Gå til innhold
Arkivverket

Peder Matiasson Bøtun, kvar budde han i 1701?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Peder Mattison Bøtun skulle vera 54 år i 1701. Han var visstnok brukar på Øyri i 1680-åra og framover og kjøpte garden i 1702 frå Mads Sæve som var farbror til kona Gjertrud Vidreiksdtr 1667-1741.

Dei hadde borna Mildrid 1688, Sofia 1692 og Else 1701 som vart gift på Njøs på Leikanger.

Mildrid gifte seg  med Knut Andersen i 1713 og vart buande på Øyri. Kva som skjedde med Sofia veit me ikkje. 

 

Under kva gard finn me Peder Mattison i 1701?

Er det mogeleg å finna dødsåret for Peder Mattison?

Takksam for hjelp.

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du funne Øyri i 1701-manntalet?

 

RA, Manntallet 1701, nr. 8: Ytre Sogn fogderi og Indre Sogn fogderi, 1701, s. 38-39
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10041010274029


(6. gard nedanfrå til venstre): "Peder Vidrichs:" 54 år

Det kan vere samanblanding av farsnamn; særleg dersom verfaren Vidrik levde på garden, eller hadde gjort det.

 

Det er vel to mogelege kjelder for dødsåret: skifte og kyrkjebok.  Dersom det ikkje var skifte, og det ikkje finst ei så gammal kyrkjebok,

vil du neppe kunne finne dødsåret.  Du kan kanskje finne kva tid han sluttar å betale skatt - men det tyder berre at nokon annan

tok over som brukar.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Vidreikson var son til Vidreik Torbjørnson Hov og bror til Gjertrud som gifte seg med Peder Mattison Bøtun.  Peder Vidreikson var brukar i 1701 men broren Mads Sæve på Voss var eigar meiner eg. 

Peder Mattison kjøpte garden i 1702 frå Mads Sæve, men skulle vera brukar frå 1680-åra står det i ætteboka. Kvar ein har funne opplysningane om 1680 veit eg ikkje.

Det var skifte etter far til Peder og Gjertrud som døydde i 1701. Kanskje kan det vera aktuelle opplysningar her.

https://media.digitalarkivet.no/view/24154/146

 

Peder Vidreikson veit me heller ikkje noko meir om etter 1701.

Han kom attende frå Voss kring 1676 men vart stemna i 1681 sidan han let andre slå garden sin. Kanskje opplysningar om brukar på Øyri viss ein klarer finna dette som kanskje er i rettsprotokollane.

 

Men Peder Mattison som skulle vera fødd mellom 1645 og 1650, truleg gift rundt 1688, klarer eg ikkje finna i manntalet.

Rart sidan det blir sagt at han skulle driva på Øyri frå 1680. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt rask med forrige innlegg. Det var ikkje Peder men faren Vidreik som kom attende frå Voss kring 1676. Budde resten av levetida på garden Hov og hadde evt også Øyri iallfall fram til 1680-åra då Peder Mattison skulle vera brukar. Peder Vidreikson var brukar på Øyri i 1701.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

skiftet, 30 juni 1701:

to born etter avdøde:
"1. Peder Vidrichs. /: huis laad, om Noget arfis

for hans forseels schyld, til Kongl Majt er forfalden : /

og 2 Giertrud Vidrichs daatter Peder Øhrens, begge dend

Sl: Mands Børn og Sande arfvinger"

 

Her burde det vere noko å finne i tingboka. Ein "forseelse" som gav inndraging av heile buet

hadde gjerne dødsstraff eller forvisning (gruvearbeid, Finnmark, utlandet) med seg også.

Det står at Gjertrud og hennar Peder budde på Øyri. Det står ikkje kvar bror Peder heldt til. Det kan hende

han sat inne, eller i forvisning.  Det kan hende tingboka kan seie noko meir.

 

Buet inneheld 1 gammal gryte, 2 geiter og 2 sauer, og 10 mk smør jordegods.

Kreditorane tok alt, og jordegodset vart fordelt på 5 av dei.  Slekta (td. bror til Vidreik) kan ha kjøpt det att på odel.

 

Eg tvilar litt på at Peder Vidreikson var brukar på Øyri i 1701. Kjelda er truleg manntalet. Det kan lett vere ei samanblanding av dei to Pederane,

Sidan Peder (g.m. Gjertrud) budde på Øyri (ifl. skiftet), skulle han stå i manntalet, anten som brukar, dreng eller husmann (det er ein husmann

"Hans Verichs" 41 år nest øvst på s. 49).  Tingboka kan kanskje seie noko om Peder Vidreikson.

Skiftet var 30 juni og manntalet tildleg i september (eg ser ingen dato for Leikanger, men rett framom er Vik datert 7. sept)

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er absolutt ei mogeleg forklaring du er inne på Ivar.

Peder Vidreikson er oppgitt med fødselsår 1647 i ætteboka, men det kan komma frå manntalet i 1701 der han er 54 år. Systera Gjertrud er fødd i 1667, så viss det stemmer så er det eit langt hopp mellom dei to borna. Kanskje Peder Vidreikson er fødd ein god del seinare enn 1647 men Peder Mattisson er fødd i 1647.

 

Peder Vidreikson hadde gjort seg skuldig i eit brotsverk, men problemet er vel å klara finna det i tingboka sidan me ikkje veit verken dato eller årstal.

 

På side 49 står som du seier husmenn, men eg har lese det til Hans Nielson og med sonen Eirik 8 år. Men kanskje eg tek feil med etternamnet?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.