Gå til innhold
Arkivverket

Martin Johannesen, Fjell


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Ved folketeljingane i 1891, 1900 og 1910 finn me ein mann ved namn Martin Johannesen på staden Dverberg i Andenes, Nordland. Han var gift med Sofie Benjaminsdtr., ho fødd i 1867. Martin er fødd i Fjell prestegjeld, Hordaland. Han skulle vera fødd 23. juni, men kva år er noko uklårt. Nokre stader står det 1853, andre stader 1856. Ved folketeljinga i 1865 bur det ein gut i Fjell ved namn Andreas Martin Johannesen, 9 år gammal. Dette må vera denne Martin Johannesen som seinare flytta til Nordland. Alderen 9 år ville jo stemma godt med fødselsår 1856. Martin og Sofie får ganske mange barn, det ser ut til at eldstebarnet var Anna Marie, fødd i 1887. Så seint som i 1906 fekk dei barn, iallfall.

Mykje kan tyda på at (Andreas) Martin fekk ein gut utanfor ekteskap, i 1891 i Hordaland. I vaksen alder bar denne guten etternamnet Borge. Etterkommarane etter denne Borge har aldri forstått kor namnet Borge kom ifrå. Men det har altså eksistert eit prestegjeld i Lofoten med namnet Borge. Kan namnet Borge skriva seg herifrå?

Men det er mange andre spørsmål om denne (Andreas) Martin Johannesen. Me finn ikkje dåpen. Når flytta han nordover? Når og kor blei han gift med Sofie? Når døydde han?

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Andreas Johannesen Devig som blir far i 1891 er nok en annen mann...

 

Hordaland fylke, Fitjar i Fitjar, Klokkerbok nr. A 2 (1887-1906), Fødte og døpte 1892, Side 30
Permanent bilde-ID: kb20050816010755
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050816010755
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050816010755.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Sven. Du trakkar jo midt oppe i den aktuelle saka her. Den Borge eg nemnde, er altså identisk med denne Sivert Marthin som vert fødd i 1891. Mora veit me godt kven er (er ein litt fjern slektning av underteikna). Det store spørsmålet er kven barnefaren er. Devig-namnet er og heilt uforståeleg for etterkommarane. Men DNA-testar har altså gitt oss ganske klare spor. 

Men altså, når døydde denne Martin Johannesen i Dverberg i Nordland?

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det viser seg jo at eg tok feil der, det var altså Martines Johannesen, fødd i 1854, som flytta nordover, ikkje Andreas Martin Johannesen, fødd i 1857.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, då veit me at denne Andreas Martin døydde i 1924. No gjenstår det berre å finna året då Martines Johannesen (f. 1854) døydde.

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

då veit me at denne Andreas Martin døydde i 1906

Han døde i 1924

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Javisst, eg har retta mitt innlegg når det gjeld dødsåret til Andreas Martin. Men så har du altså funne ut at Sofie døydde først i 1951? Frå før hadde eg ei opplysning som gjekk ut på at ho døydde i 1917. Godt å få retta opp i det. Mystisk med dødsåret til "vår" Martines, alias Martin. Men mange takk for flott arbeid så langt til både Sven, Jostein og Lars!

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Mystisk med dødsåret til "vår" Martines, alias Martin.

Her er han i FT1920 :

 

Troms fylke, Ibestad, Statlig folketelling (1920-1920), Dokumentside, Side 8838
Permanent bilde-ID: fs10151707725791
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/fs10151707725791
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-fs10151707725791.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Frå før hadde eg ei opplysning som gjekk ut på at ho døydde i 1917.

Jeg fant også en drøss med slektstrær på MH som hadde 1917 som dødsår på henne, men jeg tror det må være denne det siktes til https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002078244

 

Da jeg søkte på et par av barna til Martin Johannessen  på nb.bo fant jeg ut at den ene var hjemmeværende datter på Hamnvik på Ibestad ved vielsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hallo Sven. No kom det nettop ein kar inn på banen her, som hevdar at Martines Johannesen og Martin Johansen er to ulike personar, dei skal altså vera brør, Martines fødd 28. juni 1854, Martin fødd 23. juni 1859. Men dette får eg ikkje til å stemma. Ifølge det som kom fram i vår diskusjon er Martines fødd 23. juni 1854. Eg har tolka det slik at denne Martin Johansen sitt eigentlege namn er Martines Johannesen, det er jo han som giftar seg med Sofie Benjaminsen i 1887. Så finn han på å endra namnet sitt til Martin Johansen seinare, det er nemleg det namnet som går att i alle familietrea til etterkommarane. Det må jo vera slik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Eg har tolka det slik at denne Martin Johansen sitt eigentlege namn er Martines Johannesen, det er jo han som giftar seg med Sofie Benjaminsen i 1887. Så finn han på å endra namnet sitt til Martin Johansen seinare, det er nemleg det namnet som går att i alle familietrea til etterkommarane. Det må jo vera slik.

Det er sånn jeg oppfatter det også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn foreldra Johannes Olsen og Marta Nilsdatter i folketeljingane i 1865 og 1875 med ganske mange barn, deriblant Marthines fødd i 1854, men ingen barn ved namn Martin, som skal vera fødd i 1859. Ein stad fann eg dette oversynet.

 

Skjermbilde 2021-03-14 kl. 22.51.38.png

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er foreldra til Martines 1854:

Johannes Olsen Vemmelvig (Vemmalvik) #19 – fødd 7/4 1820

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 12, 1816-1821, s. 92

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070508660382

 

Marta Nilsdtr (Haus-) Åsheim #58 – fødd 17/11 1819:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 12, 1816-1821, s. 78

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070508660368

 

Johannes (og Marta) I bygdeboka nr 68 og 76:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648552?page=303

 

Marta i bydeboka – nr 89n:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648552?page=229

 

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 1 i 1888 Anna Marie

 

Nordland fylke, Andenes i Dverberg, Ministerialbok nr. 899A04 (1881-1896), Fødte barn av dissentere 1881-1889, Side 80
Permanent bilde-ID: kb20060828090416
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828090416
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060828090416.jpg
 

 

Nummer 2 i 1890 Magnus Olai

 

Nordland fylke, Andenes i Dverberg, Ministerialbok nr. 899A04 (1881-1896), Fødte barn av dissentere 1889-1891, Side 81
Permanent bilde-ID: kb20060828090417
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828090417
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060828090417.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.