Gå til innhold
Arkivverket

Knut Andersen, skifte i 1732 på Øyri i Fresvik


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24158/257

Nederst høgre side.

Dette er skiftet etter Knut Andersen frå Hellen i Arnafjorden, busett på Hov i Fresvik. Skiftet vart halde på garden Øyri.

Terje Tandseter har gått gjennom skiftet før og gav meg desse kommentarane:

 

Skiftet etter Knut Øyri 3.11.1732 sier at han var gift med Brita Amundsdatter, hans etterlatte kone som har levet til sammen uten livsarvinger. Knut ble derfor arvet av sine fullsøsken Størker Hove, Erik Hellen, Brita Lien, Brita Valsvik og Gjertrud Hellen, samt halvsøsken Ole Hellen(død, to barn) og Maritte Fretheim (død, fem barn). Knut Andersen var fra Hellen i Arnafjord og f. ca. 1660 (8 år i 1668).

 

Det er sannsynlegvis feil i ætteboka for Fresvik og Leikanger der ein Knud Arnesen er gift siste gongen i 1713 med Mildrid Pedersdtr. Øyri. Truleg er det to ulike personar som heiter Knut Andersen sidan Knut i skiftet var gift med Brita Amundsdtr. som i ætteboka er oppgitt som første kone til Knut Andersen.

 

Mitt spørsmål er: Brita Amundsdtr, hans etterlatte kone. Betyr etterlatte at Brita fortsatt levde då skiftet etter Knut var i 1732?

I ætteboka er står det at Brita var fødd ca 1640 og døydde i 1712.

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja, det står at skiftet er Imellem hende paa den, [ene] og paa den anden side . . . , og hennes utlegg ramses opp – jeg ville tolke det som hun er i live.

 

Mvh

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk! Då er det endå ein feil i ætteboka for Leikanger der det står at ho døydde i 1712. 

 

Viss ho var fødd rundt 1640 som det står i ætteboka, så var ho over 90 då mannen døydde, så der må det vera noko feil. Kanskje ei namneforveksling i 1712 då ho er oppførd som død.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Viss ho var fødd rundt 1640 som det står i ætteboka, så var ho over 90 då mannen døydde, så der må det vera noko feil. Kanskje ei namneforveksling i 1712 då ho er oppførd som død.

 

Det kan godt tenkes, men for all del – ikke ta min tyding/tolkning over for ‹god fisk›. Her trengs nok litt mer ‹solid grunn under føttene›. Ættebokforfatteren må jo ha hatt sine kilder?

 

Mvh

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurer på om årstalet 1640 og dødsåret 1712 kan komma frå tolking av denne kyrkjeboka på venstre side

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/97

 

Etter som eg les det så er ei Brita Amundsdtr jordfesta og er 72 år. Det høver med fødselsår 1640. Svært få på den tida som stod alder på, men 72 må vera alderen hennar. Samtidig meiner eg det står at ho er jordfesta på Vangsnes under Tjugum, så det høver ikkje med dama mi i Fresvik. Men kanskje kan mistydinga komma herifrå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Berethe Amundsdttr Æt: [ætatis = i en alder av] 72. Så du har rett i at det er damens alder i hvert fall.

Og Ved Vangsnes tror jeg det står, men så? af Leg? [Leikanger?] Og hvor ser du Tjugum?

 

 

Mvh

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklagar, Leikanger prestegjeld og Vangsnes sokn.

Leikanger, Tjugum, Rinde, Fresvik og Mundal er andre sokn i prestegjeldet.

Men lite sannsynleg at nokon som budde i Fresvik vart jordfesta på Vangsnes. Så trur det er sjanse for at det har blitt ei mistyding i ættebok.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.