Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen: Kan Håvard Endreson Lotsberg f.1689 vere lik Håvard Henrikson Grov, vigd 1724? Eventuelt død i Bergen 1742?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Endre (Jørgenson) Lotsberg får sonen Håvard (Hofuer) i 1689. 

 

SAB, Gloppen sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1686-1711, s. 40-41
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290284
 

Han er ikkje heime hos foreldra i 1701, så eg reknar med at det er han eg finn i Hyenes, ein liten rotur unna, sjølv om alderen er 3 år for høg.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000625674

 

Faren er nemnd som Inderst, så der er ikkje noka jord å overta for Håvard eller dei 4 andre brørne som er nemnde på Lotsberg i 1701, men busette andre stader. Håvard er ikkje nemnt her, men eg ser det er vanleg praksis; dei som framleis bur i fogderiet er oftast nemnde på den garden der dei er.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000626035

 

Den neste oppføringa eg har av ein Håvard Endreson i Gloppen er ei truloving med Ågåte Rasmusdtr Ryssdal i 1723 - Håvard Endreson Grov.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-91

 

Ekteskapet blir inngått i 1724, men då er brudgommen kalla Håvard Henriksson Grov. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-98

 

Ekteparet forsvinn frå kyrkjebøkene i Gloppen, fram til Ågåte døyr som enkje på heimegarden i 1764.

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070228300193

 

I mellomtida finn eg ein Håvard Henrikson som fadder i Bergen i 1727,

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005954642

 

og eg finn ein Håvard Endreson død i Bergen i 1742,

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000733673

 

Eg har også notert meg ein førekomst av Håvard Endreson i ein brannmannsrulle i Bergen 1736, men den lenka eg har lagt ved, virkar ikkje og eg finn det ikkje att.

 

Det er svært freistande å slå saman desse to personane, men så langt meiner eg det er litt for luftig. Ein må hugse på at såkalla Halvemål var mykje utrbreidd på den tida, slik at skriftbiletet Endre godt kunne uttalast Hendre, og skriftbiletet Hen(d)rik kunne bli En(d)rik.

 

Er det nokon som har fleire opplysningar om denne personen / desse personane?

 

Eller funn av Ågåte Rasmusdtr i perioden 1724-1764?

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Aase R Sæther - Gloppen changed the title to SF Gloppen: Kan Håvard Endreson Lotsberg f.1689 vere lik Håvard Henrikson Grov, vigd 1724? Eventuelt død i Bergen 1742?

Der fann eg att Brannmanntalet, og det står det uttrykkjeleg at Håvard Endreson er fødd på Lotsberg. 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/6/pc00000000994680

 

Eg finn også fleire fadderskapar på han i Bergen, den siste i 1742.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006124411

 

Men så var det å lenke han til ekteskapet i 1723/24.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett fleire eksempel på at endre vert til Henrik, så det er stor sannsynlighet for at det er tilfelle her og.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.