Gå til innhold
Arkivverket

Martin Johannesen, Fjell


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Hei Tore! Takkar for opplysningane du har funne. Denne Johan Andreas blei altså gift det året han flytta til Bergen, i 1899. Lurer jo på kor han blei av etter det. Finn han ikkje i folketeljingane i 1900 og etter det. Kan han ha emigrert til USA?

Så er det yngstemann Lars. Han gifta seg her i Norge i 1934, men emigrerte deretter til USA. Han fekk fleire barn, dei blei truleg fødde i USA. Han har etterkommarar i live idag.

Martin (f. 1854) flytta altså til Lofoten og har mange etterkommarar idag.

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Så er det yngstemann Lars. Han gifta seg her i Norge i 1934, men emigrerte deretter til USA. 

Det er vel ikke det som står i bygdeboken. Det står at han giftet seg og bodde på Nese gård i Fjell, og han døde i 1934.

 

Fra Fjell bygdebok bind 2 s 146, under Nese gård:

 

image.png.11cc38f2f0175bc1b4e2541914ec6483.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

49 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Denne Johan Andreas blei altså gift det året han flytta til Bergen, i 1899. Lurer jo på kor han blei av etter det.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000458894

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708050788

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002579922

 

https://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1424527

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til Tore, - her var det eg som blanda korta, er lei for det. Lars fekk altså 5 søner, den yngste, Johan, fødd i 1903, emigrerte. Sven (Hjortland) har jo hjelpt meg mykje med dette.

Men no byrjar andre brikker i denne farskapssaka vår å falla på plass. Då vår Sivert Martin blei fødd i 1891, skreiv dei i den eine kyrkjeboka at barnefaren heitte Andreas Johannesen Devig og i parentes «Øster». Dette med Øster har vore tolka som Oster, men Devig har vore ei gåte. Familien var altså opphavleg frå Dyvik på Osterøy, men flytta til Spjeld i Fjell rundt 1848. Og Johan Andreas blei jo fødd nett det året! Men i begge kyrkjebøkene står det at barnefaren er fødd i 1854, det året då broren Martines blei fødd. Martines blei gift i Lofoten, fekk mange etterkommarar der som får solide DNA-treff med etterkommarane til Sivert Martin her sør. Difor gjekk me lenge ut ifrå at det måtte vera Martines som var barnefaren. Men namnet i kyrkjeboka stemmer betre med Johan Andreas, som kanskje til og med kan vera fødd i «Devig» på Osterøya.

 

Kva skal me tru? Men kor blei det av Johan Andreas etter 1899??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Men kor blei det av Johan Andreas etter 1899??

 

11 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Jeg tror dette må være samme Johan Andreas.... Forskjellige fødselsår, men samme dato

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hallo Sven. Det ser altså no ut til at Johan Andreas, truleg berre kalla Andreas i vaksen alder, blei gift i 1899, seinare skilt, og døde 26.juni 1912. Men korleis levde han dei siste åra?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsfallprotokollen bekrefter at han var gift med Sofie Johannessen Spjeld.

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 9 (1910-1915), Dødsfallsprotokollside, Side 154
Permanent bilde-ID: sk20090611330156
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611330156
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611330156.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Johan Andreas i FT1900? En salig miks med fødselsår han opererte med i såfall...

 

Bergen fylke, Bergen, Statlig folketelling (1900-1900), Dokumentside, Side 21736
Permanent bilde-ID: ft20101203680655
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20101203680655
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft20101203680655.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva står det eigentleg i dødsprotokollen? Står det at han var 62 år? Dødsfallet meldt frå «Arbeidsanstalten». Etter det eg forstår, blei denne Arbeidsanstalten nedlagt same året, i 1912. Så står det namnet på kona. Kva står det under »Anmerkninger»?

 

DNA-treffa (ganske mange!) som me har tilgang til, er ikkje heilt eintydige. Det vil seia, det er heilt sikkert at ekteparet Marta Nilsdtr. og Johannes Olsen frå Devik på Osterøy er besteforeldra til Sivert Martin (fødd i 1891). Om barnefaren står det at han var ugift arbeider frå Devig, fødd i 1854. Namnet og opplysninga om at han var ugift, peikar mot denne Johan Andreas. Fødselsåret på barnefaren peikar mot Martin. Men Martin budde i 1890 definitivt i Lofoten, medan barnemora så og seia heilt sikkert budde i Sunnhordland, truleg Fitjar. Martinus, seinare kalla Martin, kan jo ha vore sørover ein tur i 1890, ettersom han var fiskar. Men er det sannsynleg? I og med at Johan Andreas truleg ikkje har (andre) etterkommarar i live idag, kjem me kanskje ikkje lenger enn dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det må jo vera vår Johan Andreas. Men det er jo voldsomt korleis fødselsåret varierer, her er han fødd i 1852. Me har funne både 1845, -47 og - 48. Eg meinte eg fann at han var både fødd og døypt i Fjell i 1848. Må sjå litt nærare på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kyrkjebok for Fjell fortel nokså eintydig at Johan Andreas blei fødd 23.september 1848 og døypt 1. oktober same året. Me må berre konstatere at det ikkje var så nøye med fødselsåret i dei tidene me snakkar om her. I tilfellet med Johan Andreas har me no mest alle årstala f.o.m. 1845 t.o.m. 1852. Og truleg har me årstalet 1854 i tillegg. Det kan vel tenkjast at barnefaren ved "tildragelsen" i 1890 har gjort seg litt yngre enn han var, kanskje har han sagt at han var midt i 30-åra?

Det kan no sjå ut som om meir og meir talar for at det er (Johan) Andreas som er den aktuelle barnefaren. Me ventar på resultatet av endå ein DNA-test, denne vil truleg vera klar om nokre veker. Treffa utifrå denne DNA-testen kan gi eit eintydig svar, men det er jo ikkje sikkert. Men fleire enn 2 kandidatar ser me no heilt vekk ifrå.

Det skal ikkje vera lett!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Hei Reidar og hjelpere,

 

Jeg leste denne tråden med interesse da min kone er tipp-oldebarn av Martines Johannessen/Martin Johansen. Det ser jo absolutt ut for at (Johan) Andreas Johannessen er den "skyldige" her - den biologiske faren til Sivert Martin Borge. Apropos etternavnet Borge, så ser jeg at Siverts mor bor på gården Berge i Bømlo (Bømmel sokn) ved folketellingen i 1875. Kan det være en sammenheng i Berge/Borge? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052268002758

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.