Jump to content
Arkivverket

LØYST: Nils Olson og Christi Nilsdotter - gardbrukarar på Hage i Fusa, Os 1816 - men kven var dei? - finn dei ikkje vigde!


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei gamal utfordring som det kanskje no kan vera mogeleg å løysa?

 

Eg syner til følgjande barnedåp frå Os prestegjeld i Hordaland: https://media.digitalarkivet.no/view/11623/15

 

Nils Nilsson, fødd 15.10., døypt 18.10.1816 - son av Nils Olson og Christi Nilsdotter, gardbrukarar på Hage.

 

Men etter å ha søkt vigselsregisteret i Brukarforum finn eg ikkje vigsli for desse foreldri nokon stad i distriktet!

 

* Kva gard var Nils Olson fødd og oppvaksen på?

 

* Kva gard var Christi Nilsdotter fødd og oppvaksi på?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #3:

 

Hjartelegtakk til Sven for eit spennande innlegg!

 

Denne vigsli fann eg ikkje då eg søkte.  Kanskje treng eg nye brillar?

 

Uansett so er det nok dette «rette» folki, men det er vanskeleg å lesa stadnamni: https://media.digitalarkivet.no/view/11623/118

 

Ho heiter tydeleg Gjerdevig, men han...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å løysa denne gåta!

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ho heiter tydeleg Gjerdevig, men han...?

Øvstue? (Øvsttun?)

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

No ser eg det står Øpstad på Nils Olson ved vigsli, og eg finn han på Øvstad i FT1801, som tenestedreng: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058380004026

 

Men var han verkeleg fødd og oppvaksen på denne garden, eller hadde han namnet i 1816 sidan han då var tenestedreng på garden?

 

Eg finn eller Gjerdevik som matrikkelgard i Fusa, men ikkje før i 1920!  I 1801 ser eg berre Gjerde som gardsnamn, og der var det ingen Christi Nilsdotter!

 

Eg er overhovudet ikkje kjend i Fusa og absolutt «forvirra», so no vonar eg at kanskje nokon med lokal kunnskap eller eventuelt gjennom vidare søk i bygdeboki kan gje meg eit svar på spørsmåli mine frå Innlegg #1 over...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Det var to Gjerdevik-gårder, Øvre og Nedre Gjerdevik (gnr 29 og 30)

Kristi kom fra Nedre Gjerdevik, hun var datter av Nils Hansen og Kristi Monsdtr Storli ( c 6 ) https://www.nb.no/items/638162baaef7043997323b9710d633f8?page=471&searchText=strandvik

bilde.png.20b139e68721a55921962cb59e54d40a.png

 

Her er de i FT-1801 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058380003308,

uten Kristi-

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for supre og utfyllande innlegg!

 

Her er manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Hermundsdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 14.10.1820,

Anna Hermundsdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg der 12.4.1852 med Nils Nilsson frå Hage i Fusa, Os, i Bergen kjend som Nils Nilsen.  Han var son av gardbrukar Nils Olson på Hage, opphavleg frå Øpstad, og kona Christi Nilsdotter frå Gjerdevik nedre og f. i Fusa, Os 15.10.1816.  Nils Nilsen var dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Søndre Blegevei der Nils d. alt 23.10.1856.  Anna Nilsen flytte sidan til Bagersmuget i Sandviken i Bergen der ho d. 16.10.1884.  Nils og Anna fekk to døtrer i lag:

a. Christine Hermine Nilsen, f. i Bergen 13.9.1853, d. som enkje i Sandviken i Bergen 12.4.1894.  Ho gifte seg i Bergen 16.12.1877 med Henrik Johan Johannessen frå Bergen, f. i Bergen 26.1.1849.  Han d. som handelsborgar i Sandviken, Bergen 21.6.1890.  Henrik Johannessen var møllesteinhoggar og sidan møllarmeistar, medan Christine som enkje var butikkdame.  Dei budde i Sandviken i Bergen.  Dei var barnlause, men tok til seg ein pleieson.

b. Monsine Andrine Nilsen, f. i Bergen 11.5.1856, d. ugift i Bergen 21.7.1875.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er soleis løyst, og eg er kjempenøgd!

Link to post
Share on other sites
  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Nils Olson og Christi Nilsdotter - gardbrukarar på Hage i Fusa, Os 1816 - men kven var dei? - finn dei ikkje vigde!

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.