Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Skifte etter Hermund Olson Hatlelid, informasjon om skred?


Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24179/173

 

Skiftet etter Hermund Olson Hatlelid i 1833. 

Tre år før gjekk det eit stort skred over Hatlelid som raserte nabogarden men truleg slapp husa til Hermund unna sjølv om dei stod i same tunet. Husa på denne garden vart visstnok flytte etter skreda. 

Er det noko informasjon i skiftet om skreda, bygningar eller liknande?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

det står ikkje så mykje i det heile, og ingenting om skred, bygningar e.l.

Det er snakk om lausøyre (jordegods ikkje nemnt). Dette er registrert og auksjonert bort før skiftet.

Det kan tenkjast at bygningar er rekna som "lausøyre" - men dei kan også ha høyrt til jordegodset.

Skiftet er fallitt, og kreditorane får om lag halvparten av det dei skulle ha.

Det vert ingen arv, og arvingane er heller ikkje nemnde.

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Var vel kanskje for mykje å håpa på at det skulle vera nemt noko slikt.

På den garden som vart teken av raset i 1830 finn eg berre eitt skifte frå 1814 då gardbrukaren døydde og enkja Anna sidan sat med garden, også då raset kom. 

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/107

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/110

 

Går ut frå at tilstanden kanskje ikkje var betre der heller. Men ser ut som det er opprekna noko under siste lenkja.

Dette skiftet er etter "Leilending, Gaardmand Jens Ellingsen nedre Haltlelie". Kan ikkje sjå noko jordegods her heller (det kunne vere gardpartar andre plassar enn den han brukte).

Skiftet viser betre økonomisk stode enn for grannen: netto 412 - 2- 12 til fordeling mellom enkja og borna.

  • Liker 1

Takk skal du ha.

Interessant at denne garden stod seg betre økonomisk. Men så vart det jo endring då skreda kom og øydelagde all jorda pluss stovehus og uthus. Stabburet vart berga og eit par små bygningar. 

Hadde som sagt håpa på noko om verdi av hus, men det gjekk ikkje. 

Personleg økonomi har gjerne personlege variasjonar, då som no.

 

Det kan vere dei fekk avtak; altså redusert skatt/nedsett skyld - for ei tid eller permanent - etter skredet. Tinglysing av dette vil gjerne gje fleire spor.

 

Du kan kanskje byrje med å samanlikne matrikkelen 1838 (trykt, skanna på Digitalarkivet) https://media.digitalarkivet.no/db/contents/35486

med oppgåvene til jordavgifta 1802.

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=jordavgift&from=&to=&format=all&archive_key=&m[]=1419

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.