.

 

Det er noko Soop-aktig over denne mannen. Namna Arnfinn (eller Anfin) og Nils er begge karakteristiske for Soop-ætta på 1500 og 1600-talet. Det same gjeld namna på sønene, Hans og Ola. For det meste vanlege namn, men ikkje Arnfinn. Det verkar elles ikkje som at svigerfaren Lasse har vorte oppattkalla, slik skikken vanlegvis var, så mest truleg erdet nok at både namna Ola og Hans kjem frå Arnfinn si side. Litt snodig er det at namnet Nils heller ikkje er kalla opp att, men Arnfinn kan jo ha hatt ein son Nils i fyrste ekteskap. Det veit me jo ingenting om.

 

Me har altså Soop-namnet Arnfinn, kombinert med tre andre namn som passar med Soop-ætta, på ein forholdsvis stor gard midt i Sogn på midten av 1600-talet. Går det då an å finna ut dette verkeleg var ein Soop?

 

I Gamle ætter i Sogn frå 1928 skriv Sollied (s. 212) om ein "Nils Olufssøn Soop", som vart immatrikulert ved Rostocks universitet i september 1594. "Hans senere skjebne er ukjendt." Denne kunne i prinsippet vera ein kandidat til å vera far til Arnfinn Nilsson, men han har i så fall fått Arnfinn i godt vaksen alder. Immatrikulert 1594 må han vel vera fødd 1574 eller endå før. Han kan ha vore kring 55 år då Arnfinn Nilsson som seinare vart fødd. Det er altså ikkje umogeleg at han kan ha vore faren, men kanskje heller ikkje så sannsynleg.

 

Syskena til denne Nils kan sjølvsagt også ha hatt ein son Nils som kan vera Arnfinn Nilsson sin far, utan at Sollied skriv noko om det. Det ville passa betre med alderen. Men dei andre syskena kom seg etter det ein forstår av Sollied så høgt på strå at det kanskje ikkje er sannsynleg at den næraste etterslekta ville overta som vanleg bonde i ei vestlandsbygd. Så om Arnfinn Nilsson var ein Soop, held eg inntil vidare ein knapp på at den mest sannsynlege tilknytinga likevel må vera via den lite kjende Nils Olufsson.

 

Går det an å rekkja denne ætta anten framover eller bakover for å finna ut om dette stemmer? Er det nokon som har forska vidare på Soop-ætta etter Sollied si tid?

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

du kjenner vel til ham, men Hans Olufssøn Soop var sogneprest til Bodø ca. 1595-1621. Terje Gudbrandson skriver om ham "en prestesønn fra Vestlandet som på morssida tilhørte adelsslekta Soop. (Terje Gudbrandson: Bodin bygdebok II:3 Kirkegrenda, side 625) på s. 664 hevdes det at han var fra Borgund på Sunnmøre og døde 31. oktober 1621. Gift med Kjersten, barn: Karen f. høsten 1595, død i desember 1612, Stephan, som kalte seg Sophius, sogneprest til Gildeskål i Salten, og Sønnøv,(død etter 1629) gift med fogd Morten Christenssøn Hegelund, trolig fra Viborg på Jylland,  bosatt på Ytter-Hærnes i Bodø, se s. 428 3 barn

Endret av Erik Lie
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.