Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Eg har to spørsmål:

- Kvar kan eg finne opplysningar om losvesenet i Helgeroa (Vestfold) på 1800-talet og kven som var losar der då?

- I 1807 kom eit britisk krigsskip inn på Helgerosfjorden. Det blei skotveksling med soldatar frå flåtebasen i Fredriksvern (Stavern). Ei såpass alvorleg hending skulle ein tru resulterte i noko skriftleg. Kvar kan ein eventuelt finne noko slikt?

 

Med helsing

 

Hallgrim Høydal

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/262947-losbritisk-krigsskip/
Del på andre sider

14 minutter siden, Hallgrim Høydal skrev:

Eg har to spørsmål:

- Kvar kan eg finne opplysningar om losvesenet i Helgeroa (Vestfold) på 1800-talet og kven som var losar der då?

- I 1807 kom eit britisk krigsskip inn på Helgerosfjorden. Det blei skotveksling med soldatar frå flåtebasen i Fredriksvern (Stavern). Ei såpass alvorleg hending skulle ein tru resulterte i noko skriftleg. Kvar kan ein eventuelt finne noko slikt?

 

Med helsing

 

Hallgrim Høydal

 

Det finst losruller i arkiva etter losoldermennene. Antar at Fredriksvern og/eller Larvik dekker Helgeroa. Sjå katalog over arkiva her: https://www.arkivportalen.no/search?unitType=1000&repository=SAKO&text=los

Materialet kan brukes på lesesalen ved Statsarkivet i Kongsberg: https://www.arkivverket.no/om-oss/besok-oss/statsarkivet-i-kongsberg

 

Når det gjeld hendinga i 1807, så vil ein truleg finne opplysningar i militære arkiv, men nøyaktig kor er eg usikker på. Eg vil anta at hendinga er omtalt i bøker/artikler, og kanskje finn du ein referanse til arkiv der? Du kan eventuelt sende inn et skjema, slik at vi kan undersøke nærare kva arkivmateriale som kan vere relevant: https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning/andre-henvendelser#!/form/0

Viss du sender inn skjema er det fint om du legg ved ein lenke til denne tråden.

 

Mvh

Terje Nomeland

Arkivverket

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.