Gå til innhold
Arkivverket

Helga Eriksdtr Vatnelid - død 1763 i Naustdal


Jostein Stokke
 Del

Recommended Posts

I boka «Henrikslekta frå Solheimsdalen» av Andreas Karstad – eige forlag – Bergen 1968 – står det på side 49 om Ananias Steffensen Svoen, Øygarden 1721 – 1806.

Han er min 4xtippoldefar og han var gift 4 gonger.

2. kona hans – som då er mi 4xtippoldemor – var enkja Helga Eriksdtr Vatnelid, 1723 – 1763.

Dei gifta seg i 1748.

Dei fekk 4 born saman ( Sønneve i 1748 – Bernt i 1750 – Henrik i 1753 og Massi i 1766)

 

Alt dette i følgje boka – eg har ingen lenkjer og nå finn eg heller ikke denne boka i nb.no – sjølv om eg veit at ho er der.

 

I bygdeboka for Naustdal finn me dette:

Anders Eriksson f. kr. 1694 på Helle, d. 1745 i Vatnelia. Gift 1732 med Helga Eriksdtr, f.kr 1694 i Frammarsvika bnr. 1, .d 1763 på Øygarden. Helga vart i 1748 attgift med Ananias Steffensen få Svoa, han var då enkjemann på Fengestad, der Helga og Ananias var buande.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2017030348012?page=453

 

I same bygdeboka finn me under Frammarsvik ei Helga Eriksdtr – fødd kr 1694 – død 1763 – gift 1732 med Anders Eriksen Helle – bustad Vatnelia bnr 1

Anders og Helga fekk 6 born i perioden 1734 - 1744:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2017030348012?page=579

 

Feilen er sjølvsagt alderen til denne Helga – ho kan ikkje vera fødd i 1694 og få barn i 1748. Ho kan heller ikkje vera fødd i 1723 og vera gift i 1732 og få barn i 1734.

 

Kan nokon med kjennskap til slekter i Naustdal hjelpa meg vidare.

 

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.