Gå til innhold
Arkivverket

Matros Nils Jakobsen


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Våren 1916 blei det fødd ein gut i Bergen, han blei seinare døypt Ingolf i Mariakirken. Namnet til mora er oppgitt, henne veit me ein del om, ho er fødd i 1877. Faren står oppgitt som ugift matros Nils Jakobsen, fødselsår og bustadadresse er ukjent. I folketeljinga i 1900 står det ein ugift matros Nils Jacobsen, fødd i 1870, bur i Bergen. Eg finn ikkje denne personen i folketeljinga i 1910. I folketeljingane i 1900, 1910 og 1920 finn eg ganske mange med namnet Nils Jakobsen (Jacobsen) på Vestlandet, men eg tykkjer ikkje mange av desse kan passa med ugift matros Nils Jakobsen. Kor blei det av denne ugifte matrosen N. J. frå 1900?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 minutter siden, Svehn Ruskelöv skrev:

Hei Reidar Olav, har du noen lenker til dette du har funnet?

 

Godt nyttår.

 

Dette er nok rett "Nils", ser att lösarbeider "Jakob" som muligens er en bror har en sönn som også heter "Ingolf" : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335012456

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Svehn Ruskelöv skrev:

 

Dette er nok rett "Nils", ser att lösarbeider "Jakob" som muligens er en bror har en sönn som også heter "Ingolf" : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335012456

 

Dåpen i "Mariakirken" 1916 : https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000034239976

Lenke til kommentar
Del på andre sider

25 minutter siden, Svehn Ruskelöv skrev:

Kan det vere de samme brödrene som er her i FT 1885 "Bergen" (Nils Edvard) : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053295018559

 

Og her i FT 1875 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295040261

Denne Nils Jakobsen ble gift i 1910 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001075710

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har du sikkert, men bare supplerer med at Ingolf vokste opp i Fitjar, og ble gift og flyttet til Meland (nå Alver), han døde i 1991.

Kan det stå noe mer i forbindelse med konfirmasjon eller ved vielsen om faren?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, hei, både Svein og Lars, godt nytt år til dykk begge to!  Eg har altså vore i eit lite nyttårsselskap (med bror og søskenbarn, innanfor koronareglane!). Difor har eg ikkje sett desse innlegga før no. 

Det er rett at denne guten som blei fødd i Bergen i 1916, blei adoptert til Meland kommune, nord for Bergen, og at han døde i 1991.

Eg har jo lurt på om namnet på denne far til Ingolf er eit rett namn, me kan vel ikkje vita det heilt sikkert. Kvifor får ikkje kyrkja greie på verken bustadadresse eller fødselsåret til denne matrosen? Mora var altså fødd i 1877, eg tenkte då at det vel var rimeleg at barnefaren var fødd mellom 1870 og 1890. Men me veit ikkje mykje sikkert. Det verkar ikkje sannsynleg på meg at dei «diktar opp» yrkestittelen matros. Og det er altså berre ein einaste person som står som ugift matros Nils Jakobsen, og han er fødd i 1870. Men dersom denne personen giftar seg i 1910, kva då..? Har dei servert ei «kvit løgn” når dei skriv ugift i kyrkjeboka i 1916? 

Der fins ei historie i denne samanhengen som kan tyda på at barnefaren arbeidde på ein båt som gjekk i rutefart på staden der adoptivfar til guten var ifrå, Færøysund i noverande Fitjar kommune. Er det råd å finna ut noko om rutebåtar i dette området (Sunnhordland) på 1920-talet? Og særleg om det kan finnast mannskapslister for slike rutebåtar?

 

Opplysninga om at denne Nils J. frå 1870 har ein nevø med namnet Ingolf, tykte eg var interessant. Men så kom opplysninga om at denne Nils J. gifta seg i 1910, og då fell jo noko av lufta ut av historia. Men kor blei det av denne Nils J.? Når dør han, og kva yrke hadde han etter at han blei gift??

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars. Dette må vera mannen me er ute etter. Det er litt for mykje som stemmer med mi historie til at dette kan vera feil, slik tenkjer eg no. Eg skreiv noko feil i mitt siste innlegg. Sjølsagt har Nils vore matros/styrmann på ein båt som har gått i Nordhordland, ikkje i Sunnhordland.

Men så er det altså slik at Nils har 6 «ektefødde» born, han har definitivt vore gift. Eg takkar så mykje for hjelpa eg har fått så langt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.