Gå til innhold
Arkivverket

Folk frå Sogn til Lofotfisket.


Rune Le
 Del

Recommended Posts

Frakta folk frå Sogn båtane sine opp til Lofoten for å nytta dei der?  Hadde dei båtane sine ombord i større fraktebåtar eller rodde dei av og til heilt til Lofoten? Eg tenkjer på like etter år 1900.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

32 minutter siden, Rune Le skrev:

Frakta folk frå Sogn båtane sine opp til Lofoten for å nytta dei der?  Hadde dei båtane sine ombord i større fraktebåtar eller rodde dei av og til heilt til Lofoten? Eg tenkjer på like etter år 1900.

Det var vel ikkje så mange (små)båtar frå Sogn som deltok i Lofoten?

Men nokon var det kanskje, og dei segla vel. Eller så kan dei også (delar av strekket) fått "haik" med ein dampbåt.

Det var ikkje så uvanleg at dampbåtar (fiskebåtar og andre) tok mindre båtar utan motor på slep (rimelegvis mot ei viss godtgjersle).

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Det går framleis gjetord om husmann og fiskar Søren Skjolden i Luster som for om lag 150 år sidan rodde sin eigen båt frå Skjolden og like til Lofoten, og attende.  Og når han vart «for gamal» til det og slutta med fisket, hogde han opp båten og nytta materialane til å byggja på husmannsstova si på Skjolden.  Denne stova med mange skeive bord står framleis på Skjolden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #4:

 

Det går framleis gjetord om husmann og fiskar Søren Skjolden i Luster som for om lag 150 år sidan

 

150 år sidan vert om lag 1870. Det er vel 30 år før det som vart spurt etter her, og på dei 30 åra skjedde det svært mykje i kystflåten. 

På Sunnmøre kom det første fiskedampskipet i 1879 (dvs. det var eit forsøk i 1870, men dei ga opp). I 1900 var det 20.

I 1870 var det knapt ein båt med dekk. I 1900 hadde dei fleste dekk.

 

At det gjekk gjetord om Søren kom vel kanskje av at han var den einaste?

Elles trur eg nok han segla det meste av vegen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et tips om litteratur.

 

Høgskolen i Volda har dette emnet:

HI212 Kystkultur og kystsamfunn

 

Emnet gir en innføring i norsk kysthistorie med hovedvekt på perioden fra ca. 1850 til i dag. Fokus ligger på endringsprosesser i kystkulturen i denne perioden, samt utviklingen av ulike maritime næringer og kystens lokalsamfunn. Norskekysten er mangfoldig, og lokale og regionale historiske variasjoner vil bli drøftet, samtidig som vi i enkelte sammenhenger vil se utviklingen i et internasjonalt perspektiv. Kulturperspektivet innebærer at vi tar opp emner som tradisjon, etnisitet, religiøse forhold og kjønn, samt kystkulturens betydning for identitet og frivillig engasjement. Kystens lokalsamfunn spenner fra spredt gårdsbosetning til større byer, men omfatter også spesialiserte kystsamfunn som uthavner og fiskevær. Utviklingen av tradisjonelle kystnæringer som fiske og sjøfart vil bli tematisert, men i emnet studerer vi også utviklingen av nyere maritime næringer som oljeindustri, havbruk og kystturisme. Det økende presset på ressursene mot vår tid blir også drøftet. 

 

Her er link til pensumlisten for dette faget:

https://bibsys-uv.alma.exlibrisgroup.com/leganto/readinglist/lists/2790137230002220?institute=47BIBSYS_HVO&auth=SAML

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.