Gå til innhold
Arkivverket

Paul Larsen Urvigkraaen og foreldra hans.


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Paul Larsen Urvigkraaen er gravlagt 17. januar 1811 i Borgund. Han er då oppgitt å vere 61 år gammal, men dette er ikkje alltid så mykje å rette seg etter.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070903620645   Det viser seg også at dette er feil når Paul, ifølgje kyrkjeboka er fødd i 1740 i Kaarsa i Ålesund. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003228407

 

Paul var  ved folketeljinga i 1801 gift med Johanne Pedersdatter Urviig. Han er i sitt andre, og ho i sitt første ekteskap. Han er skriven å vere plassemann med jord, og er oppgitt å vere 58 år, altså fødd rundt 1743. På plassen bur også Johanne sin far Peder Andersen på 72 år og kona hans, Siri Clausdatter. Om Siri er mor til Johanne er uvisst, i og med at faren har vore gift før.  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419001256

 

Paul og Johanne hadde 3 søner: Lars, døypt 2. søndag i advent 1796. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610362  Han er ikkje nemnd i folketeljinga i 1801, så han er då truleg død.

Peter Martinus, døypt 17. juni 1798. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610371  

Stener Martinus, døypt 6. april 1800.   https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610382

 

Paul hadde også ei dotter, Anne, fødd ikring 1778.  Ved skiftet etter Paul 25. mai 1812 er det sagt at ho var 34 år. Av dei tre sønene i andre ekteskap er det berre Petter på 13 år som lever. https://www.digitalarkivet.no/sk20090128680162  Skiftet er elles svært vanskeleg å tyde, så eg forstår ikkje så mykje av det som er skrive der. Buet ser ut til å ha liten verdi.

 

I eit slektstre i Geni finn eg at faren skal vere Lars Jakobsen Kalvestad/Korsen og at mora skal vere ei Else Hansdatter Kalvestad.  https://www.geni.com/people/Paul-Kråna/6000000108593519852  

 

Lars gifte seg 9. mars 1732 med Else Hansdatter. https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002828036  Begge er då kalla Kalvestad, truleg fordi dei då budde på Kalvestad på Sula. Om Else var frå denne garden er usikkert. Kor lenge dei budde der er uvisst, men då  sonen Paul vart fødd i 1740, bur dei i Korsa i sentrum av Ålesund. Seinare skiftar dei etternamn til Ålesund. Ifølgje skiftet etter Else i 1763 budde dei i Nordgaard på Noteneset, som må ha vore ein bygard i sentrum, like ved Ålesundet.

Lars og Else hadde desse borna: 

  1. Else, f. 30. juni 1732, truleg død ung, for ho er ikkje med i skiftet etter mora i 1763. Mellom fadderane er Magnille Jakobsdatter Kalvestad, f. Haajem. Ho er Lars si syster, begge frå Haajem i Skodje.  Lars Jakobsen Kalvestad/Korsen/Ålesund vart ifølgje Skodjeboka fødd på Ellinggarden, Haajem 2 i Skodje i 1707. Foreldre var Jakob Iversen Haajem og Inger Knutsdatter f. Heggebakk.  Kjelde: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 528/L0390: Ministerialbok nr. 528A01, 1698-1739, s. 389 https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640480
  2. Hans, f. 27. september 1733 på Kalvestad, myndig ved skiftet etter mora i 1763. Kjelde: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 528/L0390: Ministerialbok nr. 528A01, 1698-1739, s. 396  https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640484
  3. Jakob, f. 9. februar 1738 i Ålesund Kjelde: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 528/L0390: Ministerialbok nr. 528A01, 1698-1739, s. 427  https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640501
  4. Paul, f. 30. oktober 1740 i Kaarsa i Ålesund https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003228407
  5. Inger, f. 6. oktober 1743 i Ålesund  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003228899
  6. Jakob, f. 14. desember 1746 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003229539
  7. Elsebe Maria, f. 10. november 1748 i Ålesund  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003229943
  8. Lars, f. 9. mars 1755 i Ålesund https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003231304

Else Hansdatter Ålesund døydde ikring 1763. Det var skifte etter henne 1. juli 1763. Kjelde: SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0020: Skifteprotokoll 14B, 1761-1763, s. 903b-904a  https://www.digitalarkivet.no/sk20090126670422

Lars Jacobsen Ålesund døde 53 år gammal og vart gravlagt 23. januar 1767. Kjelde: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 528/L0393: Ministerialbok nr. 528A04, 1762-1800, s. 352, høgre side. Sonen Jakob døydde berre 5 dagar før, den 18. januar   https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610445 

 

Opphavet til Paul Larsen Urvigkraaen er såleis truleg å finne på Haajem i Skodje, men lite er kjent om kona hans, Else Hansdatter Kalvestad/Ålesund. Var ho fødd på Kalvestad i Sula, og kven var foreldra hennar?

 

Noko som gjer det heile litt meir interessant, er fadderlista til Peter Martinus Paulsen Kraaen. Her er det opprekna ei imponerande liste av kondisjonerte folk: C. Abelseth, msn. Munk, mons. N. Astrup, madme. Lovisa Wingaard, og jomfru Stine Abelseth. Om eg ikkje tek feil er det snakk om Christoffer Abelseth, Nikolai Astrup, prost i Ørskog, Lovisa Wingaard er vel kona til kjøpmannen Nikolai Ulrik Wingaard, og jomfru Stine Abelseth er kanskje Kristine Abelseth, kona til Nikolai Astrup og syster til Christoffer Abelset.  Kven msn. Munk var, veit eg ikkje. I dåpen til Lars Larsen Kraaen er også "msn. Astrup paa Sørnæss" fadder. Men i Stener sin dåp er ingen av dei ovannemnde fadrar. 

 

Det eg vil fram til er at desse fadrane elles berre er fadrar til velkondisjonerte borgarar sine born. Eg har bladd i dåpsprotokollane og funne at det er tilfelle. Så då er spørsmålet: Hadde Paul Larsen Urvigkraaen nærkontakt med dei velkondisjonerte i Borgund?

 

Kan formyndaren til Anne frå første ekteskapet, Lars Larsen Kipperberg,  vere ein slektning ?

 

Ifylgje bygdeboka for Grytastranda i gamle Borgund, seinare Haram og no Ålesund, kjøpte Peter Andreas Paulson Kraaen i 1831 Pergarden, Engeset 1 på Grytastranda. Ein kan spørje seg kvar han tok pengane frå, oppvaksen som han var på ein fattigsleg plass på Sula. Kan han ha spelt på sine og faren sine kontakter eller slektningar? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.