Gå til innhold
Arkivverket

Detaljerte historiske kart over townships («platmaps») frå ulike Counties i Amerika frå 1870-talet - eg veit dei finst, men kvar er dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For fleire år sidan kom eg over ein amerikansk Webside som inneheldt avfotografiske historiske kart over dei ulike townships i ulike Counties i Amerika med detaljert opplisting av grunneigarane.  For meg var det den gongen Wisconsin som stod i fokus - særleg Vernon County - der eg gjennom slike kart greidde å løysa fleire slektsgåter!

 

Er det andre som har vore borti desse karti og som veit kvar dei finst?  Dei var gratis å bruka, i alle fall den gongen!  Det finst kart frå kring 1860 og utover, i alle fall i Wisconsin.

 

Eg har oppdaga ein Webside der eg mellom anna finn:

 

* Kartet frå Jefferson township, Vernon Co., WI frå 1915: http://www.historicmapworks.com/Map/US/79518/Jefferson+Township++Springville/Vernon+County+1915/Wisconsin/

 

* Kartet frå Canton township, Buffalo Co., WI frå 1877: http://www.historicmapworks.com/Map/US/1256462/Canton+Township/Buffalo+and+Pepin+Counties+1877/Wisconsin/

 

* Kartet frå Dunn township, Dane Co., WI frå 1873: http://www.historicmapworks.com/Map/US/475818/Dunn+Township++Mac+Farland++Lake+Kegonsa++Lake+Waubesa/Dane+County+1873/Wisconsin/

 

MEN, eg finn ikkje att karti frå Vernon og Crawford Counties frå 1870-talet, som eg veit eg har sett på før.  Kan nokon hjelpa meg finna dei?

 

Som me ser av dømi over, kan desse zoomast inn og detaljstuderast!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Inger og Sven for nye innlegg!

 

Eg har heller ikkje greidd å finna noko i samlingi som Inger refererer til, som hjelper meg med dei eldste karti frå Vernon og Crawford Cos., WI.  Og kartet som Sven nemner, har eg òg finne, men om ein ser nærare på dette kartet, manglar det alle dei naudsynte detaljane som kjem fram i dei eksempli som eg har nemnt i Innlegg #1...

 

Om ein tek for seg desse township-karti, section for section, kan ein følgja «gardssoga» eller, om ein vil, «farmsoga» til kvar einaste farm!  Interessant forsking i mine auge!

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand i freistnadane på å finna dei «rette» karti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel slike kart du ser etter:

image.thumb.jpeg.20633cbfe23fc69d78dbaf3251ca9004.jpeg

 

Jeg har funnet mange av dem fra Nord-Dakota og Minnesota, men ikke lett i Wisconsin.

 

Dette er funnet på adressen:  http://www.rootsweb.com/~usgenweb/nd/walsh/maps/1893plat.  Kartet er fra nordvestre hjørne av Dundee twsh, Walsh county.

 

mvh Per Tore Solheim

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Per Tore for siste innlegget!

 

Jau, det er nettopp slike kart eg ser etter.  Hadde me berre finne dei att for dei etterlyste områdi i Wisconsin...

 

Eg freista forresten å klikka på linken din, men fekk berre feilmelding!  No er vel «Rootsweb» lagt ned eller gått inn i ancestry.com?  Eg har søkt etter kart hjå ancestry, men ikkje finne noko so langt...  Kanskje eg ikkje har leitt på rette staden...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjeldeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Anne-Lise for siste innlegget!

 

Kartet frå 1896 har eg òg sett tidlegare, og det inneheld mange spennande detaljar!  Det som ofte kan vera so kjekt med desse karti, er at me kan samanlikna kart frå ulike periodar, og gjennom grunnbøkene kan me finna ut kva tid farmane skifte eigar...  Grunnbøker i dette området er svært systematisk oppbygde etter seksjonsnummer i kvart township!  Det er spesielt utviklingi melom 1860 og 1900 som er spennande - og ei vanskeleg og utfordrande tid å arbeida med.  Her kan ein faktisk skriva ei gards- og ættesoge for «det norske Amerika»!

 

Eg vonar framleis at dei detaljerte karti frå 1878 for Vernon og Crawford Cos., WI kan finnast og takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.